Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

tirsdag 29. november 2011

Eg skal plukka dine drømmar til bakken blir bar...

Kaizers Orchestra har ein av dei nydelegaste melodiane eg har høyrt på lenge.
"Drøm videre Violeta" har ei fantastisk tekst som gir meg gåsehud kvar gong eg høyrer ho, og ein heilt nydeleg melodi.

Kaizers er vel kanskje mest kjend for oljefat, trøorgel og gassmaskerock. Men "Drøm videre Violeta" gav meg eit nytt syn på bandet. Mykje bra musikk berre ein set seg ned å høyrer litt.



Hands up. Pengene eller livet
Du stod og måtte telle til hundre
Og du såg mellom fingrane dine
Eg låg og lurte ein time i sivet
Om kvelden var du oppe på loftet og sang
månen var full og me ulte på han
Nettene var korte og dagen var for lang...
Det var magiske timer me hadde sammen den gong

Og du heiste meg til skyene og enda lenger opp
Eg var din akrobat og eg dalte alltid rett inni armane dine
Me måtte vert sommarfuglar om me skulle ha følt oss friare
Og far sto og smilte og vinkte ner på bakken og såg
Det var den gong då, me har det ikkje sånn lenger nå

Me dele på en hemmelighet. Drømmane dine som me grov ner.
De vokser opp av bakken når det regner ned...
Eg ser det på deg frå mi seng, drømmer som vokser som ei blomstereng
Ein heilt spesiell og vakker dag, spring eg over gjerdene alt eg har
Eg kommer til å plukka dine drømmar til bakken blir bar

Og du heiste meg lenger og lenger og lenger opp og enda lenger opp
Eg var din akrobat og eg dalte alltid rett inni armane dine
Me måtte vert sommarfuglar om me skulle ha følt oss friare
Og far sto å smilte og vinkte ner på bakken og såg
Det var den gong då, me har det ikkje sånn lenger nå

Eg vil ha det sånn eg hadde det
Du gjorde det umulige
Du ga meg følelsen at alt kunne skje
Det var kaniner i hatten, eg venta på elefanten

Du drog på kaniner opp av hatten
Eg sto og venta på elefanten

torsdag 24. november 2011

Startskot for nedvask...

Eg er ingen tilhengar av fullstendig nedvask av heile huset til jul. Berre litt støvtørking og grundig golvvask. Men i år har eg sett meg det målet å vaske ned kjøkken og stove.

I vinter som var hadde me skrudd ned trekken på ovnen på stova og reist på besøk...då me kom heimatt var stova grå av røyk. Ovnen hadde stått og puffa inn ei stund, så stova lukta bål... Har vaska vindua i stova og dei var SVARTE av sot...

Så i dag gjekk startskotet. Starta på kjøkkenet med å rydde ut av "rote"skapet vårt. Der alt som du ikkje treng men ikkje vil kaste ligg. Har ikkje skuffer til slikt, så alt endar enten i det skapet eller på kjøleskapet. Irriterande å ikkje greie å få system på slikt rot!

Har ein plan om å ta vekk eit vitrineskap og sette inn ein skjenk i staden. Då vert det litt meir skuffeplass. Men då må eg til å male veggane, og då vil eg male kjøkkeninnreiinga, og då må eg ta ned alle listene og male dei...huff så leitt?? ;)
Må ha eit prosjekt å henge fingrane i. Kjøkkenet står fyrst i køa, ja. Pussa opp soverommet vårt tidlegare i haust. Det vart veldig fint. Kjenner at eg har lyst å starte på neste rom...

Jaja. Enn så lenge skal det berre få ein tøtsj av grønsåpe... Bør vel ikkje starte på slike prosjekt rett inni jula... :)

Jepp jepp. Nok prat, meir handling! Tilbake til kluten og såpa!

onsdag 23. november 2011

Det e brore min also...


So når dokke no ser meg i lag med ein mann på tett på 2 meter, som IKKJE er Asgeir, so er det broren min also :)

Må no berre formidle at han skal flytte heim til Ørsta etter 20 å nokre år i Sverige. På tide spør du meg. Fått seg jobb her og greier. Kjempegreier! Synst det er kjekt eg. Å endeleg få storebroren min heimatt :)

Velkomen heim Bollis!! :)

onsdag 2. november 2011

Admiralen

Har ikkje vore nye innlegg her på LENGE...har rett og slett ikkje gidda. Men eit lite kjapt eit skal eg vel få til :)

Ein av fineversdagane forrige veke vart enda litt finare. Ein admiralsommarfugl låg på plenen og sola seg. Gjorde seg til for kamera. Dessverre var storekamera uten batteri, men trur kompaktkamera greidde å fange noko av det vakre med denne sommarfuglen.

