Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

tirsdag 2. november 2010

Til minne om morfar og oldefar


Søndag 31.oktober fekk eg den ufatteleg triste beskjeda. Morfar er død.

Frukosten som var så koseleg smakte brått av salte tårer...

Gode snille morfar, tøysete og tullete oldefar. Det er uverkeleg at me aldri skal få sjå deg igjen. Aldri gode deg igjen, aldri få høyre den lune latteren din igjen. Det er så veldig veldig trist.

Du var alltid glad når me kom på besøk, og kom alltid ned på golvet for å leike med ungane. Det var stor stas for ungane at oldefar ville leike, og dei elska deg for det.

I lag med mormor fekk du gode år i flott leiligheit på "Likkje-Vartdal" på Prestegardsmarka. Det var som å kome inn i stova på Vartdal, sjøl om det var heilt nytt og annleis. Og sjølv om snikkarbuda måtte stå igjen på Vartdal, så hadde du garasje der ting vart ordna og fiksa når dokke flytta til Ørsta. Alltid stilte du opp når nokon trengde ei ekstra hand. Det var aldri nei i din munn når me spurde om hjelp, og me er veldig takksame for det.

Me sitte igjen med berre gode minne. Dei skal me ta vare på og ta fram når saknet vert for stort. Det vil verte ofte...

Me e so glade i deg morfar og oldefar. Me vil alltid huske deg.




5 kommentarer:

  1. Offa det e so trist når dei me e glade i døyr ifrå oss - føle med dokke og sende varme klemma. Ej var ikkje klar over at han var bestefar din - men ej viste godt kven han var. Ej kjende han ikkje men det gjorde Bjørn Malvin - dei jobba antageleg i lag ein gang. Uansett så var det alltid så fint å møte han etter at Bjørn Malvin vart sjuk - han var så levande oppteken av korleis det stod til med Bjørn Malvin og så var han så uredd å spørje. Han var ein god mann som brydde seg - og som eg forstår de vil savne....helse alle saman ein god klem frå meg

    jannetove

    SvarSlett
  2. Kor trist, Asbjørg. Det er nesten litt merkeleg den sorga som ein kjenner når dei eldste døyr frå oss, døden er ikkje unaturleg i alderdomen, men alikevel like trist. Kjenner med deg og dine. God klem

    SvarSlett
  3. Kondolera så mykje!

    Sender over en stor, god klem!

    SvarSlett
  4. Tenke so mykje på dokke, Asbjørg... Kjente sjølv na Oddvar, og han e nåke ta den hærligaste pensjonistperle ej he kjent! Alltid smilande og blide når en stoppa bilen på parkeringsplassen, tid og prate, og glimt i auå og fanta me alle ungane der oppe..favoritt nr 1....En vart alltid i godt humør berre ta å sjå na. Leah sakna na allereide, og sto so fint å kika på stjernene og sa "mamma? - der e stjerna has Oddvar...."
    He to små julenissa Leah fekk med han og Asbjørg til jul eit år,dei skal takast godt vare på:)

    Var sjølv i begravelsen i dag...Må berre få seie du var utruli flink Asbjørg!!! Trur ikkje det var ei auge so va torre, ette alle dei fine minneorda...Ta godt vare på kvarandre.... Gode klem:)

    SvarSlett
  5. For eit fint innlegg, Asbjørg... Har fått lære bestefar din å kjenne gjennom det glødande og brennande engasjementet han viste for alt rundt seg! Han var ein aktiv mann til det siste, vil eg tru, for det var ikkje mange dagane før han døde at eg traff han på butikken. Skjedde det brått, Asbjørg? Død er alltid verst å forsone seg med når det skjer uvnenta...

    Ta vare på dei gode minna - det må vere mange av dei!!!!

    PS! Såg deg og jentene dine i kyrkja på søndag. Er det du som har strikka dei flotte "Marius"-kjolane dei hadde på seg (trur det var dine jenter...)?

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)