Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

søndag 26. desember 2010

Jul på Hondetuå

Me feira jul heime i år og. Svigermor og svigerfar kom til middag og var her medan ungane opna gåvene sine, og me hadde ei koseleg feiring. :)
Årets julebord :)

Tradisjonen tru skulle me ete graut i ett-tida. Me kokte han heime, pakka i sekken og gjekk til skogs. Asgeir hadde vore i gapahuken å fyrt opp bål slik at der var trakka spor og gjort koseleg.


Der var ingen nisse å sjå, men tre ungar fulle av forventningar om kva kvelden kunne bringe.

Grauten smakte veldig godt, og julestemninga var på topp! Betre julevêr kan ein ikkje finne!



Årets julegåve! Har ønska meg eit massasjetrekk til å ha i stolen. Med Shiatsumassasje og rullande massasje i ulike program. DEILI!

Ønsker alle lesarane ei fortsatt god jul! :)

tirsdag 21. desember 2010

Solsnu!

I natt kl 23.38 snur sola.

Vintersolverv er tidspunktet én gang i året når jorda er i det punktet av sin bane rundt sola hvor den nordlige halvkule heller lengst bort fra sola. Dagen dette inntreffer er den med kortest daglengde. Når sola står i sør midt på dagen, har den sin årlig laveste døgn­maksiumums­høyde over horisonten (gjelder nord for ekvator og sør for polarsirkelen). I dagligtale sier man ofte at «sola snur» på dette tidspunktet. Ved Stenbukkens vende­krets når sola opp til senit midt på dagen på dette tidspunktet.
På den nordlige halvkule inntreffer vintersolverv enten
21. eller 22. desember. På den sørlige halvkule inntreffer det 20. eller 21. juni. Sommersolverv inntreffer på motstatt halvkule på de samme datoene.
Noen tidsregninger sier at vintersolverv er den første dagen av
vinteren. Den kinesiske kalenderen kaller vintersolverv dong zhi (vinterens ankomst), og dette er en viktig merke­dag. Andre regner dagen som midten av vinteren.
I Skandinavia ble vintersolvervet feiret med
luciadagen, men da den julianske kalenderen ble forlatt til fordel for den gregorianske, beholdt man luciafeiringen på 13. desember, og kom da i utakt med solvervet. Primstavsmerket var en sol. Denne dagen skulle man ikke arbeide med noe som ble dreid rundt, og heller ikke bake. Juleølet skulle også være ferdig innen 22. desember så det ikke kom «solverv» i det. (frå Wikipedia)

Så i dag kan eg vel berre legge frå meg tanken om å både bryggje øl og bake meir brød ;)
Herlig å tenkje på at det går mot lysare tider, vår og sommar!!

mandag 20. desember 2010

Løfserøv og søstkokar!

Fredag var det tid for årets juleløfser. I år som i fjor var det eg og svigermor som baka. 3 timar brukte me på ein porsjon, og som i fjor vart dei veldig god!


Litt smaksprøver hadde me også, så fekk me prøve søsten som svigermor har kokt til jul. NAM!

I dag står søsten min for tur. Gjekk tomt både for løfser og søst etter bryllaupet:) Då er det klart me må ha påfyll! Mannjen gnir seg i henda og gler seg ;)


Så til slutt årets julekort. Dei beste juleønsker frå familien Mo Aam. :)






fredag 10. desember 2010

Winter games!

Tenk å få spele i eit slikt orkester! Det er den store draumen...



Dette er beste OL-låta som nokon sinne er laga. Her spelt av komponisten David Foster.



http://www.youtube.com/watch?v=Xe8YcvqtAMY&feature=related

torsdag 9. desember 2010

Beklager!

BEKLAGER TIL ALLE LESARANE MINE!!!

Nederst på bloggen har eg filmsnuttar frå Honningsvågrevyen. Diverre er det slik at det kjem til videoar som ikkje har noko med den revyen å gjere i det heile.

No har det kome ein video med Harald Eia og Bård Tufte Johansen som harselerar med nazismen og Willilam Nygaard. Dette er ikkje ein film som eg med vetande og vilje har lagt til.