I bedet står ei rosebusk i full blomst. På plenen blomstrar dei små kvite blomane som veks heile sommaren og i grøftekantane veks fargerike lupinar. I lag med Admiralen og dei flotte temperaturane som har vore, så vert tankane om haust og vinter fortrengde.

fredag 26. august 2011

Fiskedag i Ørstaelva

Under Naturfestivalen var me med på fiskedag for born i Ørstaelva. Sjølv om sesongen var over og elva var stengd, så fekk Ørsta JFF opna elva slik at borna fekk freiste fiskelukka i eit par tre timar. Det vart ikkje fangst på oss, men det vart landa både pjakk og krede lenger opp i elva.



Fiskedagen er obligatorisk for oss. Mary Ann er heilt frelst og det er ikkje langt unna med foreldra heller... Astrid og Sigrid viser ikkje same interessa heilt enda, men dei er med likevel for å lære. Skjønt lære og lære, kjekkare å posere for fotografen i staden :)

Til slutt er medlemmar i ØJFF ute med båt for å kaste not. Målet er å fange stamfisk som dei tek opp i kultiveringskar som stend på land. Slik er dei med på å sikre stamfiskstammen i Ørstaelva, og det aukar sjølvsagt interessa hos borna når dei får vere med å drage nota som dei fangar fisken i. Det vart nokre stamfisk i år og. Kom ikkje heilt attåt, så bilete fekk eg ikkje. Mary Ann var i allefall i djup konsentrasjon då nota skulle dragast inn.

Det er kjempekjekt med fiskedagen, og når me til og med får servert grilla laks når me er ferdige med fiskinga så kan ein vel ikkje få ein betre slutt på dagen. ØJFF gjer ein kjempejobb med å arrangere fiskedagen, og me håpar å kome igjen neste år og!

mandag 15. august 2011

Moltetur



I går var me på tur til Dalsbygda i Volda. Tussa har hytte ved Litlebøvatnet og me køyrde inn for å sjå etter molte.

Mykje var allreie plukka, mykje var ikkje mode og mykje var ikkje stengel på i det heile.
Viss eg legg godviljen til, så fekk me plukka 1,5 liter. Det skal vere til nydeleg moltekrem og heimelaga krumkaker til jul...NAM :)

Det var lite blåbær også. Det som var, var lite og surt. Til og med krekebær, som det brukar å vere flust av, var det lite å sjå. Trur surt og kaldt sommarver må ta mykje av skulda for det. Ein fin tur var det i allefall, om enn mykje vind!


Kongeørn



Fredag var me på tur på Bjønnaskaret. Der fekk me oppleve kongeørna på nært hald.
Ei flott oppleving som me fekk feste på film. :)

Ørna letta frå det som mest sannsynleg var eit sauekadaver, og vart sitjande lenge på ein stein før ho svevde vidare med eit imponerande vengjespenn!
Ho hadde selskap av ein raudrøv, men han sprang so fort eg rakk ikkje å knipse han.

lørdag 13. august 2011

Kva har skjedd???

Kvar er alle bloggane eg følgjer? Besøksteljaren min? Alle linkane? Alt i margane er vekk! Dei ligg på utforming av bloggen men viser ikkje når eg loggar meg på bloggen...

Er det slik for dokke som kjem inn på besøk og???

HJELP!!

onsdag 10. august 2011

Sommarferie 2011!

I år som i fjor skulle me på campingtur til Sverige. Me hadde lova jentene ein tur til Leksand sommarland ved Siljan med campingvogna til bestefar.

Det vart ikkje campingvogn, men vel ei veke låg me i telt. Me fekk nemleg eit heilt utruleg flott telt i bryllaupsgåve i fjor. Kjempestort og lett å slå opp. Jentene synest det var spanande å ligge i telt, kanskje litt for spanande når det HØLJEregna og torevêret sette i gong...

Første natta leigde me hytte på Bjorli. Me kom oss avgarde litt seint på dag, så fyrste etappe vart kort. Dagen etter fekk me oppleve vår aller fyrste bilsjuke unge...sei ikkje meir om det, anna enn at me frå no alltid har våtserviettar i bilen...


Neste stopp vart ved Femundtunet camping. Her slo me opp teltet og vart verande i to netter. Mary Ann ville prøve fiskelukka i Femunden, men det var for mykje vind til å fare utpå med kano. Humøret steig betrakteleg då bestemor og bestefar kom på besøk til oss på campingen. Dei vart med oss resten av turen også :)


Her fekk me også den uverkelege beskjeden om at Noreg er råka av terror. Eg må innrømme at eg tenkte; "bombe, javel. Det kan ikkje vere så mykje gale." Det vart så fjernt når ein ikkje hadde radio eller tv for hand. Lite visste eg då. Me fekk kome inn i peisestova på campingen og sjå nyheiter på tv. Då fyrst gjekk det opp for meg kor gale det faktisk var... Det såg verkeleg ut som om det var filma i Beirut eller Gazastripa, ei slik total øydelegging hadde eg aldri i min villaste fantasi turt å tenke på at skulle råke Noreg endå ein gong. Vantrua vart difor enda større då me fekk beskjed om at det var 10 drepne på Utøya, og talet steig... Det sette seg ei tung sorg i brystet den kvelden som ikkje kjem til å sleppe taket på lenge.
Eg må innrømme at eg følte meg litt utrygg i teltet vårt den natta.


