Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

tirsdag 22. februar 2011

Åmskaret 1,2 mil.


Sola skein frå klar himmel atter ein dag, og dagen måtte berre nytast utandørs.

Eg, Åse-Lill og vesle Oliver gjekk oss ein tur på Åmskaret. Bytta på å gå på ski og trille vogna. Det gjekk veldig bra å trille i løypa.

Mange lange blikk og oppmuntrande ord fekk me på vei utover. Ein kar som går på Åmskaret kvar dag, og som har gjort det i ein mannsalder sa det var fyrste gongen han hadde sett barnevogn der ute :)

Det var heilt vindstille i løypa, og like vindstille var det då me kom ut på skaret. Rett og slett nydeleg!
I dag har eg vore ein tur aleine ut på skaret. Meir vind i dag, så det var ikkje like triveleg å sitte med nista, men eg fekk i allefall trimmen :)
Godveret må nytast meda ein kan, det ryktast at regnet kjem på torsdag...

4 kommentarer:

  1. Flott tur såg det ut for og så kjekt at det er muleg å ta med vogn utover i løypa. Eg må innrømme at eg aldri har vore på åmskaret og hadde eg vore i Ørsta no so skulle eg nok ha tatt meg ein tur. Får nøye meg med Øståsen her på Hadeland eg. Blir vel ein tur ein av dagane når systa kjem oppover på vinterferie:-))

    jannetove

    SvarSlett
  2. Ja, dette var sprekt, ikkje minst av den nybakte småbarnsmora! :) Me ha også med vogna i løypa på Krøvelseidet laurdag, mange blikk og kommentarar, artig det ;)

    SvarSlett
  3. Flotte turar de har hatt. Og imponerande med barnevogn heilt ut på Åmskaret:)Og du, så voksen Christoffer har blitt. Du må helse så mykje til store brore. Lenge sida eg har snakka med han:)

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)