Fire damer brukte siste helga i haustferien på å gå i fantastisk storslått natur, i lag med reinsjegerar og en og annen moskus...Begge to kan vere fryktinngytande, men om du helde avstand eller smiler fint so går det som regel bra. :)
Fredagen gjekk me inn til den sjølvbetjente DNT-hytta Reinheim. Då me kom inn noko seint, slo me opp telt utføre for å ikkje forstyrre dei som låg i hytta og sov.
Laurdag skulle me gå til topps på Snøhetta. To av oss gjekk heilt opp, to av oss snudde eit stykke før toppen av div grunnar. Men det var ein gilde tur uansett, og me hadde eitt fantastisk ver, sjølv om det innimellom bles og snøva.
Her kjem ei lita bildekavalkade.
Snøhetta badar i haustsola
Søs trenge ein styrketår før nedstiginga til hytta
Ein lang og fin tur går mot slutten
Vi vandrer med freidig mot. På vei til DNT-hytta Snøheim.
Moskusland...Vakre haustfargar og flotte damer.
Utsikt mot Stroplsjødalen og Reinheim
Snøhetta lever opp til namnet sitt...med snø på toppen.