Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!
Viser innlegg med etiketten Tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tur. Vis alle innlegg

søndag 18. mars 2012

Pudderdude!

Me brukte siste helga i vinterferien på ski. Heile familien i sving. Laurdag fekk Sigrid seg ein dag heime. Då brukte me tida på dei to andre og kosa oss i trekket. Pudder, skog og ikkje minst høg fart vart testa ut. Veldig kjekt!

Asgeir var skjere pudderduuden der han fauk rundt i snøven. GODE SKI ALSO!!! :)



Men so var det på ein måte gjort med den helga. Veret har vore skitdårleg siste vekene og når eg i eit anfall av å skulle tøffe meg, tryna so saftig på ski og slo meg halvvegs helselaus, så har skisesongen vorte meir eller mindre avslutta for i år...

So no har me leita fram syklane våre, pussa dei og gjort dei klare for ny sesong. Det vert vel til at eg gjer meg ei kraftig velt på sykkel no då... ;)
Gjer det skikkeleg når ein fyrst gjere det ;)

mandag 15. august 2011

Moltetur



I går var me på tur til Dalsbygda i Volda. Tussa har hytte ved Litlebøvatnet og me køyrde inn for å sjå etter molte.

Mykje var allreie plukka, mykje var ikkje mode og mykje var ikkje stengel på i det heile.
Viss eg legg godviljen til, så fekk me plukka 1,5 liter. Det skal vere til nydeleg moltekrem og heimelaga krumkaker til jul...NAM :)

Det var lite blåbær også. Det som var, var lite og surt. Til og med krekebær, som det brukar å vere flust av, var det lite å sjå. Trur surt og kaldt sommarver må ta mykje av skulda for det. Ein fin tur var det i allefall, om enn mykje vind!


Kongeørn



Fredag var me på tur på Bjønnaskaret. Der fekk me oppleve kongeørna på nært hald.
Ei flott oppleving som me fekk feste på film. :)

Ørna letta frå det som mest sannsynleg var eit sauekadaver, og vart sitjande lenge på ein stein før ho svevde vidare med eit imponerande vengjespenn!
Ho hadde selskap av ein raudrøv, men han sprang so fort eg rakk ikkje å knipse han.

fredag 18. mars 2011

Giddaløyse å bloggtørke

Eg har vore lite aktiv i det siste ja. Har ikkje hatt ånda til å blogge. Tiltak å opne maskina for å skrive nokre velvalde ord...Ikkje har det skjedd stort heller.

Eller det vil sei...vinterferien som kom og gjekk med mykje besøk frå Bergen.
Me har endeleg byrja på rommet til Astrid Oline. Endeleg skal ho få sleppe det 6 år lange nomadetilværet.
Ei god veninne av meg fekk barn nr 4, gut nr 3 den 20. februar.
Eg har kjøpt nytt objektiv til kamera, 18-55mm.
Har vore mykje på ski, fleire flotte turar i nydeleg ver.
Jobb. Søkt ny jobb fått ja, måtte takke nei pga at eg ikkje fekk permisjon, søkt ny jobb igjen.
Krasja bil...ikkje min feil!!! Vart pårygga av ein stakkar som nett hadde teke lappen.
Tryna på ski, banka kroppen litt. Kjøpte skihjelm etter det...
Feira 30-årsdagen til ei god veninne.

Hmmm...hadde visst skjedd litt av kvart likevel ser eg :)

Hive med nokre bilete frå kameraet etter eg kjøpte nytt objektiv. :)

Her er Milla, dansk-svensk gårdshund, hunden til Inger-Hilde. (systa til Asgeir). SÅNN BOFS VIL EJ ME HA!!

Mini og Maxi kosa seg i snøen. Kjekt når eldste og yngste leika seg så fint i lag. Iste-selskap;)

Eg og pappa på skitur på Barstadheida. Utsikt mot Veirahaldet.

Papsen slikka sol. Kul kis :0)

Strålande vårsol og puddersnø! Kan det verte betre?? Det er herleg å leve sånne dagar!

tirsdag 22. februar 2011

Åmskaret 1,2 mil.


Sola skein frå klar himmel atter ein dag, og dagen måtte berre nytast utandørs.

Eg, Åse-Lill og vesle Oliver gjekk oss ein tur på Åmskaret. Bytta på å gå på ski og trille vogna. Det gjekk veldig bra å trille i løypa.