Ferien vår gjekk vidare, sjølv om me hadde hendingane i Oslo og Utøya med oss heile tida.

Me kom oss til Mora i Sverige og det som skulle verte ei natt på Moraparken camping vart til sju netter. Me storkosa oss med bading, is, shopping, enda meir bading og soling. For me fekk eit fantastisk vêr. Gradestokken passerte 30 grader, og sola farga dei bleike kroppane gyldne. Utruleg deilig! Jentene storkosa seg heile ferien, og Mary Ann fekk seg til og med nye campingvener.


Turen heim gjekk i eitt. Me køyrde rett heim og var heime i 03 tida søndags morgon. Å legge seg i senga si etter vel ei veke i telt, var faktisk FANTASTISK!


Her er nokre av den MANGE bileta frå turen vår. Fleire kjem nok seinare :)










Ein ferie me ikkje kjem til å gløyme verken på godt eller vondt.

Varme tankar går til alle dei har misst og som er skadde etter tragedien i Oslo og Utøya

tirsdag 12. juli 2011

Æsj...

Får ikkje til bloggen slik eg vil...

Tek ferie til lysta og den evig fråverande kreativiteten min brått dukkar opp.

Ha ein henrivande sommar, med regn, tore og lyn og det som måtte fylgje med! :)

søndag 10. juli 2011

Vår fyrste bryllaupsdag, 10.juli 2011




Så er det eit heilt år sidan me endeleg sa ja til kvarandre. Det kjennes ut som om det var i går...


Dagen var heilt nydeleg og eg skulle gjerne opplevd han ein gong til :)



Fyrste bryllaupsdagen heiter papirbryllaup. Så det hadde vore kjekt om han kom med ein overraskande flybillett?....eller kinobillett?


Men eg hadde rett i mine bange anelsar, så eg måtte sørge for blomane sjølv... ;)




Elska dej Asgeir <3






onsdag 29. juni 2011

Du skal ikkje tru det vert sommar

Du skal ikkje tru det blir sommar, før vi jagar vinteren bort

og gjer slik at sola får skine, så det kan bli sommar litt fort.

Eg trollar så blomane blømer, og graset blir grønt kvar du går.

Ta av deg dei støvlane dine, eg sopte bort snøen i går.



Eg gjer mykje vatn i bekken som hoppar og brusar av stad.

Eg gjer fullt av svaler i lufta og myggar som svala kan ta.

Eg gjer nye lauvblad på trea, og fullt opp av fuglereir små.

Eg gjer himmelen vakker om kvelden, heilt rosa, med gullskyar på.


Og jordbær det gjev eg til barna, for det meiner eg dei skal få,

og andre små artige saker som passer når barna er små.

Så lager eg festlege stader der barna kan springe så lett,

og da blir dei fulle av sommar og beina av hopp og av sprett.



Tekst: Astrid Lindgren/Halldis Moren Vesaas


torsdag 9. juni 2011

Bil til sals...35000kr

Det er med litt tungt hjarte me skal selje godebilen vår... Me har kjøpt oss ny bil, så den gamle må vike.


Bilen er behandla med djup kjæleik. Vaska og polert med omtanke, oljeskifta med varsam hand, og slitedelar skifta med jamne mellomrom for å hindre slitasjegikt. Han er litt kjefta på, men det var ikkje alltid like rettferdig...sjåføren må også ta litt skuld av og til...


Han er ikkje gått så langt, berre 150000km, og til å vere ein eldre herre (1996 mod) er ikkje dette lange vegen! Det er altså mykje bil igjen for nokon som vil ta seg godt av han.


Litt teknisk info; bilen heiter VW Passat 1,9 TDI Court. 90hk, men chippa til 115 hk. Lite rust i karosseri, nettopp fått ny frontrute, ny startmotor, nye bremsecaliper og slangar bak.

Skifta støtdempara bak i fjor, nye styrekuler framme og nettopp justert forhjulstillinga.


Interesserte kan legge igjen kommentar med kontaktinfo.

tirsdag 31. mai 2011

Hjelp...?

Får ikkje logga meg på googlekontoen min når eg skal kommentere innlegg på andre bloggar. Kjem berre opp ny ordrebekreftelse og påloggingsvindu kvar gong. Dette gjeld kun dei bloggane som har ordrebekreftelse... Hjelp? Anyone?

torsdag 26. mai 2011

Ny jobb!!

For ei lita veke sidan dumpa det eit brev ned i postkassa vår:
Eg har fått 75% fast stilling som sjukepleiar i Ørsta kommune, Hjørundfjordheimen!

Det betyr at pendling i alt slags ver og føre utover til bya er snart over, og at den normale dagsrytma kan sige over kropp og sinn igjen. Det blir fantastisk deilig å sleppe å måtte bruke så mykje tid på å reise til jobb. Eg har likt meg veldig godt på Nevrohjemmet, men kroppen har gitt meg fleire og fleire signal på at nattarbeid ikkje er for meg. Skulle ta eit og eit halvt år før det sa stopp.

