Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

mandag 2. mai 2011

Kom mai du skjønne milde...

Utsikt frå hagen vår.
Ein heilt nydeleg 1.mai i går baud til både kortebukse og t-skjorte. Litt kald nordavind var det, men i lune kråer var det skjere sommaren :)

Diverre brukte eg mykje av dagen på varetelling i lag med hornmusikken, men fekk litt sol på ettermiddag.


1.mai for meg er berre ein kjærkomen fridag. Eg er fagorganisert, men ikkje noko meir enn det. Eg er under middels interessert i både politikk og organisasjonsarbeid. Somme ristar kanskje på hovudet no, men eg har so mykje anna eg interesserar meg meir for som eg heller prioriterar.

Men heisar det norske flagget gjer eg!

Me feira svigerfar i går som fylte 68 år den 30.april. Svigermor diska opp med kaker og is. Herlig herlig :) ...sjølvsagt låg kamera igjen heime...


Som i mange andre hagar så er trampolina koma opp. Jentene storkosar seg. Spesielt Sigrid Marie har god nytte og trening med å hoppe. Me har ikkje sikkerheitsnett på trampolina av den enkle grunn at det er øydelagt. Kjem heller ikkje til å kjøpe nytt. Me har klare reglar for bruken, dei har ikkje lov å ha ting og tang oppå medan dei hoppar, og dei skal halde seg på midten slik at dei ikkje trakkar seg ned i fjørene. Eg synest dei kan lære seg til å bruke vett på trampolina, og ikkje stole blindt på at nettet hindrar skade. Ein har ingen garanti for at du ikkje dett på bakken sjølv om du har nett. Det har nemleg eg erfart!




Mary Ann og Astrid Oline flyg høgt over bakken i frydefulle svev :O)

Litt frå vår fyrste mai-dag. Kan vel ikkje verte stort betre enn dette :)

Korleis har dagen dykkar vore?

3 kommentarer:

  1. E so kjekt med trampoline :D

    SvarSlett
  2. Hærleg med litt sol og varme endeleg, det fortena me.
    Me va heime og kosa oss, sykla til Sæbø og grilla nedi fjørå. Nydelege daga me he hatt no altså. Håpe d vare leeeenge.
    Du? Ka farge han Asgeir he på selane på bunade sin, forestn? E dei kvite?? Han he ØRstabunad, sant?

    SvarSlett
  3. Trur han he svarte....kjøpt på dressmann viss eg ikkje teke feil.

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)