Mange lange blikk og oppmuntrande ord fekk me på vei utover. Ein kar som går på Åmskaret kvar dag, og som har gjort det i ein mannsalder sa det var fyrste gongen han hadde sett barnevogn der ute :)

Det var heilt vindstille i løypa, og like vindstille var det då me kom ut på skaret. Rett og slett nydeleg!
I dag har eg vore ein tur aleine ut på skaret. Meir vind i dag, så det var ikkje like triveleg å sitte med nista, men eg fekk i allefall trimmen :)
Godveret må nytast meda ein kan, det ryktast at regnet kjem på torsdag...

mandag 21. februar 2011

Nottane i vintersol :)

Søndag pakka me heile familien i bilen og reiste til fjells. Kl 10.10 var me komne i bilen og på vei fram på Eidet. Her snakka me ny rekord altså!!

Eg, Mary Ann og Astrid Oline rende på ski i trekket, meda Asgeir og Sigrid Marie kosa seg i sola. Sigrid Marie er ikkje heilt fortruleg med å ha ski på føta enda. Håpar at ho etterkvart vil få like stor glede av ski som systrene sine.
Her har Asgeir og Sigrid Marie det heilt konge!

Opp i Nottane fekk me besøk av Åse-Lill, Runar og vesle Oliver. Tidleg krøkast skal han som god skielskar skal bli!



Sigrid Marie passar på at alt går rett føre seg og at Oliver får fred i vogna :)


Asgeir med Ørsta bak seg. Her er me på toppen av Nottetrekket.


Sol over Kvandalen og Snøhornet.
Herleg med slike dagar. Sola varma, men det vert betre og betre for kvar dag som går. Berre håpar på at påska vert like fin, at me ikkje brukar opp godveret no!



onsdag 29. september 2010

"Blåtur" til Tallinn




I helga har eg vore på "blåtur" med damene på Nevrohjemmet. Flyet gjekk frå Vigra kl 06.30 fredags morgon...Mange trøtte tryne å sjå :)


Det var flybytte i Riga, propellfly (Fokker 50) til Tallinn. Mindre enn Dash 8, gamlare enn "Kråka"... Turbulens var ikkje artig i eit så lite fly kan ein sei...




Her ventar me på bussen inn til Tallinn by.



I gamlebyen finn ein Alexander Nevsky-katedralen med sine karakteristiske løkspir.
Katedralen er russisk-ortodoks, og me fekk gå inn å vere med på ei føremiddagsmesse. Det var ikkje lov å ta bilete inne.
Det var utruleg flott inne, med gullforgylte altertavle, veggmaleri og ein fantastisk himling! Vart nesten litt religiøs av stemninga og alle inntrykka.


I eit smug mellom Den Hellige Ånds Kirke, og Dominikanerklosteret fann me ein liten kafè, kjend for sin kakao med ingefær og vanilje. Dessverre fann vi ikkje ut det før etter at alle hadde drukke ein kopp kaffi og ete ei mektig sjokoladekake! :)



Så var det meg og middelalderhistorie og gamle hus... I gamlebyen kunne me gå rundt i trange gater og smug. Utruleg spennande å gå rundt å sjå gamle byggverk og drøyme seg tilbake til svunne tider.



Siste kvelden hadde me bestilt bord på ein russisk restaurant. Der fekk me servert russisk tapas! Veldig god mat, og flott russisk underhaldning. I tillegg fekk me servert iskald vodkashot i frosne glas frå to meters høgde! Ikkje akkurat karsk og konnjøl nei!

Søndagskveld, eller natt, kl 00.30 var eg endeleg heime. Heilt fullstending ferdig!
Kjekt med ein tur å lufte seg, men desto betre å kome heim til si eiga seng og stove, og ikkje minst, ØRSTAVATN!!!

mandag 13. september 2010

Jentetur til Bergen!

Tirsdag sette eg og systra oss i bilen og reiste til Bergen. Målet var show med Lisa Williams i Grieghallen tirsdagskvelden.

Billettane var bestilt og kjøpte for lenge sidan, og me hadde gleda oss lenge.

Lisa Williams er eit kjend medium og healer, og kan angiveleg kommunisere med døde som ikkje har "gått over til andre sida".

Ein kan velje å tru på at det faktisk finst noko etter døden, og ein kan la vere å tru. Det er i allefall utruleg facinerande å vere tilstades på eit sånt show. Fleire av dei i salen fekk ei so kalla "reading". Etter reaksjonane å dømme var det ikkje avtalt spel på nokon måte.

Sjølve fekk me ikkje "kontakt". Og kanskje var det like greitt? Sjølv om det var ei oppleving av dei sjeldne, vart det for mykje show av heile seansen. Fleire hundre personar i salen som sit forventingsfulle og spente. Det er klart at ikkje alle får same opplevinga (sjølv om me sat på tredje rad hjalp det lite på kontakta;) ).

