Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!
Viser innlegg med etiketten Matglede. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Matglede. Vis alle innlegg

mandag 20. desember 2010

Løfserøv og søstkokar!

Fredag var det tid for årets juleløfser. I år som i fjor var det eg og svigermor som baka. 3 timar brukte me på ein porsjon, og som i fjor vart dei veldig god!


Litt smaksprøver hadde me også, så fekk me prøve søsten som svigermor har kokt til jul. NAM!

I dag står søsten min for tur. Gjekk tomt både for løfser og søst etter bryllaupet:) Då er det klart me må ha påfyll! Mannjen gnir seg i henda og gler seg ;)


Så til slutt årets julekort. Dei beste juleønsker frå familien Mo Aam. :)






torsdag 20. mai 2010

Bryllaupsløfser!



I går hadde eg og svigermor bakedag. Då var det bryllaupsløfsene som skulle ordnast.



Me brukte ca 3,5 time på 36 løfser, inkludert kaffipause med prøvesmaking :-)


Det gjekk bra radigt med både baking, steiking og smøring. Ikke alle løfsene vart like fine, men ein må ha litt smaksprøver ikkje sant??




I og med at eg bur i lag med ein "løfserøv", så har eg merka pakkane med BRYLLAUP før eg la dei i frysaren. Så får me sjå om det har minka av ladet før dagen er her ;-)
Søsten er også klar og han er kjempegod!! :-)