Etter to år ute, er eg no tilbake i jobb som sjukepleiar. Det vart heimetenestene i Volda kommune som trakk det lengste strået, og det er eg glad for. Kjekke kollega og god leiing gjer at dette er ein av dei betre plassane eg har jobba.
Ny jobb er alltid spanande, og mykje nytt skal lærast. Eg merkar at ting eg trudde eg hadde gløymt, kjem fort igjen og det er veldig kjekt å sjå. Då har eg faktisk fått med meg noko kunnskap!
Kjekt å byrje i jobb igjen i allefall! Blir peng i kassa av det også, og det er no absolutt ein bonus!! :-)
- Gjengen framma dala
- Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!
tirsdag 17. februar 2009
fredag 6. februar 2009
Nyfesen bloggar
Ja, so gjorde eg det eg alltid har sagt eg ikkje skulle gjere...eg skulle aldri lage blogg...
Det vart som vanleg berre med orda. Etter fleire runder innom fleire bloggar, har eg funne ut kanskje eg skulle prøve likevel. Det har eg no gjort. So får me sjå kvar vegen vidare går. Det blir ei spanande reise i eit hittil ukjent terreng for meg, og som kjent, vegen blir til når ein går han.
Eg håpar bloggen kan vere med på å oppdatere vener og kjende på kva me styrer med heime hos familien Mo Aam. Tek gjerne i mot tips og råd frå erfarne bloggarar. Er som sagt nyfesen bloggar!!
Håper at akkurat DU tek deg tid til å stikke innom frå tid til annan!!

Abonner på:
Innlegg (Atom)