Eg oppdaga sjølv filmsnutten pga hakekorsa. Dette er ikkje noko eg står for eller synest er god humor.

Eg beklagar sterkt at denne filmen har kome inn på bloggen!

tirsdag 7. desember 2010

Tid for julekort...


Mary Ann gjekk seg frampå dette hjartet i snøen då me vassa i skogen for å finne juletre. Flott motiv for julekort :)

Eg har nysst lagt bak meg siste arbeidshelga dette året!! HÆRRLI!! Tre nattevakter på rad innbyd ikkje til meir enn soving, eting og jobb. Blir veldig asos av å gå so mange netter, men no er det snart juleferie! Har tre netter igjen før Nevrohjemmet stenger likkjejulafta, so då har eg fri heile jula, og det er himmelsk :)

Skulle lagt ved bilete av adventsstemninga i heimen...men akkurat no egnar ikkje huset seg på trykk ;) Til helga kanskje??
Me var å kika etter juletre i skogen ova i huset. Det vart julekortbilete også. Bileta er tekne med mobilen som faktisk tek betre bilete enn kameraet vårt!


1.desember hadde alle tre jentene fri. Då pakka me i bilen og køyrde til Hovdevatnet for å prøve skeissene. Det var kjempeflotte forhold, men det var frykteleg kaldt. Heldigvis hadde me med oss kakao og ullteppe og det hjalp veldig :)
Kjekt at me får sånne høve til å prøve andre vintersportar enn ski!

tirsdag 23. november 2010

Han vart ferdig før neste vinter-OL!!


Eg starta på ein OL-genser i vinter. Sist eg fekk meg heimestrikka genser var i 1993...den brukar eg enda...

Strikkinga starta eg med godt mot, og på fleire nattevakter sat eg med stive auger å strikka.

Det gjekk i grått...men så kunne eg endeleg byrje på mønstra. Den vart fole stramme og eg heiv frå meg heile prosjektet.

Så har det seg slik at eg har verdas beste svigermor, og med litt hjelp så SVOSJ og SVISJ og VIPS så fekk eg meg ny genser til vinteren! Herlig herlig!

Her er då resultatet, med eigenkomponert fargesamansetning. DEILIG!!!

onsdag 10. november 2010

HEIA AaFK!!!!


Å eg so ikkje lika fotball då...vart nesten biten av basillen i går.
Eldste tausa kom heim frå skulen so kry over si ny AaFK-hue og plakat av Jonatan Parr og CD med AAFK-songar.

Benedicte som går i 1.klasse på Åmås, var på kamp på CLS då ho fekk frisparkballen frå Parr rett i ansiktet. Rett på legevakta der dei konstaterte at det hadde gått bra, men ho hadde fått ei skikkeleg smell!

Ei veke etterpå kjem AaFK sin Parr til vesle Åmås friskule med "unnskyld"-gåve til alle elevane! Det må eg sei er veldig flott gjort av AaFK. Trur dei sanka seg nokre fleire supportera der ;)



Eg synest broren til Benedicte hadde tidenes kommentar då han kom på skule dagen etter kampen:

"Benedicte kjem ikkje i dag, ho fekk ballen i ansiktet."
"Uff, kor det gjekk då?" repliserte læraren,
"AAFK vann 3-1!" svarte broren!!!!

HA HA HA!!! ;)

Neste gong skal eg og heie på AaFK!!!

Les frå smp.no her og sjå frisparket som traff Benedicte! http://fotball.smp.no/eliteserien/article185408.ece

tirsdag 2. november 2010

Til minne om morfar og oldefar


Søndag 31.oktober fekk eg den ufatteleg triste beskjeda. Morfar er død.

Frukosten som var så koseleg smakte brått av salte tårer...

Gode snille morfar, tøysete og tullete oldefar. Det er uverkeleg at me aldri skal få sjå deg igjen. Aldri gode deg igjen, aldri få høyre den lune latteren din igjen. Det er så veldig veldig trist.

