Prøva å "finne meg sjølv" på bloggen. Altså få den slik eg vil. Utan for mykje dill og dall, pynt og fjas men nok til at han er interessant for folk å lese. Vil ikkje ha ein kvit og fargelaus blogg, men vil ha litt fargar, grønt og lilla er favorittar.
Har prøvd å justere headerbiletet slik at heile biletet viser, men då forsvinn bloggtittelen. Skal eg ha bloggtittel, så blir biletet "halvt"... Kunne godt ha tenkt meg å ha fleire bilete i headeren. Har fått eit tips tidlegare, men...inn ei øyre og utatt hi... Hjelpe meg? Anyone?
Så vil eg gjerne vite korleis ein skal sikre bileta på bloggen? Vannmerke dei eller copyrighte dei.
For det er ikkje greitt at folk brukar mine bilete utan løyve!
Nokon der ute som kan hjelpe ein trenøve som meg?? Eg slengjer berre eit ønske om hjelp ut i den store bloggverda og håpar på det beste.
Og det er alltid kjekt med ein kommentar på innlegga mine altså! :)
Vil gjerne hjelpe dej ej;-) E enklast sånn ansikt til ansikt då egentle..;-) Lyte ta oss en kveld.
SvarSlettDet er ikkje så vanskeleg å fikse dette, men litt vanskeleg å forklare.. Fe gjer som Anette seier, ta ein kveld. Men anbefalar deg å lage konto hjå picnik.com. Der kan du få til mykje med bileta. Headeren på bloggen vår er t.d. laga der. Er også greit å sette namnet ditt på bilda dine der. Og mykje, mykje meir. For den som har tida... ;) God veke til deg og dine, grattis til Asgeir, og ja eg skal verte flinkare å kommentere ;) klem
SvarSlett