Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

tirsdag 1. februar 2011

Ut på ski, alltid blid!

Det er alltid vanskeleg å finne ut kva ein skal kjøpe til ungar som har alt... Alt er gale uansett og i allefall ikkje det dei verkeleg har ønska seg... Til jul fekk jentene sesongkort på Bondalseidet, og det vart stor suksess!! Kvar veke har me vore på ski, opptil fleire dagar på rad, og det er eigentleg lite suring å spore.

I forrige veke derimot forlangde Astrid Oline å gå på vanleg ski. Jaja, tenkte eg, det skal verte meg ei sann fornøying...kan vel seie som so at eg var ikkje 100% optimist...

Men tausa gjekk på ski som ho aldri skulle gjort anna og smilet kunne gått heilt rundt hovudet hadde det ikkje vore for at øyrene var i vegen! Merkeleg tenkte eg...noko eg har gått glipp av i løpet av siste året? Kvar har ho lagt att brølet og tårene som brukar å kome når raua vert for tung og skisporet for nærgåande? Kvar er frustrasjonen som kjem når mora prøvar å øse av sin kunnskap om skigåing og teknikk(ikkje at den er så veldig god, men kjem meg meg både fram og tilbake).

Tausa tok i mot all hjelp ho kunne få, saug til seg lærdom, og vaks fleire cm når mora roste og jubla. Ekstra stas var det når det kom lange nedoverbakkar der aerodynamikken kunne utfordrast. God glid nedover og godt feste oppover er alfa og omega på skitur. Eg trur eg traff blink der.

I kveld er det ny skikveld. Veret er inga hindring, det er alltid betre ver på Eidet enn ned i Vik. Til og med eldste tausa vil på vanleg ski i dag. O glede!

Bør vel gå ut å rense og smøre oppatt skia...for no er det klisterføre...

Men det aller beste med skikveldane veit du kva det er? Å kunne ete kveldsmaten og drikke varm kakao enten i skibakken eller på varmestova. Det er skiglede det!



GOD TUR! :0)

4 kommentarer:

  1. Åhhh det ser kjekt ut å gå på ski - her har vi milevis med løyper og no kjenner eg at det hadde vore rasande artig å fått seg ein tur:-)) Men i dag er det kviledag etter behandling på morgonen så vi får sjå i morgon.....
    Helene er lik meg ja men du verden ho har mykje av Brekkefolkjet og.

    Då Helene var 10-12 var ho heilt unik med tanke på husmorsyslar - ho var verkeleg til hjelp - ser no at den interessa kjem tilbake etter nokre år i dvale (les tenåringstida). Så berre la jentene få prøve og gi masse ros så har du hushjelper i mange år du:-))))

    God tur og klem

    SvarSlett
  2. Herlig!! Supert når heile familia kan ta turen i frisk luft, og alleer blide og nøgde. Så fint du skriv, forresten, skildrande. Og takk for fine kommentarar ;) Fortsatt god veke, håper det vert godt føre! klem

    SvarSlett
  3. Blir nesten misunnelig på skigleda her ut i snøfattige bya *smil*. Fole kjekt hørtes det i alle fall ut, og spesielt med kakao som avrunding. Perfekt!

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)