Onsdagen brukte me til å spasere i Bergen by. Ein tur innom Hansabryggen, der dei gamle husa står som dei alltid har gjort. Skakke, skeive, mottetne og vanvittig spesielle! Heilt fantastisk å kunne vandre rundt inni smug og gamle bygningar. Ei stor oppleving for meg som elskar gamle hus og middelalderhistorie!

Onsdagskvelden var me barnevakt for eit par som var på LW-show. Då er mating av fuglane i Lille Lungårdsvann obligatorisk. Me var fantastisk heldige med veret, og hadde strålande sol frå me kom til me reiste heim.

Deilig sommartemperatur lokka oss til ei utepils på Bryggen. Det er ikkje ofte ein har anledning til!

Ein tur på Fløien fekk me også, ein flott septemberkveld.

Så var det på tide å reise heim. Etter ein tur på Ikea fyrst, soklart!!
Med ein liten Golf som framkomstmiddel, måtte det ein del logistikk til for å få plass til alt på veg heim...med lirk og lempe so går det meste!!
Gler meg til neste jentetur!!

onsdag 18. august 2010

Kanotur på Vatnevatnet



Eg og pappa hadde oss ein flott padletur på Vatnevatnet forrige mandag.



Då me starta var det "svartestilla" på vatnet og det var kjempeflott å padle lags land!



Hestehornet speglar seg i vatnet, var dessverre for nærme land, så eg fekk ikkje tatt bilde av heile fjellet og spegelbiletet...




Nydelege vassliljer, eller nøkkeroser om du vil...

tirsdag 13. april 2010

Isfiske i påskeferien



Må vise ein av turane me hadde i påska. Mary Ann og pappa er bitne av fiskebasillen, og har gått til innkjøp av både isbor, pilkestong og maggot(levande flugelarvar...)

To turar til Kvandalen vart det i løpet av påska, og med veldig bra resultat! 14 stk røyr og aure på eine turen!



Sigrid Marie var også med på tur, i pulk. Ho syntest fisken var veldig spanande, og det ser ut til at ho likar sushi! Eller var det fiskepinnar? Eller kanskje var det munn til munn-metode?




Det var i allefall kjempefine turar, og forresten var isen heilt trygg!
No er det snart klart for vanleg fiskeri, med kastestong og sluk. Berre siste rest av is og snø tek beina fatt og stikk!

mandag 22. februar 2010

Skitur til Mosetra.




I går hadde me oss ein flotte tur til Mosetra. Hadde aldri trudd at me kom til å kome oss heilt opp, men der tok eg grundig feil!! Astrid trur eg var utstyrt med rakett i baken, ho gjekk som eit olja lyn, og dei sure minene låg igjen heime!!

Sigrid kosa seg i pulken. Der var det varmt og godt. Eit stykke før me kom opp måtte også ho få kome ut å strekke på beina.
Mary Ann måtte snu eit godt stykke før me kom opp til setra, då vart naturens kall for påtrengande. Men me hine fekk ein flott tur.




Tone og Gunnar med familie var også med. Då me kom opp på setra fekk me kom inn i hytta til Gunnar sine foreldre. Der fekk me varma oss og tørka sko og klede. Det var kjempegreier!



Føret var heilt topp, og det er trakka vei heilt opp på setra. Turen heim vart skym, men veldig fin! Dette gjer me gjerne oppatt snart :-)

torsdag 19. november 2009

Wok i naturen..

Fortalde for ei tid tilbake at eg hadde fått ein miniwok.
Den har eg fått prøvd ut, og den funka veldig bra!



Ingen problem med å steike maten over open eld. Med god olje slapp eg fastbrent kjøt.



God fyr i omnen:-)



Skogskaffi må også til når ein er ute i naturen.
Ein kjempeflott tur, med gløtt av sol. Me er heldig som får bu slik til!!

mandag 26. oktober 2009

Vafle på gamlemåten...

For nokre år sidan fekk eg ein idè om å lage ein gapahuk i skogen. To veggar med tak er alt som trengs, og vips så har ein eit lite krypinn i skogen.

Me laga ei stor og god grue, som fyrst og fremst var tenkt til å spidde pølser over. Med ei gammal grillrist og heimelaga svartkjelhaldar, så har grua vore brukt til meir enn berre pølser.
Med litt planlegging har eg kokt heimelaga blomkålsuppe på bålet, og pannevafler har vorte steikte i steikepanne. Julafta i fjor hadde Asgeir med seg jentene, og julebesøket frå Bergen og kokte graut i gapahuken!! Snakk om julestemning!

