Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

mandag 17. august 2009

På sykkeltur med fisk i sekken:-)


Søndag for to veker sidan pakka me i sykkelvogna og sykla ein lang tur. Me hadde tenkt oss til Berkneset, men såre lår og romper stoppa oss på Sørheim. Til og med onkel Odd var med på tur!!
I krysset der ein kan køyre rundt Berkneset eller opp til Eiksundsambandet, har dei fylt ut i sjøen, og det har laga seg ei fin strand. Lita og smal, og passar best ved fjøre sjø, men utan tang og tare(så lenge det varer) og grunt eit stykke utpå.

Asgeir prøvde fiskelukka då me såg at makrellen kokte tett utføre stranda. Å jammen mej, makrellen beit!!

Mary Ann syntest det var stor stas å få fisk. To makrellar vart det, og dei smakte godt og!!! Mary Ann veit at når ein fiskar, så må ein ta arbeidet etterpå også. Ho både knekte nakken og spretta fisken slik det sømmer seg ein ekte fiskar!

fredag 14. august 2009

Smeis kor tida går! Storetausa har vorte 9 år!!




Eg synest det er ikkje så lenge sidan Mary Ann var nyfødd, og me prøvde og feila oss fram som foreldre for første gong. Tida har gått utruleg fort, og ho har vorte ei kjempeflott jente. Mary Ann er kjempeflink storesyster og ei godjente for mams og paps.

Bursdagsgåva frå oss var billettar til "Walking with dinosaurs" i Oslo Spectrum i oktober, med fly og to netter på hotell!! Gjett om tausa vart glad! Då eg spurde kva ho ønska seg, var det ein ny gullfisk eller ein fjernstyrt augestikkar(kva no enn det er...)Men då ho fekk billettane og las kva som stod på, så utbraut ho:Ja men ditte e no mykje beire!! Då visste eg at det var full klaff.

Kanskje ei dyr og litt for svær bursdagsgåve, men dette er ein once in a lifetime-opplevelse. Og så gjer det ingenting at mams og paps også vil sjå showet! :-)


Gå inn å sjå litt av showet her:
http://www.youtube.com/watch?v=m_9GnP-lhaY