Eg er kjempeglad for at eg har fått med meg denne erfaringa, og eg har vorte kjend med mykje kjekke folk som eg heilt klart vil sakne. Men det skal jammen verte godt å sleppe pendlinga og nattarbeidet! :)

Eg har heile tida tenkt som so at jobben der ute ikkje er for alltid. Så eg har hatt mange snører ute i jobbmarknaden. Problemet er at det har ikkje nappa LITT ein gong! Så plutseleg. Siste to vekene fekk eg napp tre stadar, der to av dei kunne tilby fast jobb! Den eine i butikk... Litt vanskeleg å velge kva trode eg skulle sveive inn, men lønna og bodet om fast jobb vog sterkast, sunnmøring veit du ;)

Endeleg ordna det seg!

onsdag 25. mai 2011

Førskuledagar på Åmås friskule!

Tausa har vore klar lenge. Veldig lenge. Rosarusstida er over, og no er det kun skule som gjeld.

I tre heile dagar skal dei fem fyrsteklassingane vere ilag på skulen. Teikne, lese, skrive og oppdage.


Dei skal få heilt fersk lærar også, som ny og ubrukt står:) Ho hadde til og med gåve til alle elevane sine. Heilt nye forstørringsglas! Kjekt å fare på oppdagingsferd med lupe, ein ser so mykje spennande då!


Astrid Oline ville ikkje heim etter skuleslutt i går. Tårene spruta og hulka var høge, ho skulle ikkje tilbake til barnehagen nei! Det enda med at ho skulle vere med heim. Det var litt betre enn å fare til barnehagen igjen...

Kven sa skuleklar?


tirsdag 17. mai 2011

Hipp hurra for 17.mai!

Det vart ein våt dag for dei aller fleste i dag. Me kom oss tørrskinna gjennom barnetoget, men dråpane kom til slutt og dei kom fort! Asgeir som bar fane for Dalane skulekorps var drivande våt då han kom frå kyrkjebakken, eg og dei to minste rømde til bedehuset for å kjøpe is og kaffi;)

Så hadde Inge og Kristin invitert til restemiddag etter konfirmasjonen søndag. Det gjorde veldig godt! Så godt var det at Astrid Oline vart tannlausekjæring! Ei stolte taus so endeleg mysste tanna som har vore laus lenge! Endeleg klar til skule! ;)


Astrid Oline er rosaruss i år, og hadde fått rosa hue og t-skjorte med navnet sitt på. I tillegg hadde ho russekort å gi vekk og russeavis til sals :) No er dagen på hell og hua skal få seg ein fin plass på rommet.


Sigrid Marie var flink og gjekk nesten heile barnetoget. Litt sleta etter prestebrauta, så me fekk låne ei vogn siste stykket. Barnetoget gjekk veldig fort i år, og det var omtrent uråd å halde fylgje for små føter. Men pølse, is og brus gjorde susen for ein sleten liten kropp :)


Mary Ann spelte i Dalane skulekorps for fyrste gong på ein 17.mai. Dei har mange flinke musikarar og det let kjempebra! I folketoget gjekk ho lag med handballaget sitt, Åmdal jente 10!

Mary Ann og Emilie fekk gå på kino i lag også, så då var dagen redda ;)


Eg sjølv spelte i folketoget i år, for fyrste gong på snart 10 år. Follestaddal hornmusikk fekk skyss med traktor og hengar:) Tett på 20 musikarar var me på ein kjempelang traktorhengar. Blå uniformar, bjørk og norske flagg gjorde susen!

Litt utfordrande logistikk gjorde at traktoren og hengaren ikkje kom seg inn i Vikegata...der stod to lyktestolpar og eit tre i veia...men me kjaure nedste gata i staden, og det funka veldig bra!!


Så var det kaffi og kaker på Legene i lag med grendafolket. Ungane storkosa seg med fiskedam, is, brus og leik i barnehagen.



Sola har gløtta fram innimellom, men regnet sette sitt preg på dagen likevel...det var til og med nysnø ned i Vallahornet! Brr...


Me har i allefall kosa oss, sjølv om det no var godt å få av seg bunadane ;)

Korleis har dagen din vore?

onsdag 11. mai 2011

Eksamen!

Det er snart tid for eksamen igjen...bunadskjortestrykeeksamen...
I år har eg BERRE fire stykker å stryke. Mary Ann har vokse ut av bunaden sin og skal bruke korpsuniform 17. mai.

Men eg har juksa litt... For eg er allereie ferdig med å stryke!! JUHU!

Men me får no sjå kva som kjem på kroppen om ei veke...dersom temperaturen held seg over 20 grader, så er ein lett og luftig sommakjole og lys dress like interessant som bunad!

...vi får se vi får se...

Håpar på godt ver uansett, i helga er det nemleg konfirmasjon for Anders!
(og tante Marianne kjem frå Bergen med Ikea-stæsj til Astrid-rommet... :)

Aller fyrst er det tre netter på jobb... God natt...

torsdag 5. mai 2011

Livsfilosofien "Er det verdt det? Var det verdt det?"