Du var alltid glad når me kom på besøk, og kom alltid ned på golvet for å leike med ungane. Det var stor stas for ungane at oldefar ville leike, og dei elska deg for det.

I lag med mormor fekk du gode år i flott leiligheit på "Likkje-Vartdal" på Prestegardsmarka. Det var som å kome inn i stova på Vartdal, sjøl om det var heilt nytt og annleis. Og sjølv om snikkarbuda måtte stå igjen på Vartdal, så hadde du garasje der ting vart ordna og fiksa når dokke flytta til Ørsta. Alltid stilte du opp når nokon trengde ei ekstra hand. Det var aldri nei i din munn når me spurde om hjelp, og me er veldig takksame for det.

Me sitte igjen med berre gode minne. Dei skal me ta vare på og ta fram når saknet vert for stort. Det vil verte ofte...

Me e so glade i deg morfar og oldefar. Me vil alltid huske deg.




tirsdag 12. oktober 2010

Tannlegeskrekk...

Akkurat ja. 30 år å livredde tannlegen...
Det var nød og inga lyst som gjorde at eg måtte ringe den sure telefonen til tannlegen i dagtidleg.
I går kveld datt det nemleg ut ein bit av ei framtann. Tunga har hatt det frykteleg travelt borti tanna, og når det i tillegg vart vanskeleg for meg å kunne spele saksofon på skikkeleg vis, måtte eg berre få ordna det...

Ikkje berre hadde eg skade på ei tann....ej hadde pina det hol!!! KRISE!!!

Full narkose? Ikkje det nei...slegge? Ikkje det heller?! SPRØYTE??!! ...åh hjelpes...
Dei so veit, dissa sprøytene ser ut som MORDVÅPEN!!

Bedøvelsen funka den, tygde tunga mi opptil fleire gonga før eg fann ut at det ikkje var mat eg hadde i munnen...

So no sit eg her då, 1630,- fattigare, eit hol mindre, og dei to bileta mine heng til spott og spe hos tannlegen. Og tunga? Jau den har vakna til liv, og er frykteleg forkava borti den nye fyllinga, som har skarpe kantar, akkurat som den tanna eg skada til å byrje med!!

mandag 11. oktober 2010

TOO FAR GONE KJEM TIL BYGDA!


Laurdag 16.oktober kl 21.00 er det duka for dans og fest på Kulturhuset.
Trønderbandet Too Far Gone, kjem til Ørsta.
Dei spelar norsk festcountry, og er kjende med låtane "Ælsk dæ vilt"
og "Zetor`n". Dei er no ute med ny plate "Sola i ryggen".

Billettar er å få kjøpt på www.orstakulturhus.no og i døra.


18 ÅRSGRENSE




Billettpris.: 310,-


(+omkostning ved nettkjøp)



Det skjer nåke i Ørsta, kom du også!!


Arr.: Ørsta Linedanceklubb
(bilde lånt frå www.toofargone.no)

onsdag 29. september 2010

"Blåtur" til Tallinn




I helga har eg vore på "blåtur" med damene på Nevrohjemmet. Flyet gjekk frå Vigra kl 06.30 fredags morgon...Mange trøtte tryne å sjå :)


Det var flybytte i Riga, propellfly (Fokker 50) til Tallinn. Mindre enn Dash 8, gamlare enn "Kråka"... Turbulens var ikkje artig i eit så lite fly kan ein sei...




Her ventar me på bussen inn til Tallinn by.



I gamlebyen finn ein Alexander Nevsky-katedralen med sine karakteristiske løkspir.
Katedralen er russisk-ortodoks, og me fekk gå inn å vere med på ei føremiddagsmesse. Det var ikkje lov å ta bilete inne.
Det var utruleg flott inne, med gullforgylte altertavle, veggmaleri og ein fantastisk himling! Vart nesten litt religiøs av stemninga og alle inntrykka.


