Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!
Viser innlegg med etiketten Dagens dont. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dagens dont. Vis alle innlegg

tirsdag 7. februar 2012

Motorsagmassaker for damer

Eg har då funne ut at eg skal verte eit skikkeleg kjæringemne. Sjølvhjelpt til fingerspissane. So i dag kl 12 skal eg møte opp på Felleskjøpet iført hjelm, sagbukse og vernesko. Då skal eg nemleg på motorsagkurs for damer!
Det skal verte meg eit artig skue. Eg som knapt har teke i ei motorsag...

Eg har nemleg 2 store planar i år. Må ha alternativ dersom plan A ikkje går. Plan B er å verte ein kløppar i å felle skog.
Plan A får de dessverre vite lite om enda, men eg har vore på kurs for å utvikle den planen også ;)

So då håpar eg at eg har to hender og to føter når eg kjem heim i ettermiddag... ;)

fredag 20. januar 2012

Long time no see...

Stilt og fredeleg her inne på bloggen for tida. Har ikkje tatt meg bryet med å skrive innlegg frå jul heller... Jula kom og for slik ho gjer kvart år. Einaste forskjellen var at Asgeir var på jobb mest heile romjula. Sånn er det når ein jobbar med straum :)

Me kosa oss likevel, med stearinlys, familie og ein aldri så liten skalkefest ;)

No ser eg fram til eit nytt år som gir enda meir energi enn året som gjekk.
Eg har ingen nyårsforsett, men har som alle andre tenkt å trene meir, leike meir, besøke meir folk, osv osv. Eit steg i rett retning er at eg har kjøpt meg nye telemarkski. Dei eg har er 16 år gamle!! På tide at mor i huset kan spandere på seg skikkeleg utstyr!!! Må kunne halde fylgje med bonnja når dei er på Eidet veit de! Kjøpt på salg, så då svir det pittelitt mindre i lommeboka...

Har ikkje vore flittig med kamera heller siste tida. Alt har liksom vore eit ork og eit tiltak. Håpar det snart går over ;)

Sidan eg var så godt i gong med fine songar på bloggen, her er ein frå Ane Brun som er berre heilt nydeleg...

torsdag 24. november 2011

Startskot for nedvask...

Eg er ingen tilhengar av fullstendig nedvask av heile huset til jul. Berre litt støvtørking og grundig golvvask. Men i år har eg sett meg det målet å vaske ned kjøkken og stove.

I vinter som var hadde me skrudd ned trekken på ovnen på stova og reist på besøk...då me kom heimatt var stova grå av røyk. Ovnen hadde stått og puffa inn ei stund, så stova lukta bål... Har vaska vindua i stova og dei var SVARTE av sot...

Så i dag gjekk startskotet. Starta på kjøkkenet med å rydde ut av "rote"skapet vårt. Der alt som du ikkje treng men ikkje vil kaste ligg. Har ikkje skuffer til slikt, så alt endar enten i det skapet eller på kjøleskapet. Irriterande å ikkje greie å få system på slikt rot!

Har ein plan om å ta vekk eit vitrineskap og sette inn ein skjenk i staden. Då vert det litt meir skuffeplass. Men då må eg til å male veggane, og då vil eg male kjøkkeninnreiinga, og då må eg ta ned alle listene og male dei...huff så leitt?? ;)
Må ha eit prosjekt å henge fingrane i. Kjøkkenet står fyrst i køa, ja. Pussa opp soverommet vårt tidlegare i haust. Det vart veldig fint. Kjenner at eg har lyst å starte på neste rom...

Jaja. Enn så lenge skal det berre få ein tøtsj av grønsåpe... Bør vel ikkje starte på slike prosjekt rett inni jula... :)

Jepp jepp. Nok prat, meir handling! Tilbake til kluten og såpa!

mandag 2. mai 2011

Kom mai du skjønne milde...

Utsikt frå hagen vår.
Ein heilt nydeleg 1.mai i går baud til både kortebukse og t-skjorte. Litt kald nordavind var det, men i lune kråer var det skjere sommaren :)

Diverre brukte eg mykje av dagen på varetelling i lag med hornmusikken, men fekk litt sol på ettermiddag.


1.mai for meg er berre ein kjærkomen fridag. Eg er fagorganisert, men ikkje noko meir enn det. Eg er under middels interessert i både politikk og organisasjonsarbeid. Somme ristar kanskje på hovudet no, men eg har so mykje anna eg interesserar meg meir for som eg heller prioriterar.

Men heisar det norske flagget gjer eg!

Me feira svigerfar i går som fylte 68 år den 30.april. Svigermor diska opp med kaker og is. Herlig herlig :) ...sjølvsagt låg kamera igjen heime...


