Fekk film frå bryllaupet vårt her for litt sidan. Tenkte eg skulle dele brudemarsjen vår med dokke lesarar.
For å gi viglsa eit personleg preg hadde me fått Heidi, Kristina og Idar til å spele trekkspel til inngong, og Janita, Bernt Inge, Håkon og Follestaddal hornmusikk spelte til utgong.
Inngongsmarsjen heiter "Feldråka og trekkspelkaillen", er ikkje sikker på kven som har skrive han. Utgongsmarsjen heiter "Bruremarsj" av Jan Magne Førde. Veldig kjekt at systå ville spele opp i lag med Bernt Inge og Håkon
- Gjengen framma dala
- Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!
Viser innlegg med etiketten Bryllaupet vårt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bryllaupet vårt. Vis alle innlegg
fredag 18. mars 2011
fredag 3. september 2010
Nokre bilete frå dagen vår :)
Buketten laga av Sissel Andenes hjå Sissel Blomster. Symbolske orkidèar for dei tre jentene våra. Nydelege kvite roser. Kjempefornøgd med buketten!!
Bileta er tekne av Tone Christin Molnes. Location, Bruahølen(Høgebrua)

Forlovarane våra Otto Jarle og Tone.
Kjærsteparet som nygifte :)

For dei som lurer så har Asgeir Ørstabunad. Den kan ha både grøn og raud vest. Asgeir velde grøn. Stramme kar!! ;)
Bileta er tekne av Tone Christin Molnes. Location, Bruahølen(Høgebrua)
Etiketter:
Bryllaupet vårt
lørdag 10. juli 2010
Dagen er komen, laurdag 10.juli 2010!
I dag er dagen eg skal verte kone og Asgeir skal verte min ektemann.
Starta roleg med ein god frokost, og no ber det snart av stad til sparkel og pynt :-)
Alt er klart, difor har eg sove godt i natt!! Takk og pris for at eg elskar å skrive lister!!!!
Gler meg til å sjå den flotte mannen min i bunaden han fekk med meg, han vert HÆRRLI!!
No har eg ein time til berre kos heime i lag med familien, og den skal eg bruke til å puste djupt!
Ha ein fortreffeleg dag folkens, det skal eg ha!!!!!!!!!!!!!!!!! :-)
Klem frå BRUDA og BRUDGOMMEN!

onsdag 2. juni 2010
Bryllaupet vårt
Som sikkert dei fleste veit so skal Asgeir og eg gifte oss til sommaren. Datoen er 10.juli, og det nærmar seg for kvar dag!
For å gjere planlegginga litt enklare og for at både oss sjølve og gjestane skal få litt oversikt, så har eg laga ei heimeside for bryllaupet.
Her kan ein finne ønskelister, navn på kjøkemeister, forlovarar og annan informasjon.
http://www.bryllupsdagen.no/bd/vis.php?bid=4914
Følg linken her og du kjem til heimesida vår!

Abonner på:
Innlegg (Atom)