I eit smug mellom Den Hellige Ånds Kirke, og Dominikanerklosteret fann me ein liten kafè, kjend for sin kakao med ingefær og vanilje. Dessverre fann vi ikkje ut det før etter at alle hadde drukke ein kopp kaffi og ete ei mektig sjokoladekake! :)



Så var det meg og middelalderhistorie og gamle hus... I gamlebyen kunne me gå rundt i trange gater og smug. Utruleg spennande å gå rundt å sjå gamle byggverk og drøyme seg tilbake til svunne tider.



Siste kvelden hadde me bestilt bord på ein russisk restaurant. Der fekk me servert russisk tapas! Veldig god mat, og flott russisk underhaldning. I tillegg fekk me servert iskald vodkashot i frosne glas frå to meters høgde! Ikkje akkurat karsk og konnjøl nei!

Søndagskveld, eller natt, kl 00.30 var eg endeleg heime. Heilt fullstending ferdig!
Kjekt med ein tur å lufte seg, men desto betre å kome heim til si eiga seng og stove, og ikkje minst, ØRSTAVATN!!!

torsdag 16. september 2010

Sjekk ut disse karane!

Smurfa rundt på youtube. Der kan en finne mykje rart, men av og til nokre gullkorn.

Sjekk ut disse collegekarane som var med i America`s got talent.

Utruleg tøft! Gå inn på linken under!

http://www.youtube.com/watch?v=c5CqE3rPxEY&feature=related

tirsdag 14. september 2010

Nytt bilete i headeren

Har styrt og endra litt på bloggen. Bildet på headeren vert ikkje bra uansett kva eg gjer. Nokon som kan forklare meg enkelt og greit korleis eg kan dele headeren opp slik at eg kan ha fleire bilete?

Er og blir ein trenøve når det gjeld sånn dataduppedingsestyr...
Har sett fleire bloggar med flotte headarar, men fattar ikkje korleis eg skal lage det sjølv.
HJÆLP!

mandag 13. september 2010

Jentetur til Bergen!

Tirsdag sette eg og systra oss i bilen og reiste til Bergen. Målet var show med Lisa Williams i Grieghallen tirsdagskvelden.

Billettane var bestilt og kjøpte for lenge sidan, og me hadde gleda oss lenge.

Lisa Williams er eit kjend medium og healer, og kan angiveleg kommunisere med døde som ikkje har "gått over til andre sida".

Ein kan velje å tru på at det faktisk finst noko etter døden, og ein kan la vere å tru. Det er i allefall utruleg facinerande å vere tilstades på eit sånt show. Fleire av dei i salen fekk ei so kalla "reading". Etter reaksjonane å dømme var det ikkje avtalt spel på nokon måte.

Sjølve fekk me ikkje "kontakt". Og kanskje var det like greitt? Sjølv om det var ei oppleving av dei sjeldne, vart det for mykje show av heile seansen. Fleire hundre personar i salen som sit forventingsfulle og spente. Det er klart at ikkje alle får same opplevinga (sjølv om me sat på tredje rad hjalp det lite på kontakta;) ).

Onsdagen brukte me til å spasere i Bergen by. Ein tur innom Hansabryggen, der dei gamle husa står som dei alltid har gjort. Skakke, skeive, mottetne og vanvittig spesielle! Heilt fantastisk å kunne vandre rundt inni smug og gamle bygningar. Ei stor oppleving for meg som elskar gamle hus og middelalderhistorie!

Onsdagskvelden var me barnevakt for eit par som var på LW-show. Då er mating av fuglane i Lille Lungårdsvann obligatorisk. Me var fantastisk heldige med veret, og hadde strålande sol frå me kom til me reiste heim.

Deilig sommartemperatur lokka oss til ei utepils på Bryggen. Det er ikkje ofte ein har anledning til!

Ein tur på Fløien fekk me også, ein flott septemberkveld.

Så var det på tide å reise heim. Etter ein tur på Ikea fyrst, soklart!!
Med ein liten Golf som framkomstmiddel, måtte det ein del logistikk til for å få plass til alt på veg heim...med lirk og lempe so går det meste!!
Gler meg til neste jentetur!!

lørdag 4. september 2010

Kven er du?

