Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

tirsdag 31. mai 2011

Hjelp...?

Får ikkje logga meg på googlekontoen min når eg skal kommentere innlegg på andre bloggar. Kjem berre opp ny ordrebekreftelse og påloggingsvindu kvar gong. Dette gjeld kun dei bloggane som har ordrebekreftelse... Hjelp? Anyone?

torsdag 26. mai 2011

Ny jobb!!

For ei lita veke sidan dumpa det eit brev ned i postkassa vår:
Eg har fått 75% fast stilling som sjukepleiar i Ørsta kommune, Hjørundfjordheimen!

Det betyr at pendling i alt slags ver og føre utover til bya er snart over, og at den normale dagsrytma kan sige over kropp og sinn igjen. Det blir fantastisk deilig å sleppe å måtte bruke så mykje tid på å reise til jobb. Eg har likt meg veldig godt på Nevrohjemmet, men kroppen har gitt meg fleire og fleire signal på at nattarbeid ikkje er for meg. Skulle ta eit og eit halvt år før det sa stopp.

Eg er kjempeglad for at eg har fått med meg denne erfaringa, og eg har vorte kjend med mykje kjekke folk som eg heilt klart vil sakne. Men det skal jammen verte godt å sleppe pendlinga og nattarbeidet! :)

Eg har heile tida tenkt som so at jobben der ute ikkje er for alltid. Så eg har hatt mange snører ute i jobbmarknaden. Problemet er at det har ikkje nappa LITT ein gong! Så plutseleg. Siste to vekene fekk eg napp tre stadar, der to av dei kunne tilby fast jobb! Den eine i butikk... Litt vanskeleg å velge kva trode eg skulle sveive inn, men lønna og bodet om fast jobb vog sterkast, sunnmøring veit du ;)

Endeleg ordna det seg!

onsdag 25. mai 2011

Førskuledagar på Åmås friskule!

Tausa har vore klar lenge. Veldig lenge. Rosarusstida er over, og no er det kun skule som gjeld.

I tre heile dagar skal dei fem fyrsteklassingane vere ilag på skulen. Teikne, lese, skrive og oppdage.


Dei skal få heilt fersk lærar også, som ny og ubrukt står:) Ho hadde til og med gåve til alle elevane sine. Heilt nye forstørringsglas! Kjekt å fare på oppdagingsferd med lupe, ein ser so mykje spennande då!


Astrid Oline ville ikkje heim etter skuleslutt i går. Tårene spruta og hulka var høge, ho skulle ikkje tilbake til barnehagen nei! Det enda med at ho skulle vere med heim. Det var litt betre enn å fare til barnehagen igjen...

Kven sa skuleklar?


tirsdag 17. mai 2011

Hipp hurra for 17.mai!

Det vart ein våt dag for dei aller fleste i dag. Me kom oss tørrskinna gjennom barnetoget, men dråpane kom til slutt og dei kom fort! Asgeir som bar fane for Dalane skulekorps var drivande våt då han kom frå kyrkjebakken, eg og dei to minste rømde til bedehuset for å kjøpe is og kaffi;)

Så hadde Inge og Kristin invitert til restemiddag etter konfirmasjonen søndag. Det gjorde veldig godt! Så godt var det at Astrid Oline vart tannlausekjæring! Ei stolte taus so endeleg mysste tanna som har vore laus lenge! Endeleg klar til skule! ;)


Astrid Oline er rosaruss i år, og hadde fått rosa hue og t-skjorte med navnet sitt på. I tillegg hadde ho russekort å gi vekk og russeavis til sals :) No er dagen på hell og hua skal få seg ein fin plass på rommet.


Sigrid Marie var flink og gjekk nesten heile barnetoget. Litt sleta etter prestebrauta, så me fekk låne ei vogn siste stykket. Barnetoget gjekk veldig fort i år, og det var omtrent uråd å halde fylgje for små føter. Men pølse, is og brus gjorde susen for ein sleten liten kropp :)


Mary Ann spelte i Dalane skulekorps for fyrste gong på ein 17.mai. Dei har mange flinke musikarar og det let kjempebra! I folketoget gjekk ho lag med handballaget sitt, Åmdal jente 10!

