I vinter som var hadde me skrudd ned trekken på ovnen på stova og reist på besøk...då me kom heimatt var stova grå av røyk. Ovnen hadde stått og puffa inn ei stund, så stova lukta bål... Har vaska vindua i stova og dei var SVARTE av sot...
Så i dag gjekk startskotet. Starta på kjøkkenet med å rydde ut av "rote"skapet vårt. Der alt som du ikkje treng men ikkje vil kaste ligg. Har ikkje skuffer til slikt, så alt endar enten i det skapet eller på kjøleskapet. Irriterande å ikkje greie å få system på slikt rot!
Har ein plan om å ta vekk eit vitrineskap og sette inn ein skjenk i staden. Då vert det litt meir skuffeplass. Men då må eg til å male veggane, og då vil eg male kjøkkeninnreiinga, og då må eg ta ned alle listene og male dei...huff så leitt?? ;)
Må ha eit prosjekt å henge fingrane i. Kjøkkenet står fyrst i køa, ja. Pussa opp soverommet vårt tidlegare i haust. Det vart veldig fint. Kjenner at eg har lyst å starte på neste rom...
Jaja. Enn så lenge skal det berre få ein tøtsj av grønsåpe... Bør vel ikkje starte på slike prosjekt rett inni jula... :)
Jepp jepp. Nok prat, meir handling! Tilbake til kluten og såpa!
Kor flink du er, Asbjørg! :) Skulle gjerne tilbudt meg å hjelpe deg, men du veit, må vel feie for eiga dør først... ka tid det no enn ska skje..;)
SvarSlett