Under Naturfestivalen var me med på fiskedag for born i Ørstaelva. Sjølv om sesongen var over og elva var stengd, så fekk Ørsta JFF opna elva slik at borna fekk freiste fiskelukka i eit par tre timar. Det vart ikkje fangst på oss, men det vart landa både pjakk og krede lenger opp i elva.
Fiskedagen er obligatorisk for oss. Mary Ann er heilt frelst og det er ikkje langt unna med foreldra heller... Astrid og Sigrid viser ikkje same interessa heilt enda, men dei er med likevel for å lære. Skjønt lære og lære, kjekkare å posere for fotografen i staden :)

Til slutt er medlemmar i ØJFF ute med båt for å kaste not. Målet er å fange stamfisk som dei tek opp i kultiveringskar som stend på land. Slik er dei med på å sikre stamfiskstammen i Ørstaelva, og det aukar sjølvsagt interessa hos borna når dei får vere med å drage nota som dei fangar fisken i. Det vart nokre stamfisk i år og. Kom ikkje heilt attåt, så bilete fekk eg ikkje. Mary Ann var i allefall i djup konsentrasjon då nota skulle dragast inn.
Det er kjempekjekt med fiskedagen, og når me til og med får servert grilla laks når me er ferdige med fiskinga så kan ein vel ikkje få ein betre slutt på dagen. ØJFF gjer ein kjempejobb med å arrangere fiskedagen, og me håpar å kome igjen neste år og!
Kor kjekt!! Såg ut som både store og små kosa seg her :) Fine bilder også :)
SvarSlettAng shettisane; ja klart ho skal få prøve, må berre prøve ho ut sjølv først. Vi veit ikkje heilt enno kor trygg ho er for born. Skal seie i frå :) Takk for namneforslag :)
SvarSlettTakk for gode ord og klem
SvarSlett