(bilde lånt frå ving.no)Sitte på nett for leite etter DET tilbodet som gjer at eg endeleg kan bestille sydentur til sommaren.
Må sei eg er ikkje imponert over verken utval eller prisar frå Ålesund... Få destinasjonar og høge prisar gjer det litt vanskeleg for meg å velje Ålesund. Har eigentleg bestemt meg, sånn halvvegs, for å reise frå Oslo. Me må køyre i 6 timar, og me må betale for å parkere bil(det må me på Vigra også), men me får betre utval i reiser og betre prisar.
Akkurat no ser det ut for at det vert å reise til Bulgaria med Ving. Hellas er eit alternativ dersom eg finn rette staden. Har vore på Kreta og Lefkas tidlegare. Hellas har god mat og flotte strender, men Bulgaria ser veldig bra ut.
Astrid Oline er i allefall heilt klar til sydentur. Ho gret sine modige tårer på laurdag då besta og besti reiste til Gran Canaria. Ho VILLE vere med. :)
Når eg ser ut på ver og føre.....ingenting fristar meir enn å røme til varmare strok!