Ser at talet på besøkande snik oppover og oppover. Hadde ikkje trudd det då eg starta bloggen for over eit år sidan.

Men eg lurer veldig på...Kven er du som er inne på bloggen? Det er fullt lovleg å legge igjen ei helsing, det er berre kjekt.

Du kan kommentere utan å ha eigen blogg, legg inn kommentar som "anonym", men hugs å skrive namnet ditt til slutt. Så veit eg kven du er :) Eg er veldig forveta nemleg ;)

fredag 3. september 2010

Nokre bilete frå dagen vår :)

Buketten laga av Sissel Andenes hjå Sissel Blomster. Symbolske orkidèar for dei tre jentene våra. Nydelege kvite roser. Kjempefornøgd med buketten!!


Forlovarane våra Otto Jarle og Tone.


Kjærsteparet som nygifte :)


For dei som lurer så har Asgeir Ørstabunad. Den kan ha både grøn og raud vest. Asgeir velde grøn. Stramme kar!! ;)


Bileta er tekne av Tone Christin Molnes. Location, Bruahølen(Høgebrua)

tirsdag 31. august 2010

"Nytt rom"

Etter fem år i huset vårt har eg fått ei byge av oppussingstrong. Eg har ein tendens til å lage meg meir arbeid enn strengt tatt naudsynt, men eg tenkte at å male oppatt barnerommet skulle vere grei skuring.
Då me flytta inn ville Mary Ann ha rosa rom...å mora tenkte at det skal ho jammen få.
Fargen kom på veggen, og var så skrikande at eg var nøydd å dempe han med kvite skyer og svamping med kvitfarge... Etter kvart falma fargen, og såg noko gresen ut. Eg hadde bestemt meg for at eg skulle gjere noko med rommet i sommar. Men så var det den tiltakslysta då...
Men no er det gjort! Vekk er rosafargen og dei mørkeblå gardinene. Eg kan vel skryte av å ha gjort stort sett alt sjølv. Fekk litt hjelp til å maskere listene. Sabla møkkajobb!!
Her har dykk litt før og etter bilete. Ikkje so lett å sjå, men sikkert bra nok :)
Veggen med svampeteknikk...so som so...

Husbonden lure på om han sleppe å ta vekk golvlistene, men han måtte nok til ja ;)

Her har veggen fått ny lys farge, og senga har vorte eit snev lilla. Nattbordet skal også verte lilla...ein anna dag... Nye plastkasser til leikene, skal etterkvart lage ei stor sengeskuff til å ha det meste nedi.
Nye gardiner må også til. Liftgardin kjøpt for 100,- som mamma sydde om til panelhøgder. Genialt, å veldig tøffe gardiner!! Har også fått opp lystett rullgardin. Morgonsola skin rett inni rommet, og det vert veldig lyst.
Har ikkje fått opp så mykje bilete enda. Kjem etter kvart. Skal til Bergen og Ikea neste veke, so då skal det kjøpast litt forskjelligt tenkji ;)


lørdag 28. august 2010

Auke i familien Mo Aam ;)

Eg som har sagt at eg ikkje skal ha fleire små i hus...
No har me jammen greidd å få oss ein PUS!

Me henta katten i går, og det ser ut til at ho finn seg vel til ro her. Kitty skal ho heite, det har Astrid Oline og Sigrid Marie bestemt :)

Til og med eit pappahjerte smelta når "likkjetausa" ville kose. "Tenk ha dei vore so små alltid" sa han... So nette atte!!!



fredag 20. august 2010

Give away hos Tonje sitt styr og stell.

Tonje har giveaway på bloggen sin. Gå inn her og ver med i trekninga du og! :)

onsdag 18. august 2010

Kanotur på Vatnevatnet



Eg og pappa hadde oss ein flott padletur på Vatnevatnet forrige mandag.



Då me starta var det "svartestilla" på vatnet og det var kjempeflott å padle lags land!



Hestehornet speglar seg i vatnet, var dessverre for nærme land, så eg fekk ikkje tatt bilde av heile fjellet og spegelbiletet...