Mary Ann og Emilie fekk gå på kino i lag også, så då var dagen redda ;)


Eg sjølv spelte i folketoget i år, for fyrste gong på snart 10 år. Follestaddal hornmusikk fekk skyss med traktor og hengar:) Tett på 20 musikarar var me på ein kjempelang traktorhengar. Blå uniformar, bjørk og norske flagg gjorde susen!

Litt utfordrande logistikk gjorde at traktoren og hengaren ikkje kom seg inn i Vikegata...der stod to lyktestolpar og eit tre i veia...men me kjaure nedste gata i staden, og det funka veldig bra!!


Så var det kaffi og kaker på Legene i lag med grendafolket. Ungane storkosa seg med fiskedam, is, brus og leik i barnehagen.



Sola har gløtta fram innimellom, men regnet sette sitt preg på dagen likevel...det var til og med nysnø ned i Vallahornet! Brr...


Me har i allefall kosa oss, sjølv om det no var godt å få av seg bunadane ;)

Korleis har dagen din vore?

onsdag 11. mai 2011

Eksamen!

Det er snart tid for eksamen igjen...bunadskjortestrykeeksamen...
I år har eg BERRE fire stykker å stryke. Mary Ann har vokse ut av bunaden sin og skal bruke korpsuniform 17. mai.

Men eg har juksa litt... For eg er allereie ferdig med å stryke!! JUHU!

Men me får no sjå kva som kjem på kroppen om ei veke...dersom temperaturen held seg over 20 grader, så er ein lett og luftig sommakjole og lys dress like interessant som bunad!

...vi får se vi får se...

Håpar på godt ver uansett, i helga er det nemleg konfirmasjon for Anders!
(og tante Marianne kjem frå Bergen med Ikea-stæsj til Astrid-rommet... :)

Aller fyrst er det tre netter på jobb... God natt...

torsdag 5. mai 2011

Livsfilosofien "Er det verdt det? Var det verdt det?"

Å leve i nuet, grip dagen og lev kvar dag som om han er den siste, er klisjeaktige livsfilosofiar som mange har høyrt om og kanskje lev etter. Eg har gjort meg opp nokre tankar i den siste tida, etter eit år med pendling etter nattevakter, tap av to kjære besteforeldre og ulike andre hendingar.

Korleis ville eg sjå tilbake på livet mitt når eg (forhåpentleg) vert gamal. Vil eg tenkje over alle dei dagane eg har gått rundt å irritere meg over bagatellar i heimen? Eller vil eg tenkje tilbake på alle dei gode dagane der me kosa oss i lag heile familien, gjorde kjekke ting i lag med ungane, og laga gode opplevingar? Eller vil eg angre på alt eg hadde lyst å gjere men som eg ikkje fekk gjort, eller alt dumme eg gjorde som eg angra på eg gjorde?

Spørsmåla er mange, og ingen kan gi meg noko fasitsvar.

Ein vel sjølv korleis ein skal leve sitt liv. Du sjølv har ansvaret for at livet vert slik du vil.
Eg har foreksempel valt å aldri prøve narkotika, eg har valt å ta høgare utdanning, eg har valt å sette ungar til verda, eg har valt å gifte meg. Slik har eg vore med på å skape trygge rammer i livet, ikkje berre mitt men for jentene, mannjen og resten av familien.

Eg har lett for å irritere meg over detaljar. Smular på golvet, rotete kjøkkenbenk, klehaugar på badet, leiker på stova, dårleg ånde, to-vekersskjegg, bråk frå ungane når ein ser tv...eg kan gi maaange fleire eksempel men stoppar der. For kva oppnår eg med å vere irritert til ei kvar tid? For det er stort sett heile tida eitt kvart ein kan irritere seg over.
Ein oppnår ingenting! Det einaste som skjer er at du tappar deg sjølv for energi, du vert sur og irritabel, alle rundt deg vert sure eller skyggar bana for å sleppe å verte høgde av og til slutt står du der med ei beisk kjensle av å vere eit surt vesen som ingen orkar å vere i lag med.