Å leve i nuet, grip dagen og lev kvar dag som om han er den siste, er klisjeaktige livsfilosofiar som mange har høyrt om og kanskje lev etter. Eg har gjort meg opp nokre tankar i den siste tida, etter eit år med pendling etter nattevakter, tap av to kjære besteforeldre og ulike andre hendingar.

Korleis ville eg sjå tilbake på livet mitt når eg (forhåpentleg) vert gamal. Vil eg tenkje over alle dei dagane eg har gått rundt å irritere meg over bagatellar i heimen? Eller vil eg tenkje tilbake på alle dei gode dagane der me kosa oss i lag heile familien, gjorde kjekke ting i lag med ungane, og laga gode opplevingar? Eller vil eg angre på alt eg hadde lyst å gjere men som eg ikkje fekk gjort, eller alt dumme eg gjorde som eg angra på eg gjorde?

Spørsmåla er mange, og ingen kan gi meg noko fasitsvar.

Ein vel sjølv korleis ein skal leve sitt liv. Du sjølv har ansvaret for at livet vert slik du vil.
Eg har foreksempel valt å aldri prøve narkotika, eg har valt å ta høgare utdanning, eg har valt å sette ungar til verda, eg har valt å gifte meg. Slik har eg vore med på å skape trygge rammer i livet, ikkje berre mitt men for jentene, mannjen og resten av familien.

Eg har lett for å irritere meg over detaljar. Smular på golvet, rotete kjøkkenbenk, klehaugar på badet, leiker på stova, dårleg ånde, to-vekersskjegg, bråk frå ungane når ein ser tv...eg kan gi maaange fleire eksempel men stoppar der. For kva oppnår eg med å vere irritert til ei kvar tid? For det er stort sett heile tida eitt kvart ein kan irritere seg over.
Ein oppnår ingenting! Det einaste som skjer er at du tappar deg sjølv for energi, du vert sur og irritabel, alle rundt deg vert sure eller skyggar bana for å sleppe å verte høgde av og til slutt står du der med ei beisk kjensle av å vere eit surt vesen som ingen orkar å vere i lag med.

Dei aller fleste ektepar har sine diskusjonar og disputtar gjennom ekteskapet. Somme vel å gå kvar til sitt, andre vel å gå å hakke på kvarandre og gjere situasjonen enda surare og endå andre igjen jobbar seg gjennom krisene og kjem styrka ut som par.

For når en tenkjer nokre år fram i tid og ein kan sjå tilbake på eit langt liv, var det verdt det?
Var det verdt å vere irritert for alle bagatellar til stadigheit? Var det verdt å gi ungane det minnet at "mamma/pappa var alltid sur og irritabel", "mamma/pappa masa alltid om rydding", "var det verdt alle dei dagane me la oss med ryggen til når me eigentleg trengde ein god og varm armkrok"?

Nei, det er ikkje verdt det. Å gjere livet surt både for seg sjølv og dei rundt seg er ikkje verdt energien og kjensla ein sit igjen med etterpå, og ikkje minst dei negative minna ein sit igjen med seinare i livet.
Å lage gode opplevingar for seg sjølv og dei rundt seg er viktig både for trivsel og for å lage gode minner. At me som familie har gode minner å sjå tilbake på, at ungane hadde foreldre som let dei rote og leike seg men som sette klare grenser og at me som ektepar kan lage oss eit liv som me kan sjå tilbake på å seie; " ja det var verdt det" har vorte for meg ein livsfilosofi eg vil prøve å leve etter.

Gi deg sjølv tid til å kjenne etter: "Er det verdt det? Var det verdt det?"
Dersom du må seie nei, tenk over og revurder reaksjonsmønster og handlemåtar for å kunne ta tak og endre desse.
Dersom du kan seie ja, tenk over at; ja, eg har eit liv eg med glede kan sjå tilbake på.

Du kan gjere ein forskjell i ditt liv, gjer det no. Det er verdt det.

tirsdag 3. mai 2011

Gratulerer med dagen pappa!

I dag hadde pappa bursdag og heile familien var samla i Mosgeila til kaffi og kaker.
Janita si berømte marsipankake var sjølvskreven. Fylt med krem av ferske jordbær og pynta med resten...nam...

Eg har nattevakt igjen, og har stort sett sove vekk den fine mai-dagen, men fekk heldigvis med meg feiringa :)

GRATULERER MED DAGEN PAPS! Me sette utruli stor pris på deg! :)

mandag 2. mai 2011

Kom mai du skjønne milde...

Utsikt frå hagen vår.
Ein heilt nydeleg 1.mai i går baud til både kortebukse og t-skjorte. Litt kald nordavind var det, men i lune kråer var det skjere sommaren :)

Diverre brukte eg mykje av dagen på varetelling i lag med hornmusikken, men fekk litt sol på ettermiddag.


