Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

tirsdag 17. mai 2011

Hipp hurra for 17.mai!

Det vart ein våt dag for dei aller fleste i dag. Me kom oss tørrskinna gjennom barnetoget, men dråpane kom til slutt og dei kom fort! Asgeir som bar fane for Dalane skulekorps var drivande våt då han kom frå kyrkjebakken, eg og dei to minste rømde til bedehuset for å kjøpe is og kaffi;)

Så hadde Inge og Kristin invitert til restemiddag etter konfirmasjonen søndag. Det gjorde veldig godt! Så godt var det at Astrid Oline vart tannlausekjæring! Ei stolte taus so endeleg mysste tanna som har vore laus lenge! Endeleg klar til skule! ;)


Astrid Oline er rosaruss i år, og hadde fått rosa hue og t-skjorte med navnet sitt på. I tillegg hadde ho russekort å gi vekk og russeavis til sals :) No er dagen på hell og hua skal få seg ein fin plass på rommet.


Sigrid Marie var flink og gjekk nesten heile barnetoget. Litt sleta etter prestebrauta, så me fekk låne ei vogn siste stykket. Barnetoget gjekk veldig fort i år, og det var omtrent uråd å halde fylgje for små føter. Men pølse, is og brus gjorde susen for ein sleten liten kropp :)


Mary Ann spelte i Dalane skulekorps for fyrste gong på ein 17.mai. Dei har mange flinke musikarar og det let kjempebra! I folketoget gjekk ho lag med handballaget sitt, Åmdal jente 10!

Mary Ann og Emilie fekk gå på kino i lag også, så då var dagen redda ;)


Eg sjølv spelte i folketoget i år, for fyrste gong på snart 10 år. Follestaddal hornmusikk fekk skyss med traktor og hengar:) Tett på 20 musikarar var me på ein kjempelang traktorhengar. Blå uniformar, bjørk og norske flagg gjorde susen!

Litt utfordrande logistikk gjorde at traktoren og hengaren ikkje kom seg inn i Vikegata...der stod to lyktestolpar og eit tre i veia...men me kjaure nedste gata i staden, og det funka veldig bra!!


Så var det kaffi og kaker på Legene i lag med grendafolket. Ungane storkosa seg med fiskedam, is, brus og leik i barnehagen.



Sola har gløtta fram innimellom, men regnet sette sitt preg på dagen likevel...det var til og med nysnø ned i Vallahornet! Brr...


Me har i allefall kosa oss, sjølv om det no var godt å få av seg bunadane ;)

Korleis har dagen din vore?

1 kommentar:

  1. Ser ut til at dokke he hatt en fin og regnfull dag dokke me ;)

    Ej lurte litt på korleis det skulle gå med traktoren i den vanskelige svingen, lastebilen til ungd.laget hadde litt problem der, men kom sej forbi med litt rygging ;) Tenke det va like greit å kjøre nederste gata me! Det va uansett stilig der dokke satt på planet ;)

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)