Året som har gått har vore både veldig godt og veldig trist.
Eg har for fyrste gong fått fast stilling som sjukepleiar. Det inneber dessverre å pendle til Åse, men eg har greidd eitt år og skal nok klare eitt til.
Eg har måtta tatt farvel med to besteforeldre dette året. Begge dødsfalla kom som lyn frå klar himmel, og har prega året veldig. Me sit igjen med eit stort sakn som tek tid å takle.
Eg og Asgeir fekk endeleg gifte oss i sommar. 12 år etter me trulova oss. Dagen vart heilt spesiell og me er veldig nøgde med alt!
Eg fylte 30 år og feira stort. Kun talet og rynkene i ansiktet tilsei at eg skal vere ei vaksa dame...
Me var på familieferie i campingvogn for fyrste gong i sommar. Det var ei artig erfaring. Til sommaren skal me prøve teltet me fekk i bryllaupsgåve, Bergans Wiglo!
Fleire av mine beste veninner har fylt 30 år, og me har fått vore med å feire ;)
Tanteungen min Lene, som eg er fadder på vart konfirmert i mai.
Mormor feira 80 år med heile familien samla, 5. juni.
Mamma og pappa fylte 60 år og hadde grillfest på plenen heime med tyrolerorkester og heile familien.
Eg har enda ikkje fått Facebookprofil, og skal heller ikkje få det i løpet av 2011!!!
Sigrid Marie har hatt ei kjempeflott utvikling i haust takka vere god hjelp i barnehagen.
Ho er aktiv og pratesalig! :)
Astrid Oline går no siste året i barnehagen, og er SO klar til å byrje på skule.
Mary Ann vart 10 år og er veldig flink på skulen. Ho har også vorte veldig flink å spele kornett.
Me fekk oss katt. Jentene greidde å overtale oss... Kitty kom i hus i august og er ei kjekke kjette.
Me feira jul heime og hadde ein god ferie i lag. Nyttårsafta vart feira på Mo i lag med dei der.
Håpar at året som kjem vert fylt med glede, latter, gode opplevingar, flotte turar, meir overskot og energi, gode besøk til familie og vener, kanskje ny jobb i nærleiken, og ikkje minst mykje kjærleik!
GODT NYTT ÅR TIL ALLE MINE LESARAR!!