1.mai for meg er berre ein kjærkomen fridag. Eg er fagorganisert, men ikkje noko meir enn det. Eg er under middels interessert i både politikk og organisasjonsarbeid. Somme ristar kanskje på hovudet no, men eg har so mykje anna eg interesserar meg meir for som eg heller prioriterar.

Men heisar det norske flagget gjer eg!

Me feira svigerfar i går som fylte 68 år den 30.april. Svigermor diska opp med kaker og is. Herlig herlig :) ...sjølvsagt låg kamera igjen heime...


Som i mange andre hagar så er trampolina koma opp. Jentene storkosar seg. Spesielt Sigrid Marie har god nytte og trening med å hoppe. Me har ikkje sikkerheitsnett på trampolina av den enkle grunn at det er øydelagt. Kjem heller ikkje til å kjøpe nytt. Me har klare reglar for bruken, dei har ikkje lov å ha ting og tang oppå medan dei hoppar, og dei skal halde seg på midten slik at dei ikkje trakkar seg ned i fjørene. Eg synest dei kan lære seg til å bruke vett på trampolina, og ikkje stole blindt på at nettet hindrar skade. Ein har ingen garanti for at du ikkje dett på bakken sjølv om du har nett. Det har nemleg eg erfart!




Mary Ann og Astrid Oline flyg høgt over bakken i frydefulle svev :O)

Litt frå vår fyrste mai-dag. Kan vel ikkje verte stort betre enn dette :)

Korleis har dagen dykkar vore?

tirsdag 26. april 2011

Påskeferien over for i år

Og me prisar sommaren. For det var vel han som kom? Herleg med sol og varme. Eg vil tru dei aller fleste har kjent eit snev av klaustrofobi i løpet av dei siste 6 mnd. For all del, eg er veldig glad i snø, men til og med for meg vart det nok no :)


Me har hatt fri alle mann i påska, og me har kosa oss veldig. Vafler på altanen, grill, sykkel, trampoline og litt bursdag.


Asgeir fylte 35 år palmesøndag, og me hadde huset fylt med kakegjestar.




Det aller sværaste var vel påskeafta. Då pakka eg ungane i bilen, og tok med mormor på handletur. Då me kom heim, var Asgeir nett ferdig med nedvask på rommet til Astrid Oline. Ho skulle få nytt rom i bursdagsgåve med oss. Han hadde fora vindu, lista tak, golv, dør og vindu så alt var klart til innflytting.


Astrid Oline var veldig spent, og grugledde seg. Ho skulle ligge nede aleine for fyrste gong, sidan Mary Ann var på påsketur.


Då ho kom seg i seng vart ho veldig trist og sa, "ej vil egentli ikkje ha nytt rom". Stakkars jenta mi! Det reiv i mammahjertet då. Ho har alltid måtta dele rom med systrene, og alltid hatt nokon i lag med seg om natta, klart det vart skummelt å plutselig skulle sove aleine. Forstod ho godt eg...


Natta etter gjekk det litt betre, då låg Mary Ann vegg i vegg og alt vart litt tryggare. Eg trur nok det går betre etterkvart. Når tante Marianne får handle på Ikea til oss, så skal me gjere det enda betre på rommet med tepper og anna stæsj :)


Mary Ann var på skitur på Strynefjellet i helga. Pappa hadde leigt Kvitberghytta som ligg på andre sida av fjellet for Danskehytta. Der isfiska dei, laga skihopp, krangla med lemen og kosa seg i strålande sol. Ekte påsketur med andre ord.


No ser eg fram til meir vår, sol og sommar. Om tre veker er det konfirmasjon her på garden, då skal Anders stå for presten:) Må vel til å sjekke ut om alt av bunadar og skjorter passar;)


Det var litt frå påska vår. Korleis har du hatt det? :)

tirsdag 5. april 2011

Gratulerer med dagen Sigrid Marie!

I dag har likkjetausa vår endeleg bursdag! Ein dag som ho har sett fram mot i fleire veker. Laurdag fekk ho feire bursdag med barneselskap for fyrste gong. Det var stor stas, og ho kosa seg veldig! Ein fin gjeng 4-åringar som leika og kosa seg kjempefint i lag. I dag fekk ho med seg is og kanelsnurrar i barnehagen, og feira med flagg, krune og bursdagssamling. Det var ei strålande blid jente som kom heim frå barnehagen i dag. I natt skal ho få overnatte med Besta. Det såg ho veldig fram til. Eg skal på jobb og treng nokre timar på auget i morgon før det brakar laust med familieselskap. Då skal me feire begge jentene. Astrid Oline vert nemleg 6 år i morgon! Gratulerer med 4 årsdagen Sigrid Marie! Me er så veldig veldig glade i deg og så utruleg stolte av deg! Klem frå mams, paps og systene dine.

mandag 21. mars 2011

Sydentur...?

(bilde lånt frå ving.no)
Sitte på nett for leite etter DET tilbodet som gjer at eg endeleg kan bestille sydentur til sommaren.

