Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

mandag 18. januar 2010

Endringar

Kjekt med noko nytt. Eg måtte prøve å endre litt på utforminga til bloggen min. er det nokon som kan instruere meg i korleis ein kan lage sin eigen signatur i bloggen? Slik som feks hos Tonje sitt styr og stell...
Tek i mot all hjelp med stor takk!!
:-)

mandag 11. januar 2010

Valgets kval: soving vs skitur

Det er dagen før første nattevakta mi, å mi sunne fornuft seier "GÅ Å LEGG DEG", men lysta til å ta på seg ski og traske seg ein tur på Åmskaret held på å overdøyve fornufta.
Minusgradene har stege til -7 og det er flotte forhold for skitur!
Sola skin frå skyfri himmel og det er den beste vinteren som har vore på mange mange år! Er det rart ein vert litt ambivalent?
Trur nok dessverre at fornufta sigra denne gongen, men det skal ein ikkje vere så sikker på ein annan gong!
I fylgje meldingane skal det fortsette med kaldt vintervêr utover veka, men ikkje like kaldt som det har vore siste vekene. Det blir nok skitur i løpet av veka tenkjer eg;-)

Men eg trur alle må innrømme, det er kjekt med skikkeleg vinter igjen!

søndag 10. januar 2010

Øyreverk!!!!

Trudde det var berre ungar som fekk slikt...men der tok eg grundig feil.
Sit no med øyreverk i begge øyrene, vakuum i hovudet og nedsett hørsel.
Heldigvis er stemma eg høyrer i hovudet mi eiga, så slepp eg å engste meg for det i tillegg!!!
Har kun eitt godt råd til dokke som er ute i kylda;
HA PÅ HUE!DET ER GNALLJEFROST UTE!

onsdag 6. januar 2010

Fyrste dagen...

Då er dagen komen, då eg skal ta til i min nye faste jobb!!
Seinvakt i dag og tidlegvakt i morgon. Neste veke skal eg ta til på nattevaktene mine. Det er spanande og litt skummelt, og eg er ein smule nervøs i dag. Magen har velta seg eit par gongar...men eg tenkjer det går veldig bra når eg endeleg har kome meg i gong. Det er berre å krysse fingrane for at det går bra.
Einaste eg ikkje likar tanken på er å pendle med buss på dette føret...

Lykke til til meg! ;-)