No har eg vore på utkik etter eit gammalt vaffeljern til å bruke på bål. For 14 dagar sidan fekk eg tips om at på bruktbutikken hadde nokre sånne liggjande. Eg reiste sporenstreks ned, og fekk kjøpt herlegheita for 50kr!!! Eit ekte Jøtuljern, med store gode hjerteformer.


Vel heime sette eg i gong ein massiv prosess med å få vaska vekk fastbrent fett. Med Mr Muscle gjekk det meste vekk, resten skal brennast vekk over open eld.



Så var det tid for å prøve sakene.




Og slik vart resultatet!!




Med ekte skogskaffi til, og under open himmel, smakte vaflene himmelsk!!



Neste prosjekt i gapahuken vert å lage fleire sitteplassar med tak over. Mange vil vere med på tur, og tanken er at alle skal sitte turt og lunt. I løpet av hausten skal eg prøve ut enda ein skatt eg har fått, ein miniwok! Med litt planlegging, blir det om ikkje så lenge, sett i stand eit herremåltid i skogen! Gler meg!!!

fredag 16. oktober 2009

Rongja

Søndag for ei lita veke sidan var det endeleg turvêr igjen. Me er så heldige, at me har flott turterreng rett utanfor stovedøra, så då gjekk turen opp på Rongja.

Rongja var ein gammal husmannsplass på Åm, og låg eit stykke opp i fjellsida på Åmnipa.

Frå gamle tider var Åm delt inn i to gardar/teigar, indre og ytre Åm. Rongja høyrder til ytre Åm, og Rongja-Karl var den siste som budde på husmannsplassen. Han flytte etter kvart fram i Vassenden.

No er det berre tuftene att etter husmannsplassen, men ein del av historia likevel. No går skogsvegen oppom tuftene, så dei er ikkje lette å sjå. Men utsikta frå Rongja er upåklageleg...


Veldig spesielt å stå på Rongja å sjå kor grønt det er enda på markane. Fekk ei kjensle av vår...

Astrid Oline synest snøen var god, og tok seg ein rikeleg jafs:-)


mandag 17. august 2009

På sykkeltur med fisk i sekken:-)


Søndag for to veker sidan pakka me i sykkelvogna og sykla ein lang tur. Me hadde tenkt oss til Berkneset, men såre lår og romper stoppa oss på Sørheim. Til og med onkel Odd var med på tur!!
I krysset der ein kan køyre rundt Berkneset eller opp til Eiksundsambandet, har dei fylt ut i sjøen, og det har laga seg ei fin strand. Lita og smal, og passar best ved fjøre sjø, men utan tang og tare(så lenge det varer) og grunt eit stykke utpå.

Asgeir prøvde fiskelukka då me såg at makrellen kokte tett utføre stranda. Å jammen mej, makrellen beit!!

Mary Ann syntest det var stor stas å få fisk. To makrellar vart det, og dei smakte godt og!!! Mary Ann veit at når ein fiskar, så må ein ta arbeidet etterpå også. Ho både knekte nakken og spretta fisken slik det sømmer seg ein ekte fiskar!

onsdag 27. mai 2009

På gamle tomter...


På vei fram til Mossetra, kan ein velje å gå "gamlevegen". Den startar heilt nede ved Askjellhaugen gravplass og går frametter elva. Dette er ei vandring i historisk terreng. Å tenkje på at folk har gått der med hest og slede for fleirfaldige år tilbake er ikkje anna enn utruleg å tenkje på. Gamle steinmurar og spor etter gamle reser viser igjen i terrenget. Det er flatt og fint å gå, av og til noko vått, men trolsk og spanande!!

Når ein kjem "fram i bakkjen" der stigninga opp til setra byrjar, kan ein finne ei gammale tuft. Då folket på Mo gjette krøtteret fram i Mosdalen, laga dei seg "vakjarhus" til å opphalde seg i om natta. Tufta av eit slikt vakjarhus ligg i skogen nedfor setrevegen.



Det er fascinerande å stå der å sjå å tenkje på kor folk i dei hine hårde dagar levde og arbeidde. Går ein setrevegen, kan ein sjå fleire av vårfjøsane som står langsmed vegen. Somme kan ein gå inni. Spor etter folk og fe sit i veggane og vitnar om ei tid som var.



Det er mykje historie i nærområda våre. Dessverre har mange lita eller inga interesse i å ta vare på denne historia, og å fortelje ho vidare til neste generasjon. Håpet mitt er at nokre likevel fortel historia vidare. For det er utruleg spanande!



Her kom me oss på setra. Ei runde med "seitsing" er opplysande og spanande. Pappa med "Rambjørhonnje" i bakgrunnen.