Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

torsdag 5. mai 2011

Livsfilosofien "Er det verdt det? Var det verdt det?"

Å leve i nuet, grip dagen og lev kvar dag som om han er den siste, er klisjeaktige livsfilosofiar som mange har høyrt om og kanskje lev etter. Eg har gjort meg opp nokre tankar i den siste tida, etter eit år med pendling etter nattevakter, tap av to kjære besteforeldre og ulike andre hendingar.

Korleis ville eg sjå tilbake på livet mitt når eg (forhåpentleg) vert gamal. Vil eg tenkje over alle dei dagane eg har gått rundt å irritere meg over bagatellar i heimen? Eller vil eg tenkje tilbake på alle dei gode dagane der me kosa oss i lag heile familien, gjorde kjekke ting i lag med ungane, og laga gode opplevingar? Eller vil eg angre på alt eg hadde lyst å gjere men som eg ikkje fekk gjort, eller alt dumme eg gjorde som eg angra på eg gjorde?

Spørsmåla er mange, og ingen kan gi meg noko fasitsvar.

Ein vel sjølv korleis ein skal leve sitt liv. Du sjølv har ansvaret for at livet vert slik du vil.
Eg har foreksempel valt å aldri prøve narkotika, eg har valt å ta høgare utdanning, eg har valt å sette ungar til verda, eg har valt å gifte meg. Slik har eg vore med på å skape trygge rammer i livet, ikkje berre mitt men for jentene, mannjen og resten av familien.

Eg har lett for å irritere meg over detaljar. Smular på golvet, rotete kjøkkenbenk, klehaugar på badet, leiker på stova, dårleg ånde, to-vekersskjegg, bråk frå ungane når ein ser tv...eg kan gi maaange fleire eksempel men stoppar der. For kva oppnår eg med å vere irritert til ei kvar tid? For det er stort sett heile tida eitt kvart ein kan irritere seg over.
Ein oppnår ingenting! Det einaste som skjer er at du tappar deg sjølv for energi, du vert sur og irritabel, alle rundt deg vert sure eller skyggar bana for å sleppe å verte høgde av og til slutt står du der med ei beisk kjensle av å vere eit surt vesen som ingen orkar å vere i lag med.

Dei aller fleste ektepar har sine diskusjonar og disputtar gjennom ekteskapet. Somme vel å gå kvar til sitt, andre vel å gå å hakke på kvarandre og gjere situasjonen enda surare og endå andre igjen jobbar seg gjennom krisene og kjem styrka ut som par.

For når en tenkjer nokre år fram i tid og ein kan sjå tilbake på eit langt liv, var det verdt det?
Var det verdt å vere irritert for alle bagatellar til stadigheit? Var det verdt å gi ungane det minnet at "mamma/pappa var alltid sur og irritabel", "mamma/pappa masa alltid om rydding", "var det verdt alle dei dagane me la oss med ryggen til når me eigentleg trengde ein god og varm armkrok"?

Nei, det er ikkje verdt det. Å gjere livet surt både for seg sjølv og dei rundt seg er ikkje verdt energien og kjensla ein sit igjen med etterpå, og ikkje minst dei negative minna ein sit igjen med seinare i livet.
Å lage gode opplevingar for seg sjølv og dei rundt seg er viktig både for trivsel og for å lage gode minner. At me som familie har gode minner å sjå tilbake på, at ungane hadde foreldre som let dei rote og leike seg men som sette klare grenser og at me som ektepar kan lage oss eit liv som me kan sjå tilbake på å seie; " ja det var verdt det" har vorte for meg ein livsfilosofi eg vil prøve å leve etter.

Gi deg sjølv tid til å kjenne etter: "Er det verdt det? Var det verdt det?"
Dersom du må seie nei, tenk over og revurder reaksjonsmønster og handlemåtar for å kunne ta tak og endre desse.
Dersom du kan seie ja, tenk over at; ja, eg har eit liv eg med glede kan sjå tilbake på.

Du kan gjere ein forskjell i ditt liv, gjer det no. Det er verdt det.

3 kommentarer:

  1. Bra innlegg om et viktig tema :)

    SvarSlett
  2. Det var til ettertanke ja. Lurt å tenke gjøna sånt av og til, so en ikkje går sej fast i et spor.

    SvarSlett
  3. Veldig bra skrive - mange gode tankar her. Me er alle forskjellige med forskjellig utgangspunkt og må sette måla våre utifrå eigne verdiar og behov. Kanskje er det av og til verdt det - å ta opp kampen og rett og slett bryte ut av det livet ein lever både for sin eigen del og for born - familie sin del. Men igjenn - kvar einskild burde stoppe opp å tenkje tankane dine innimellom.
    Lykke til med dine valg og ein god kveld:-)

    klem jannetove

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)