Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

tirsdag 14. januar 2014

På tur til Snøhetta

Ein gjeng spreke, nokre litt mindre spreke(les;meg), men like fullt tøffe og artige damer har i eit par år hatt som mål å fare på fellesturar i Noreg. Me har eiga fb-side der alle kan kome med tips til turmål, og der er noko for ein kvar smak. I år gjekk turen til Snøhetta på Dovre. Noregs høgaste fjell utanom fjellkjede.

Fire damer brukte siste helga i haustferien på å gå i fantastisk storslått natur, i lag med reinsjegerar og en og annen moskus...Begge to kan vere fryktinngytande, men om du helde avstand eller smiler fint so går det som regel bra. :)

Fredagen gjekk me inn til den sjølvbetjente DNT-hytta Reinheim. Då me kom inn noko seint, slo me opp telt utføre for å ikkje forstyrre dei som låg i hytta og sov.

Laurdag skulle me gå til topps på Snøhetta. To av oss gjekk heilt opp, to av oss snudde eit stykke før toppen av div grunnar. Men det var ein gilde tur uansett, og me hadde eitt fantastisk ver, sjølv om det innimellom bles og snøva.

Her kjem ei lita bildekavalkade. 
 Snøhetta badar i haustsola
 Søs trenge ein styrketår før nedstiginga til hytta
 Ein lang og fin tur går mot slutten
 Vi vandrer med freidig mot. På vei til DNT-hytta Snøheim.
 Moskusland...Vakre haustfargar og flotte damer.
 Utsikt mot Stroplsjødalen og Reinheim
Snøhetta lever opp til namnet sitt...med snø på toppen.