Eg har fått min første award! Den fekk eg frå vakre Randi. :-) Tusen tusen takk!
Til denne awarden fyl ei oppgåve der eg skal skrive 7 ting om meg sjølv/familien vår. Dei aller fleste lesarane mine kjenner meg/oss, så noko overraskingar blir det vel neppe :-)
- Eg likar faktisk å stryke kle. Det skulle en ikkje tru når ein les bunadskjorteinnlegget mitt ;-)
- Asgeir har veldig veldig lyst til å ta lappen på tung motorsykkel, men det er faktisk eg som har byrja å lærekøyre med motorsykkel!!
- Dei som kjenner meg godt veit at eg kan kome med kjappe kommentarar og virke lite sjenert, men i lag med folk som eg ikkje kjenner godt, så vert eg fåmælt og anete, og blir nok sett på som veldig snål!
- Eg er korpsnerd for livet! Lenge leve hornmusikk og min nydelige tenorsaksofon!
- Eg og Asgeir skal gifte oss 10.juli 2010, og det er faktisk på trulovingsdagen vår...for 12 år sidan...å det som skulle vere eit lite og snerte bryllaup utarta seg til eit gilde!
- Eg er veldig kreativ innerst inne, men har FRYKTELEG dårleg tolmod med påt, og kan slett ikkje å sy med symaskin, sjølv om eg veldig gjerne kunne tenkje meg å kunne det.
- Eg har ein tendens til å gjere ting litt for grundig, og lage meg meir arbeid enn fyrst tenkt. Spesielt ting som kanskje ikkje krev det, fordi eg vil at folk skal sjå at ting har vorte skikkeleg gjort. Litt pirkete altså, sjølv om eg seier noko heilt anna:-)
Slik er det altså her i heimen. :-) Eg sender awarden vidare til:
