Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

tirsdag 22. februar 2011

Åmskaret 1,2 mil.


Sola skein frå klar himmel atter ein dag, og dagen måtte berre nytast utandørs.

Eg, Åse-Lill og vesle Oliver gjekk oss ein tur på Åmskaret. Bytta på å gå på ski og trille vogna. Det gjekk veldig bra å trille i løypa.

Mange lange blikk og oppmuntrande ord fekk me på vei utover. Ein kar som går på Åmskaret kvar dag, og som har gjort det i ein mannsalder sa det var fyrste gongen han hadde sett barnevogn der ute :)

Det var heilt vindstille i løypa, og like vindstille var det då me kom ut på skaret. Rett og slett nydeleg!
I dag har eg vore ein tur aleine ut på skaret. Meir vind i dag, så det var ikkje like triveleg å sitte med nista, men eg fekk i allefall trimmen :)
Godveret må nytast meda ein kan, det ryktast at regnet kjem på torsdag...

mandag 21. februar 2011

Nottane i vintersol :)

Søndag pakka me heile familien i bilen og reiste til fjells. Kl 10.10 var me komne i bilen og på vei fram på Eidet. Her snakka me ny rekord altså!!

Eg, Mary Ann og Astrid Oline rende på ski i trekket, meda Asgeir og Sigrid Marie kosa seg i sola. Sigrid Marie er ikkje heilt fortruleg med å ha ski på føta enda. Håpar at ho etterkvart vil få like stor glede av ski som systrene sine.
Her har Asgeir og Sigrid Marie det heilt konge!

Opp i Nottane fekk me besøk av Åse-Lill, Runar og vesle Oliver. Tidleg krøkast skal han som god skielskar skal bli!



Sigrid Marie passar på at alt går rett føre seg og at Oliver får fred i vogna :)


Asgeir med Ørsta bak seg. Her er me på toppen av Nottetrekket.


Sol over Kvandalen og Snøhornet.
Herleg med slike dagar. Sola varma, men det vert betre og betre for kvar dag som går. Berre håpar på at påska vert like fin, at me ikkje brukar opp godveret no!



torsdag 3. februar 2011

3-dimensjonalt på Ørsta kino!


ÅH kor eg gler meg til søndag! Då skal eg og Asgeir på kino!

Storfilmen Avatar vert synt i 3D og eg var først ute å kjøpe billettar.


Filmen er eit praktverk av spesialeffekter, og har så mykje detaljar at ein oppdagar nye moment kvar gong ein ser han. Har sett filmen fire gongar og ser nye ting kvar gong! Spesialeffektene kjem desto meir til sin rett i 3D-format, og eg gler meg som ein unge til å oppleve det!


Blir nok ikkje klining i mellom stolrekkene dinna kvelden tenkje eg! ;0)

tirsdag 1. februar 2011

Ut på ski, alltid blid!

Det er alltid vanskeleg å finne ut kva ein skal kjøpe til ungar som har alt... Alt er gale uansett og i allefall ikkje det dei verkeleg har ønska seg... Til jul fekk jentene sesongkort på Bondalseidet, og det vart stor suksess!! Kvar veke har me vore på ski, opptil fleire dagar på rad, og det er eigentleg lite suring å spore.

I forrige veke derimot forlangde Astrid Oline å gå på vanleg ski. Jaja, tenkte eg, det skal verte meg ei sann fornøying...kan vel seie som so at eg var ikkje 100% optimist...

Men tausa gjekk på ski som ho aldri skulle gjort anna og smilet kunne gått heilt rundt hovudet hadde det ikkje vore for at øyrene var i vegen! Merkeleg tenkte eg...noko eg har gått glipp av i løpet av siste året? Kvar har ho lagt att brølet og tårene som brukar å kome når raua vert for tung og skisporet for nærgåande? Kvar er frustrasjonen som kjem når mora prøvar å øse av sin kunnskap om skigåing og teknikk(ikkje at den er så veldig god, men kjem meg meg både fram og tilbake).

Tausa tok i mot all hjelp ho kunne få, saug til seg lærdom, og vaks fleire cm når mora roste og jubla. Ekstra stas var det når det kom lange nedoverbakkar der aerodynamikken kunne utfordrast. God glid nedover og godt feste oppover er alfa og omega på skitur. Eg trur eg traff blink der.

I kveld er det ny skikveld. Veret er inga hindring, det er alltid betre ver på Eidet enn ned i Vik. Til og med eldste tausa vil på vanleg ski i dag. O glede!

Bør vel gå ut å rense og smøre oppatt skia...for no er det klisterføre...

Men det aller beste med skikveldane veit du kva det er? Å kunne ete kveldsmaten og drikke varm kakao enten i skibakken eller på varmestova. Det er skiglede det!



GOD TUR! :0)