Nydelege vassliljer, eller nøkkeroser om du vil...

onsdag 11. august 2010

Mary Ann 10 år i dag!!

Ei jente med mange interesser, men fisking og badeliv står hjartet nærast.
Ei god jente som likar klem og kos med mamma og pappa, men som også synest det er godt å vere heimanfrå ei stund. Ei kjekk storesyste som likar å plage litt;) men som stort sett er flink å hjelpe småsystene. Ei jente som er på veg mot å verte ungdom.

Storejenta til mamma og pappa! Me e kjempeglade i dej Mary Ann!
Gratulere så mykje med dagen i dag! Gler oss til rekeaften i kveld i lag med heile familien!

mandag 9. august 2010

Utfordring!

Fekk ei lita utfordring med Stine. Skal prøve så godt eg kan å svare på desse spørsmåla:-)



Legg også til et ekstra spørsmål du selv kommer på.
(34 spm)

1. Hvilken årstid liker du best?
Alle har sin sjarm, men våren er veldig fin, med fuglekvitter og "museøyrer" på bjørka. Det er så herleg å gå på fjellet uten ein sverm med fluger og anna svineri flygande rundt øyrene!

2. Hva er/var dagens middag?
I dag har Christoffer og Odd-Børre bestilt "verdens beste" heimelaga pizza!!

3. Hva var det siste du kjøpte?
Slush til småjentene :)

4. Hva hører du på nå?
Klikkinga ta tastaturet på maskina :)

5. Hvilke klær i garderoben er dine favoritter?
Capribukse og singlet

6. Hva er din favoritt iskrem-smak?
Sorbetto frå Hennig Olsen,, bringebærsorbet, BEST!

7. Hva synes du om personen som tagget deg?
Kjenner ho ikkje personleg, men gjekk skule i lag med storebroren hennar i seks år:)
Virkar som ei strukturert og veldig flink dame. Lagar flotte kaker! Blir spanande å sjå korleis fotohobbyen utviklar seg :)

8. Hvis du kunne dratt hvor som helst i verden, i den neste timen, hvor ville du dratt?
Femundsmarka på kanotur.

9. Hvilke språk ønsker du å lære?
Swahili og islandsk

10. Hva er din favorittfarge?
Lilla

11. Hvilken bok leser du akkurat nå?
Lese to seriar med "husmorporno" ;) Sagaen om Sunniva og Hverdagsengler.

12. Beskriv din personlige stil.
Sporty, "Alle ser bra ut i Bergans" ;)

13. Hva skal du gjøre etter du er ferdig å svare på utfordringen?
Eg skal vere med pappa på kanotur på Vatnevatnet.

14. Hva er ditt favoritt dyr?
Hund

15. Hva inspirerer deg?
Natur og menneske

16. Hva er din favoritt-frukt?
Elskar all slags frukt, men mango er ein stor favoritt

17. Nevn noe du VIRKELIG ser frem til.
Å få ein jobb der eg slepp å pendle 5,5 mil...

18. Samler du på noe?
Tja...sølvbestikk??

19. Hvis du kunne endret navnet ditt til hva du ville, hva ville det være?
Eg kan ikkje heite noko anna. Asbjørg Helen Mo det er eg!

20. Hvor mange ganger trykker du på Slumre-knappen før du står opp?
He he he...veldig mange gongar...

21. Hva er din favoritt-lukt?
Lukta av hud som har vore ute i sol ein heil dag ( "solbrend" hud som ikkje er brend altså)
Det luktar sol, sommar og naturleg!

22. Hva er ditt favoritt-snop?
Alt som er surt, karameller og mjuk lakris

23. Hva er ditt største mote-feilsteg?
Det var ein gong eg kom i nikkers og vadmelshatt på ungdomsskulen...må også sei at det var eit veddemål eg hadde med pappa...han trudde eg ikkje kom til å gjere det. Eg fekk ingenting anna enn rare blikk og eit dårleg mote-rykte!!! (Dette var i argaste OL94-feberen, var "litt" mote...)

