For ei lita veke sidan dumpa det eit brev ned i postkassa vår:
Eg har fått 75% fast stilling som sjukepleiar i Ørsta kommune, Hjørundfjordheimen!
Det betyr at pendling i alt slags ver og føre utover til bya er snart over, og at den normale dagsrytma kan sige over kropp og sinn igjen. Det blir fantastisk deilig å sleppe å måtte bruke så mykje tid på å reise til jobb. Eg har likt meg veldig godt på Nevrohjemmet, men kroppen har gitt meg fleire og fleire signal på at nattarbeid ikkje er for meg. Skulle ta eit og eit halvt år før det sa stopp.
Eg er kjempeglad for at eg har fått med meg denne erfaringa, og eg har vorte kjend med mykje kjekke folk som eg heilt klart vil sakne. Men det skal jammen verte godt å sleppe pendlinga og nattarbeidet! :)
Eg har heile tida tenkt som so at jobben der ute ikkje er for alltid. Så eg har hatt mange snører ute i jobbmarknaden. Problemet er at det har ikkje nappa LITT ein gong! Så plutseleg. Siste to vekene fekk eg napp tre stadar, der to av dei kunne tilby fast jobb! Den eine i butikk... Litt vanskeleg å velge kva trode eg skulle sveive inn, men lønna og bodet om fast jobb vog sterkast, sunnmøring veit du ;)
Endeleg ordna det seg!
Gratulerer - har aldri forstått korleis folk kan orke å pendle så langt - men det er tydleg at mange må gjere det....
SvarSlettGratulerer så mykje :)
SvarSlettKjekke tider i møte trur eg :)
Eg var din vara, men rekna med du tok den ;)
Håper du kosar deg masse, med litt meir human arbeidstid. Reknar med du kjem til å merke ei positiv endring :)
Kjempegreier!! GRATULERER!!
SvarSlettSå bra, gratulerer så mykje! :D Lykke til i ny jobb :)
SvarSlettHipp hurra for deg, Asbjørg!! :D Gratulerer og lukke til!! Klem!
SvarSlettGratulerer! Har høyrt mykje godt om din nye arbeidsplass. Lykke til!:)
SvarSlett