Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

mandag 28. desember 2009

Skalkefest!

Det er igjen tid for den årvisse SKALKEFESTEN på Åmdal ungdomshus. I år som i fjor står det ein god gjeng på scena for å gi dalafolk, og heldige ørstingar trim i magemusklane. I år er det ikkje ein heil revy, men eit knippe gode programinnslag, skrivne og innøvde av flinke folk framma dala.
Viss me er ferdige å øve, so startar programmet kl 20 i kveld:-)

Ditte blir steikje løye!!

fredag 25. desember 2009

God Jul!

Med ein POFF og ein SMELL så var julafta over, og ungane forsto ikkje kva som traff dei. Eg sjølv våkna med eit rykk kl 12.30 og lurte på kva dag det var, og om eg hadde forsove meg til "tre nøtter til Askepott". Sakte men sikkert demra det for meg, og eg innsåg at det er lenge til jula er over! Ho har berre så vidt byrja!

Så då vil eg berre sei GOD JUL! :-)