24. Hva er det du bare MÅ se på TV?
True Blood!!!

25. Hva ville du bli da du vokste opp?
Kiropraktor

26. Hva er du mest fornøyd med når det gjelder kroppen din?
At den faktisk klarte å bere fram tre velskapte born!

27. Har du noen fobier?
Insekt! Hata alt so krype å kravla å suge seg fast på kroppen.

28. Er det noe i livet ditt du virkelig angrer på?
At eg ikkje gjekk musikklinja på gymnaset, og satsa meir på musikken.

29.Om du kunne velge EN person, hvem har formet deg mest?
Vanskeleg å sei, men det må bli Mary Ann. Storejenta mi som kom til verda då eg var berre 20 år. Ho lærte meg å vise meir følelsar, og ta meir ansvar i livet. Store flinke jenta mi som no e 10 år...ufatteleg...

30. Hvem er ditt største IDOL ?
Oi, der er mange som kunne vore nemnd. Men eg diggar Lars Monsen og det at han fekk med seg ein gjeng folk med ulike grader av funksjonshemming ut i villmarka, og at dei faktisk kom i mål med turen! Det finst INGEN GRENSER!

31. Hva er ditt beste barndomsminne?
Eg hugsar så vidt ein sommar der eg leika cowboy og røvar i lag med storebroren min og syskenbarnet vårt. Eg var seksløpar-Sally og hadde pistolbelte og hatt, med koseteppet mitt knytt rundt meg som frakk. Me leika i mellom hesene som stod i Rishauen oppom huset vårt på Mo. Trur eg kunne vere rundt 3-4 år :) Herlege minner som heldigvis er festa på foto!


32. Kva ser du på som dei viktigaste faktorane/elementa i ditt liv?
Familie, gode vener, tryggleik og kjærleik.

33.Hva tenker du om fremtiden?
Håpar at eg får ein jobb der eg kan bruke dei evnene eg har. Kunne godt ha tenkt meg å studere til kiropraktor, men 6 år i utlandet er utelukket slik ståda er no med tre små born i hus.

34. Beskriv din drømme-jobb?
Draumejobben...innber ikkje turnus med helg- og høgtidsjobbing. Eg har vorte kravstor på arbeidstida, og vil ha mest mogleg tid heime i lag med jentene. Eg vil ha fri når dei har fri...slik sett er det vel kun læraryrket som passar...men det tvilar eg på er min veg å gå. Eg likar å jobbe med menneske, men sjukepleiaryrket er ikkje noko eg kan verte gamal i. Håpar at ting fell på plass etter kvart og at eg finn det yrket eg verkeleg brenn for!

35. Kva er ein perfekt dag for deg?
Ein perfekt dag for meg er at heile familien er ute på tur, med niste, saft, litt sjokolade og vafler på bål!

*Gi utfordringen videre med link til 5 andre personer


Eg gir utfordringa vidare til:

Anette
Tove
Sølvi
Åse-lill
UngeGangsøy





søndag 1. august 2010

Endeleg heime igjen!

Turen heim til gamlelandet gjekk veldig bra. Me kom heim onsdagsnatta, etter ein lang dag med køyring. Bilen gjekk som ei klokke heile vegen!!!...fekk sikkert svenskesykja...:-)

Ferien er på hell og i morgon er det barnehagetid igjen for dei to minste. Mary Ann går og tel ned dagane til bursdagen sin 11.august, og har store planar for feiringa!

Har ikkje fått fleire bilete frå bryllaupet, og dersom nokon har litt bilete, så send meg gjerne! Håper der er nokon som har filma i kyrkja...det ergrar meg litt at eg ikkje fekk folk til å gjere. Dersom du har ein filmsnutt, så vil eg gjerne ha den!! Musikken er litt vanskeli å feste på bilete :-)

Håper alle mine lesarar har hatt ein fin sommar, sjølv om det har vore kaldt og vått og lite sol. Me får håpe på ein Indian Summer til hausten!! :-)

Kjem med feriebilete om ikkje lenge!

søndag 25. juli 2010

Hallå från Sverige!!

