Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

tirsdag 13. april 2010

Isfiske i påskeferien



Må vise ein av turane me hadde i påska. Mary Ann og pappa er bitne av fiskebasillen, og har gått til innkjøp av både isbor, pilkestong og maggot(levande flugelarvar...)

To turar til Kvandalen vart det i løpet av påska, og med veldig bra resultat! 14 stk røyr og aure på eine turen!



Sigrid Marie var også med på tur, i pulk. Ho syntest fisken var veldig spanande, og det ser ut til at ho likar sushi! Eller var det fiskepinnar? Eller kanskje var det munn til munn-metode?




Det var i allefall kjempefine turar, og forresten var isen heilt trygg!
No er det snart klart for vanleg fiskeri, med kastestong og sluk. Berre siste rest av is og snø tek beina fatt og stikk!

søndag 11. april 2010

Kvinnfolkarbeid?


Like sikkert som at tjelden er komen, er det at denne helga er det tid for dekkskifte.

Men kva gjer ein når ein er karalaus? Tek skeia i eiga hand og ordnar opp i ting sjølv!!


Bilen fekk seg ein tur under kluten både innvendig og utvendig. Kan vel seie det slik at der var ein del støvsugarmat...


Så var det store spørsmålet, skal eg skifte dekk?? JA DET SKAL EG!


Frøkena heiv seg rundt, jekka opp bilen, skrudde av vintersko og fekk på sommarsko.
Bilen såg ut som om han var ny, og det er eit kunststykke i seg sjølv...han byrjar å bli nokre år...
Kan seie det slik, at eg er noko kry av meg sjølv. Har både sett dekka rett på og fyllt luft i dei!
Så, alle damer der ute som trur dei ikkje kan? JAU DU KAN!!


mandag 5. april 2010

Astrid Oline 5 år i dag!!



Endeleg er dagen her! Dagen som me har telt ned til i to veker! Det vert feiring i barnehagen i dag, og barneselskap til helga, og ho gler seg veldig!


Astrid Oline har vorte ei stor og flott jente, og skulealderen nærmar seg kjapt...

Å vere "ho i midta" er ikkje alltid like kjekt, for liten til å vere stor og for stor til å vere liten...


Til bursdagen sin skal ho endeleg få sin heilt eigen sykkel, som berre ho skal få bruke. Då er ho akkurat passe liten og akkurat passe stor :-)

Gratulerer så mykje med dagen godjenta vår! Kjempeglade i deg:-)


Likkjetausa vår er 3 år!

I dag er det 3 år sidan Sigrid Marie vart fødd. 05.04. 2007 kl 08.30 var me på vei til sjukehuset i Volda. 3 timar seinare var yngste jenta vår fødd! Du verden kor stolte me er.





Skjebna ville det slik at Tone også var på vei til sjukehuset, og seinare på dagen kom vesle Malin til verda. To flotte jenter med same dato!

Sola skin frå knallblå himmel, det ser ut til å verte ein kjempeflotte dag!
Gratulerer så mykje til begge to! Kjempeglade i dokke!