Dei aller fleste ektepar har sine diskusjonar og disputtar gjennom ekteskapet. Somme vel å gå kvar til sitt, andre vel å gå å hakke på kvarandre og gjere situasjonen enda surare og endå andre igjen jobbar seg gjennom krisene og kjem styrka ut som par.

For når en tenkjer nokre år fram i tid og ein kan sjå tilbake på eit langt liv, var det verdt det?
Var det verdt å vere irritert for alle bagatellar til stadigheit? Var det verdt å gi ungane det minnet at "mamma/pappa var alltid sur og irritabel", "mamma/pappa masa alltid om rydding", "var det verdt alle dei dagane me la oss med ryggen til når me eigentleg trengde ein god og varm armkrok"?

Nei, det er ikkje verdt det. Å gjere livet surt både for seg sjølv og dei rundt seg er ikkje verdt energien og kjensla ein sit igjen med etterpå, og ikkje minst dei negative minna ein sit igjen med seinare i livet.
Å lage gode opplevingar for seg sjølv og dei rundt seg er viktig både for trivsel og for å lage gode minner. At me som familie har gode minner å sjå tilbake på, at ungane hadde foreldre som let dei rote og leike seg men som sette klare grenser og at me som ektepar kan lage oss eit liv som me kan sjå tilbake på å seie; " ja det var verdt det" har vorte for meg ein livsfilosofi eg vil prøve å leve etter.

Gi deg sjølv tid til å kjenne etter: "Er det verdt det? Var det verdt det?"
Dersom du må seie nei, tenk over og revurder reaksjonsmønster og handlemåtar for å kunne ta tak og endre desse.
Dersom du kan seie ja, tenk over at; ja, eg har eit liv eg med glede kan sjå tilbake på.

Du kan gjere ein forskjell i ditt liv, gjer det no. Det er verdt det.

tirsdag 3. mai 2011

Gratulerer med dagen pappa!

I dag hadde pappa bursdag og heile familien var samla i Mosgeila til kaffi og kaker.
Janita si berømte marsipankake var sjølvskreven. Fylt med krem av ferske jordbær og pynta med resten...nam...

Eg har nattevakt igjen, og har stort sett sove vekk den fine mai-dagen, men fekk heldigvis med meg feiringa :)

GRATULERER MED DAGEN PAPS! Me sette utruli stor pris på deg! :)

mandag 2. mai 2011

Kom mai du skjønne milde...

Utsikt frå hagen vår.
Ein heilt nydeleg 1.mai i går baud til både kortebukse og t-skjorte. Litt kald nordavind var det, men i lune kråer var det skjere sommaren :)

Diverre brukte eg mykje av dagen på varetelling i lag med hornmusikken, men fekk litt sol på ettermiddag.


1.mai for meg er berre ein kjærkomen fridag. Eg er fagorganisert, men ikkje noko meir enn det. Eg er under middels interessert i både politikk og organisasjonsarbeid. Somme ristar kanskje på hovudet no, men eg har so mykje anna eg interesserar meg meir for som eg heller prioriterar.

Men heisar det norske flagget gjer eg!

Me feira svigerfar i går som fylte 68 år den 30.april. Svigermor diska opp med kaker og is. Herlig herlig :) ...sjølvsagt låg kamera igjen heime...


Som i mange andre hagar så er trampolina koma opp. Jentene storkosar seg. Spesielt Sigrid Marie har god nytte og trening med å hoppe. Me har ikkje sikkerheitsnett på trampolina av den enkle grunn at det er øydelagt. Kjem heller ikkje til å kjøpe nytt. Me har klare reglar for bruken, dei har ikkje lov å ha ting og tang oppå medan dei hoppar, og dei skal halde seg på midten slik at dei ikkje trakkar seg ned i fjørene. Eg synest dei kan lære seg til å bruke vett på trampolina, og ikkje stole blindt på at nettet hindrar skade. Ein har ingen garanti for at du ikkje dett på bakken sjølv om du har nett. Det har nemleg eg erfart!




Mary Ann og Astrid Oline flyg høgt over bakken i frydefulle svev :O)

Litt frå vår fyrste mai-dag. Kan vel ikkje verte stort betre enn dette :)

Korleis har dagen dykkar vore?