Eit lite livsteikn frå oss på tur. Me er på campingferie for förste gong, og me tok turen til Trollhättan for å besöke Odd-Börre.

Me har vore ei veke på vegen. Förste stopp på Hunderfossen, så reiste me vidare til Magnor-Charlottenberg og vidare til Trollhättan. Tenkje me startar turen heim på tirsdag, godt me nokre dagar heime för me skal til på jobb igjen.

Veret er so som so. I dag er det grått og trist, og eg höyrer at det er bra ver heime....hvilken tur...

Bilen har fått köyrd seg denne veka, og det resulterte i motorstopp på vei frå Årjäng til Trollhättan...no har me kjöpt nytt dieselfilter og skal få skifta det, så får me håpe at det gjer susen...viss ikkje ser det svart ut for heimreisa vår...Kryss fingrane!!

No er det straks pizzatid!! Bloggast seinare!!! :-)

torsdag 15. juli 2010

Vår fantastiske bryllaupsdag!


Med foreldre og svigerforeldre på kyrkjetrappa.


Flotte mannje min i sin flotte Ørstabunad!




Endeleg er me gifte!



En ta dei feitaste Mercedesane i bygda, Otto Jarle sto for brudebilen :-)

Dagen var heilt fantastisk! Alt klaffa heilt perfekt!
Tusen takk til Idar, Kristina og Heidi for inngongsmarsjen, tusen takk til Follestaddal hornmusikk for utgongsmarsjen og Janita og Bernt Inge med intro.
Tusen tusen takk til Maria og Anette for heilt nydelege songa i kyrkja. Me sat med gåsehud både eg og Asgeir!!
Tusen takk til Marit for ein kjempejobb som kjøkemeister! Du er PROFF!!!
Tusen takk til kokkane våre, Silje og Tore, for FANTASTISK god mat!

Tusen takk til alle gjestane våra som gjorde dagen vår heilt spesiell!!!

lørdag 10. juli 2010

Dagen er komen, laurdag 10.juli 2010!

I dag er dagen eg skal verte kone og Asgeir skal verte min ektemann.

Starta roleg med ein god frokost, og no ber det snart av stad til sparkel og pynt :-)

Alt er klart, difor har eg sove godt i natt!! Takk og pris for at eg elskar å skrive lister!!!!

Gler meg til å sjå den flotte mannen min i bunaden han fekk med meg, han vert HÆRRLI!!

No har eg ein time til berre kos heime i lag med familien, og den skal eg bruke til å puste djupt!

Ha ein fortreffeleg dag folkens, det skal eg ha!!!!!!!!!!!!!!!!! :-)

Klem frå BRUDA og BRUDGOMMEN!

mandag 5. juli 2010

Pause nei?

Fekk ei byge med skrivelyst, og tenkte at eg kunne dele litt av det som har skjedd i heimen siste tida. Me har ikkje berre tenkt bryllaup, det har vore tid til litt anna innimellom ;-)





Søndag for 14 dagar sidan var me på tur til Berkneset, der har Tussa eit naust med båt me kan låne. Båten er for tida under rehabilitering, men att med naustet er ei lita fin vik, med steinstrand og grillplass.









Kledde godt på ungane før me reiste heima. Det var kald vind og litt surt, men når me kom ned til sjøen var det faktisk VARMT! Ungane var ikkje seine å be når dei fekk lov å bade. Og dei heldt ut ei heil stund. Me grilla og kosa oss, fiska litt og sola oss. Ein heilt herleg søndag i lag med familien!



Så var det jonsokfeiring på ungdomshuset fram i Vassenden. Det er alltid like kjekt å kle seg ut!! I år var det prinsesser, draculadame, alpebudeie og indianerpikkolo:-)


So var det endeleg Asgeir sin tur...min hærrlige SUPERMANN!!! Dagen var fartsfylt med gokart, havrafting og dirigering av bilar på Festøy-Solevåg...Say no more!!! Han hadde det i allefall heilt HIVENS!!! (Ekje han fine???)