Eit lite livsteikn frå oss på tur. Me er på campingferie for förste gong, og me tok turen til Trollhättan for å besöke Odd-Börre.
Me har vore ei veke på vegen. Förste stopp på Hunderfossen, så reiste me vidare til Magnor-Charlottenberg og vidare til Trollhättan. Tenkje me startar turen heim på tirsdag, godt me nokre dagar heime för me skal til på jobb igjen.
Veret er so som so. I dag er det grått og trist, og eg höyrer at det er bra ver heime....hvilken tur...
Bilen har fått köyrd seg denne veka, og det resulterte i motorstopp på vei frå Årjäng til Trollhättan...no har me kjöpt nytt dieselfilter og skal få skifta det, så får me håpe at det gjer susen...viss ikkje ser det svart ut for heimreisa vår...Kryss fingrane!!
No er det straks pizzatid!! Bloggast seinare!!! :-)
- Gjengen framma dala
- Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!
søndag 25. juli 2010
torsdag 15. juli 2010
Vår fantastiske bryllaupsdag!
Med foreldre og svigerforeldre på kyrkjetrappa.

Flotte mannje min i sin flotte Ørstabunad!

Endeleg er me gifte!
En ta dei feitaste Mercedesane i bygda, Otto Jarle sto for brudebilen :-)
Dagen var heilt fantastisk! Alt klaffa heilt perfekt!
Tusen takk til Idar, Kristina og Heidi for inngongsmarsjen, tusen takk til Follestaddal hornmusikk for utgongsmarsjen og Janita og Bernt Inge med intro.
Tusen tusen takk til Maria og Anette for heilt nydelege songa i kyrkja. Me sat med gåsehud både eg og Asgeir!!
Tusen takk til Marit for ein kjempejobb som kjøkemeister! Du er PROFF!!!
Tusen takk til kokkane våre, Silje og Tore, for FANTASTISK god mat!
Tusen takk til alle gjestane våra som gjorde dagen vår heilt spesiell!!!
lørdag 10. juli 2010
Dagen er komen, laurdag 10.juli 2010!
I dag er dagen eg skal verte kone og Asgeir skal verte min ektemann.
Starta roleg med ein god frokost, og no ber det snart av stad til sparkel og pynt :-)
Alt er klart, difor har eg sove godt i natt!! Takk og pris for at eg elskar å skrive lister!!!!
Gler meg til å sjå den flotte mannen min i bunaden han fekk med meg, han vert HÆRRLI!!
No har eg ein time til berre kos heime i lag med familien, og den skal eg bruke til å puste djupt!
Ha ein fortreffeleg dag folkens, det skal eg ha!!!!!!!!!!!!!!!!! :-)
Klem frå BRUDA og BRUDGOMMEN!

mandag 5. juli 2010
Pause nei?
Fekk ei byge med skrivelyst, og tenkte at eg kunne dele litt av det som har skjedd i heimen siste tida. Me har ikkje berre tenkt bryllaup, det har vore tid til litt anna innimellom ;-)
Søndag for 14 dagar sidan var me på tur til Berkneset, der har Tussa eit naust med båt me kan låne. Båten er for tida under rehabilitering, men att med naustet er ei lita fin vik, med steinstrand og grillplass.
Kledde godt på ungane før me reiste heima. Det var kald vind og litt surt, men når me kom ned til sjøen var det faktisk VARMT! Ungane var ikkje seine å be når dei fekk lov å bade. Og dei heldt ut ei heil stund. Me grilla og kosa oss, fiska litt og sola oss. Ein heilt herleg søndag i lag med familien!
Så var det jonsokfeiring på ungdomshuset fram i Vassenden. Det er alltid like kjekt å kle seg ut!! I år var det prinsesser, draculadame, alpebudeie og indianerpikkolo:-)
søndag 4. juli 2010
Sommarferie = bloggferie
I desse midtsommarstider har hjerna mi teke ferie, og eg har som de ser, ikkje prioritert bloggen. Det har ikkje vore mangel på bloggstoff, tvert om, men det har vore lagt til sides ei stund.
10.juli nærmar seg med stormsteg!!! Det er allereie om ei lita veke!!!
Brudekjolen min er komen i hus, det same er dei nydelege kjolane til dei nydelege jentene mine, som sjølvsagt skal vere brudepiker :-)
Om eg har full kontroll står att å sjå, litt lause trådar er det endå...hender seg at eg får ei byge med angst og vert dårleg i magen...
Det er ikkje akkurat svaret i kyrkja eg har mest attelet på...
Eg ligg vel rett ut som ei skjeta tvåge fredag kveld ;-)
No ser eg fram til 5 veker sommarferie. Det skal verte godt å berre ta det heilt med ro, ikkje tenkje verken bryllaup, jobb eller skule. Ferielogistikken tek eg slik han kjem. Reknar med at bryllaupsreisa vår går til Hunderfossen :-)
Håpar at alle lesarane mine har ei fortreffeleg sommar. No tek eg enda meir bloggpause til bryllaupet er vel overstått ;-)

Abonner på:
Innlegg (Atom)