I tre heile dagar skal dei fem fyrsteklassingane vere ilag på skulen. Teikne, lese, skrive og oppdage.
Dei skal få heilt fersk lærar også, som ny og ubrukt står:) Ho hadde til og med gåve til alle elevane sine. Heilt nye forstørringsglas! Kjekt å fare på oppdagingsferd med lupe, ein ser so mykje spennande då!
Astrid Oline ville ikkje heim etter skuleslutt i går. Tårene spruta og hulka var høge, ho skulle ikkje tilbake til barnehagen nei! Det enda med at ho skulle vere med heim. Det var litt betre enn å fare til barnehagen igjen...
For ei gode og fine jente du he - e slik stas med skulebonnj, rørande å sjå kor dei vekse når dei fe kome på skulen.
SvarSlettlykke te me skuljenta
jannetove
Såg ut som ho likte sej ja. Vart faktisk sittande å sjå på bildet ta dokke øvst på sida ilag med bildet ta ne Astrid øvst i innlegget, og såg kor like ho e dokke begge to på en gong...litt artig..
SvarSlettMå også berre få sagt at d he vore bra stas for hi døtra dokka også å få vere 6.klassing dinne veka. Trur d e ei so e temmeleg klar for neste år der me;-)
Hit eit steg, og dit eit steg..dansar eg fram på skuleveg.... :) Blir kjekt for ne å begynnde på skule, klar som ett egg! :)
SvarSlett