Må sei eg er ikkje imponert over verken utval eller prisar frå Ålesund... Få destinasjonar og høge prisar gjer det litt vanskeleg for meg å velje Ålesund. Har eigentleg bestemt meg, sånn halvvegs, for å reise frå Oslo. Me må køyre i 6 timar, og me må betale for å parkere bil(det må me på Vigra også), men me får betre utval i reiser og betre prisar.

Akkurat no ser det ut for at det vert å reise til Bulgaria med Ving. Hellas er eit alternativ dersom eg finn rette staden. Har vore på Kreta og Lefkas tidlegare. Hellas har god mat og flotte strender, men Bulgaria ser veldig bra ut.

Astrid Oline er i allefall heilt klar til sydentur. Ho gret sine modige tårer på laurdag då besta og besti reiste til Gran Canaria. Ho VILLE vere med. :)

Når eg ser ut på ver og føre.....ingenting fristar meir enn å røme til varmare strok!

søndag 20. mars 2011

Nokon som kan hjelpe meg?

Prøva å "finne meg sjølv" på bloggen. Altså få den slik eg vil. Utan for mykje dill og dall, pynt og fjas men nok til at han er interessant for folk å lese. Vil ikkje ha ein kvit og fargelaus blogg, men vil ha litt fargar, grønt og lilla er favorittar.

Har prøvd å justere headerbiletet slik at heile biletet viser, men då forsvinn bloggtittelen. Skal eg ha bloggtittel, så blir biletet "halvt"... Kunne godt ha tenkt meg å ha fleire bilete i headeren. Har fått eit tips tidlegare, men...inn ei øyre og utatt hi... Hjelpe meg? Anyone?

Så vil eg gjerne vite korleis ein skal sikre bileta på bloggen? Vannmerke dei eller copyrighte dei.
For det er ikkje greitt at folk brukar mine bilete utan løyve!

Nokon der ute som kan hjelpe ein trenøve som meg?? Eg slengjer berre eit ønske om hjelp ut i den store bloggverda og håpar på det beste.

Og det er alltid kjekt med ein kommentar på innlegga mine altså! :)

lørdag 19. mars 2011

GULL!!!

ENDELEG!! Åmdal trekkspelklubb tok gull i klasse gammeldansorkester i dag!
Dei arrangerer distrikstmeisterskap i trekkspel i Ulsteinvik denne helga.

Kjempeflott å ta gull i sitt eige DM!! GRATULERER!!! :)

fredag 18. mars 2011

Brudemarsj

Fekk film frå bryllaupet vårt her for litt sidan. Tenkte eg skulle dele brudemarsjen vår med dokke lesarar.

For å gi viglsa eit personleg preg hadde me fått Heidi, Kristina og Idar til å spele trekkspel til inngong, og Janita, Bernt Inge, Håkon og Follestaddal hornmusikk spelte til utgong.
Inngongsmarsjen heiter "Feldråka og trekkspelkaillen", er ikkje sikker på kven som har skrive han. Utgongsmarsjen heiter "Bruremarsj" av Jan Magne Førde. Veldig kjekt at systå ville spele opp i lag med Bernt Inge og Håkon

Giddaløyse å bloggtørke

Eg har vore lite aktiv i det siste ja. Har ikkje hatt ånda til å blogge. Tiltak å opne maskina for å skrive nokre velvalde ord...Ikkje har det skjedd stort heller.

Eller det vil sei...vinterferien som kom og gjekk med mykje besøk frå Bergen.
Me har endeleg byrja på rommet til Astrid Oline. Endeleg skal ho få sleppe det 6 år lange nomadetilværet.
Ei god veninne av meg fekk barn nr 4, gut nr 3 den 20. februar.
Eg har kjøpt nytt objektiv til kamera, 18-55mm.
Har vore mykje på ski, fleire flotte turar i nydeleg ver.
Jobb. Søkt ny jobb fått ja, måtte takke nei pga at eg ikkje fekk permisjon, søkt ny jobb igjen.
Krasja bil...ikkje min feil!!! Vart pårygga av ein stakkar som nett hadde teke lappen.
Tryna på ski, banka kroppen litt. Kjøpte skihjelm etter det...
Feira 30-årsdagen til ei god veninne.

Hmmm...hadde visst skjedd litt av kvart likevel ser eg :)

Hive med nokre bilete frå kameraet etter eg kjøpte nytt objektiv. :)

Her er Milla, dansk-svensk gårdshund, hunden til Inger-Hilde. (systa til Asgeir). SÅNN BOFS VIL EJ ME HA!!

Mini og Maxi kosa seg i snøen. Kjekt når eldste og yngste leika seg så fint i lag. Iste-selskap;)

Eg og pappa på skitur på Barstadheida. Utsikt mot Veirahaldet.

Papsen slikka sol. Kul kis :0)

Strålande vårsol og puddersnø! Kan det verte betre?? Det er herleg å leve sånne dagar!

tirsdag 22. februar 2011

Åmskaret 1,2 mil.


Sola skein frå klar himmel atter ein dag, og dagen måtte berre nytast utandørs.