Som i mange andre hagar så er trampolina koma opp. Jentene storkosar seg. Spesielt Sigrid Marie har god nytte og trening med å hoppe. Me har ikkje sikkerheitsnett på trampolina av den enkle grunn at det er øydelagt. Kjem heller ikkje til å kjøpe nytt. Me har klare reglar for bruken, dei har ikkje lov å ha ting og tang oppå medan dei hoppar, og dei skal halde seg på midten slik at dei ikkje trakkar seg ned i fjørene. Eg synest dei kan lære seg til å bruke vett på trampolina, og ikkje stole blindt på at nettet hindrar skade. Ein har ingen garanti for at du ikkje dett på bakken sjølv om du har nett. Det har nemleg eg erfart!




Mary Ann og Astrid Oline flyg høgt over bakken i frydefulle svev :O)

Litt frå vår fyrste mai-dag. Kan vel ikkje verte stort betre enn dette :)

Korleis har dagen dykkar vore?

fredag 18. mars 2011

Giddaløyse å bloggtørke

Eg har vore lite aktiv i det siste ja. Har ikkje hatt ånda til å blogge. Tiltak å opne maskina for å skrive nokre velvalde ord...Ikkje har det skjedd stort heller.

Eller det vil sei...vinterferien som kom og gjekk med mykje besøk frå Bergen.
Me har endeleg byrja på rommet til Astrid Oline. Endeleg skal ho få sleppe det 6 år lange nomadetilværet.
Ei god veninne av meg fekk barn nr 4, gut nr 3 den 20. februar.
Eg har kjøpt nytt objektiv til kamera, 18-55mm.
Har vore mykje på ski, fleire flotte turar i nydeleg ver.
Jobb. Søkt ny jobb fått ja, måtte takke nei pga at eg ikkje fekk permisjon, søkt ny jobb igjen.
Krasja bil...ikkje min feil!!! Vart pårygga av ein stakkar som nett hadde teke lappen.
Tryna på ski, banka kroppen litt. Kjøpte skihjelm etter det...
Feira 30-årsdagen til ei god veninne.

Hmmm...hadde visst skjedd litt av kvart likevel ser eg :)

Hive med nokre bilete frå kameraet etter eg kjøpte nytt objektiv. :)

Her er Milla, dansk-svensk gårdshund, hunden til Inger-Hilde. (systa til Asgeir). SÅNN BOFS VIL EJ ME HA!!

Mini og Maxi kosa seg i snøen. Kjekt når eldste og yngste leika seg så fint i lag. Iste-selskap;)

Eg og pappa på skitur på Barstadheida. Utsikt mot Veirahaldet.

Papsen slikka sol. Kul kis :0)

Strålande vårsol og puddersnø! Kan det verte betre?? Det er herleg å leve sånne dagar!

fredag 14. januar 2011

Teljaren stige!

Ser at teljaren stig mot 10000 besøkande. Det hadde eg ikkje forventa då eg starta med bloggen for to år sidan. Ser ut til at de likar bloggen då ;)



Lurte på om eg skulle gjere noko ut av det, feire liksom. Lage meg ein gi-vekk som mine lesarar kan vere med på? Hadde det vore løye?



Må gruble litt i dag på korleis eg eventuelt skal premiere :)



Legg igjen ein liten kommentar på kva DU synest ;)

tirsdag 12. oktober 2010

Tannlegeskrekk...

Akkurat ja. 30 år å livredde tannlegen...
Det var nød og inga lyst som gjorde at eg måtte ringe den sure telefonen til tannlegen i dagtidleg.
I går kveld datt det nemleg ut ein bit av ei framtann. Tunga har hatt det frykteleg travelt borti tanna, og når det i tillegg vart vanskeleg for meg å kunne spele saksofon på skikkeleg vis, måtte eg berre få ordna det...

Ikkje berre hadde eg skade på ei tann....ej hadde pina det hol!!! KRISE!!!

Full narkose? Ikkje det nei...slegge? Ikkje det heller?! SPRØYTE??!! ...åh hjelpes...
Dei so veit, dissa sprøytene ser ut som MORDVÅPEN!!

Bedøvelsen funka den, tygde tunga mi opptil fleire gonga før eg fann ut at det ikkje var mat eg hadde i munnen...

So no sit eg her då, 1630,- fattigare, eit hol mindre, og dei to bileta mine heng til spott og spe hos tannlegen. Og tunga? Jau den har vakna til liv, og er frykteleg forkava borti den nye fyllinga, som har skarpe kantar, akkurat som den tanna eg skada til å byrje med!!