Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

torsdag 31. januar 2013

Ein blåfrosen laksefiskar...

I kuldeperioden før jul, hadde eg meg ein tur langs Åmdalselva for å knipse nokre bilete. Hadde med meg revykollega Kjell Arne, og oppdraget var underhaldning til Skalkefesten. Teknikken ville sjølvsagt ikkje spele på lag 4.juledag, så me måtte droppe bildeserien som var tenkt. 

Men bileta har eg enda, og eg fekk mange blinkskot. Det var utruleg flott å sjå kor elva hadde frose til, og kor monge rare figurar som dukkar opp ut av rimet. 

Ein blåfrosen laksefiskar ved Skarehølen. Ser unekteleg noko "stiv" ut dinna karen!

Eg har ikkje gått langs elva anna enn der me eig sjølve. Dermed dukka det opp perler som for meg var ukjende. 
Sagfossi på Brautaset. Eit fantastisk lys som gjorde elva trolsk og mystisk.

Dette biletet er eg ekstra nøgd med, og det kan jammen hende det kjem på lerret i stova! 
Berre eg viser litt interesse for å redigere bileta... :)

2 kommentarer:

  1. Veldig gode bilete, begge to! :) Velkomen attende til blogglandia ;)

    SvarSlett
  2. Så nydeleg :) Hei, eg visste ikkje at du òg har blogg! :) Klart eg må følgje deg! :)
    I dag kan du lese om signeringa i Volda i Møre :)
    Sjølv takk for ein kjempekoseleg venninnefest. Det var så utruleg godt å få god tid ilag med deg og dei andre igjen. Som eg saknar dykk når eg bur så langt vekke! Heilt klart at vi må få i gong venninneturar :)
    Stor klem, Kristin

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)