Eg, Åse-Lill og vesle Oliver gjekk oss ein tur på Åmskaret. Bytta på å gå på ski og trille vogna. Det gjekk veldig bra å trille i løypa.

Mange lange blikk og oppmuntrande ord fekk me på vei utover. Ein kar som går på Åmskaret kvar dag, og som har gjort det i ein mannsalder sa det var fyrste gongen han hadde sett barnevogn der ute :)

Det var heilt vindstille i løypa, og like vindstille var det då me kom ut på skaret. Rett og slett nydeleg!
I dag har eg vore ein tur aleine ut på skaret. Meir vind i dag, så det var ikkje like triveleg å sitte med nista, men eg fekk i allefall trimmen :)
Godveret må nytast meda ein kan, det ryktast at regnet kjem på torsdag...

mandag 21. februar 2011

Nottane i vintersol :)

Søndag pakka me heile familien i bilen og reiste til fjells. Kl 10.10 var me komne i bilen og på vei fram på Eidet. Her snakka me ny rekord altså!!

Eg, Mary Ann og Astrid Oline rende på ski i trekket, meda Asgeir og Sigrid Marie kosa seg i sola. Sigrid Marie er ikkje heilt fortruleg med å ha ski på føta enda. Håpar at ho etterkvart vil få like stor glede av ski som systrene sine.
Her har Asgeir og Sigrid Marie det heilt konge!

Opp i Nottane fekk me besøk av Åse-Lill, Runar og vesle Oliver. Tidleg krøkast skal han som god skielskar skal bli!



Sigrid Marie passar på at alt går rett føre seg og at Oliver får fred i vogna :)


Asgeir med Ørsta bak seg. Her er me på toppen av Nottetrekket.


Sol over Kvandalen og Snøhornet.
Herleg med slike dagar. Sola varma, men det vert betre og betre for kvar dag som går. Berre håpar på at påska vert like fin, at me ikkje brukar opp godveret no!



torsdag 3. februar 2011

3-dimensjonalt på Ørsta kino!


ÅH kor eg gler meg til søndag! Då skal eg og Asgeir på kino!

Storfilmen Avatar vert synt i 3D og eg var først ute å kjøpe billettar.


Filmen er eit praktverk av spesialeffekter, og har så mykje detaljar at ein oppdagar nye moment kvar gong ein ser han. Har sett filmen fire gongar og ser nye ting kvar gong! Spesialeffektene kjem desto meir til sin rett i 3D-format, og eg gler meg som ein unge til å oppleve det!


Blir nok ikkje klining i mellom stolrekkene dinna kvelden tenkje eg! ;0)

tirsdag 1. februar 2011

Ut på ski, alltid blid!

Det er alltid vanskeleg å finne ut kva ein skal kjøpe til ungar som har alt... Alt er gale uansett og i allefall ikkje det dei verkeleg har ønska seg... Til jul fekk jentene sesongkort på Bondalseidet, og det vart stor suksess!! Kvar veke har me vore på ski, opptil fleire dagar på rad, og det er eigentleg lite suring å spore.

I forrige veke derimot forlangde Astrid Oline å gå på vanleg ski. Jaja, tenkte eg, det skal verte meg ei sann fornøying...kan vel seie som so at eg var ikkje 100% optimist...

Men tausa gjekk på ski som ho aldri skulle gjort anna og smilet kunne gått heilt rundt hovudet hadde det ikkje vore for at øyrene var i vegen! Merkeleg tenkte eg...noko eg har gått glipp av i løpet av siste året? Kvar har ho lagt att brølet og tårene som brukar å kome når raua vert for tung og skisporet for nærgåande? Kvar er frustrasjonen som kjem når mora prøvar å øse av sin kunnskap om skigåing og teknikk(ikkje at den er så veldig god, men kjem meg meg både fram og tilbake).

Tausa tok i mot all hjelp ho kunne få, saug til seg lærdom, og vaks fleire cm når mora roste og jubla. Ekstra stas var det når det kom lange nedoverbakkar der aerodynamikken kunne utfordrast. God glid nedover og godt feste oppover er alfa og omega på skitur. Eg trur eg traff blink der.

I kveld er det ny skikveld. Veret er inga hindring, det er alltid betre ver på Eidet enn ned i Vik. Til og med eldste tausa vil på vanleg ski i dag. O glede!

Bør vel gå ut å rense og smøre oppatt skia...for no er det klisterføre...

Men det aller beste med skikveldane veit du kva det er? Å kunne ete kveldsmaten og drikke varm kakao enten i skibakken eller på varmestova. Det er skiglede det!



GOD TUR! :0)

mandag 17. januar 2011

Christoffer 18 år i dag!


Må no berre gratulere eldste tanteungen min med 18 årsdagen i dag. Verte dessverre litt langt å køyre heilt til Trollhättan for å ete kake, men me fe ta d igjen til sommaren! Ikkje sant Stoffe??

Lykke til med körkort og stæsja Volvo ;)

GRATTIS DÅ, STOLE DUTEN VÅLA! ;) ...hihihi...