Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!
Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg

tirsdag 31. august 2010

"Nytt rom"

Etter fem år i huset vårt har eg fått ei byge av oppussingstrong. Eg har ein tendens til å lage meg meir arbeid enn strengt tatt naudsynt, men eg tenkte at å male oppatt barnerommet skulle vere grei skuring.
Då me flytta inn ville Mary Ann ha rosa rom...å mora tenkte at det skal ho jammen få.
Fargen kom på veggen, og var så skrikande at eg var nøydd å dempe han med kvite skyer og svamping med kvitfarge... Etter kvart falma fargen, og såg noko gresen ut. Eg hadde bestemt meg for at eg skulle gjere noko med rommet i sommar. Men så var det den tiltakslysta då...
Men no er det gjort! Vekk er rosafargen og dei mørkeblå gardinene. Eg kan vel skryte av å ha gjort stort sett alt sjølv. Fekk litt hjelp til å maskere listene. Sabla møkkajobb!!
Her har dykk litt før og etter bilete. Ikkje so lett å sjå, men sikkert bra nok :)
Veggen med svampeteknikk...so som so...

Husbonden lure på om han sleppe å ta vekk golvlistene, men han måtte nok til ja ;)

Her har veggen fått ny lys farge, og senga har vorte eit snev lilla. Nattbordet skal også verte lilla...ein anna dag... Nye plastkasser til leikene, skal etterkvart lage ei stor sengeskuff til å ha det meste nedi.
Nye gardiner må også til. Liftgardin kjøpt for 100,- som mamma sydde om til panelhøgder. Genialt, å veldig tøffe gardiner!! Har også fått opp lystett rullgardin. Morgonsola skin rett inni rommet, og det vert veldig lyst.
Har ikkje fått opp så mykje bilete enda. Kjem etter kvart. Skal til Bergen og Ikea neste veke, so då skal det kjøpast litt forskjelligt tenkji ;)