Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!
Viser innlegg med etiketten Heimestrikka glede. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Heimestrikka glede. Vis alle innlegg

tirsdag 23. november 2010

Han vart ferdig før neste vinter-OL!!


Eg starta på ein OL-genser i vinter. Sist eg fekk meg heimestrikka genser var i 1993...den brukar eg enda...

Strikkinga starta eg med godt mot, og på fleire nattevakter sat eg med stive auger å strikka.

Det gjekk i grått...men så kunne eg endeleg byrje på mønstra. Den vart fole stramme og eg heiv frå meg heile prosjektet.

Så har det seg slik at eg har verdas beste svigermor, og med litt hjelp så SVOSJ og SVISJ og VIPS så fekk eg meg ny genser til vinteren! Herlig herlig!

Her er då resultatet, med eigenkomponert fargesamansetning. DEILIG!!!