Bilen er behandla med djup kjæleik. Vaska og polert med omtanke, oljeskifta med varsam hand, og slitedelar skifta med jamne mellomrom for å hindre slitasjegikt. Han er litt kjefta på, men det var ikkje alltid like rettferdig...sjåføren må også ta litt skuld av og til...
Han er ikkje gått så langt, berre 150000km, og til å vere ein eldre herre (1996 mod) er ikkje dette lange vegen! Det er altså mykje bil igjen for nokon som vil ta seg godt av han.
Litt teknisk info; bilen heiter VW Passat 1,9 TDI Court. 90hk, men chippa til 115 hk. Lite rust i karosseri, nettopp fått ny frontrute, ny startmotor, nye bremsecaliper og slangar bak.
Skifta støtdempara bak i fjor, nye styrekuler framme og nettopp justert forhjulstillinga.
Interesserte kan legge igjen kommentar med kontaktinfo.
Grattis med ny, kondolerer med den gamle.. lukke til med salet! Takk for kommentar, gode du. God helg til deg og dine! Klem
SvarSlettHeia du, svara på kommentaren din her eg ;) Herlig på Flø, sjølv om sjøen er kald. Vi lurte også på å ta turen ut dit i dag, men var so godt å berre vere "i ro". Flø stende på lista over MUST i løpet av somaren! Huset som kjem for salg her i gata er absolutt ikkje aktuelt for oss, dessverre. Taksten ligg opp under 4 mill, og beliggenheita er dårleg (som om det siste var det avgjerande for oss, ha ha). Er på husjakt, men trivest her og kan ha is i magen. Ha vore SUPERT med tebesøk ein dag!! Hende det at dokke har fri fredag? Ellers skal me alltids finne ein dag :) God veke til deg og dine!
SvarSlett