I fleire år har eg gått å hatt lyst på nye ski. Det er ei ganske tung investering som eg ikkje har teke meg råda til tidlegare. Skia har eg hatt i 16 år, so det var i grunnen på høg tid å få bytte dei ut. Ungane har alt dei treng av skiutstyr. Mange å arve etter og mange gode tilbod å handle på. Så i år var det mams og paps sin tur.
Eg har kika i fleire månadar, spurt og lurt, kika enda meir. Til slutt enda eg på ei nettside, vpg.no. (Vertical playground) Der fann eg ski med bindingar, til halv pris! Eit kupp for ein gneten sunnmøring!
Skia heiter G3 Soulfly 2011/12. Breie ski som eg kan gå på fjellet med om eg vil, og sjølvsagt vere med ungane på skiheisa og ha det veldig kjekt i bakkane der. Har prøvd dei nokre gongar på Bondalseidet, og dei her heilt annleis å renne med enn dei gamle skia... Godt utstyr har faktisk alt å seie for ferdigheitene i bakken. Folk kan sei kva dei vil, men det er berre fakta!
Asgeir har også ski som er over 16 år gamle, så når "orkanlønna" kom, so vart det jammen ski på han og! Han fekk G3 Saint 2010/11 med binding, til halv pris. Veldig kjekt å handle når ein finn slike gode tilbod.
Alpint er ikkje vår grein, så det vart telemarkski på oss begge. I tillegg kjøpte me nye sko, Asgeir fekk heilt nye Scarpa T2 EVO, medan eg kjøpte brukte Black Diamond Trance. Eg har ikkje fått prøvd skoa enda, men gler meg til kveldskøyring i morgon, då skal det testast!