Ein av fineversdagane forrige veke vart enda litt finare. Ein admiralsommarfugl låg på plenen og sola seg. Gjorde seg til for kamera. Dessverre var storekamera uten batteri, men trur kompaktkamera greidde å fange noko av det vakre med denne sommarfuglen.
I bedet står ei rosebusk i full blomst. På plenen blomstrar dei små kvite blomane som veks heile sommaren og i grøftekantane veks fargerike lupinar. I lag med Admiralen og dei flotte temperaturane som har vore, så vert tankane om haust og vinter fortrengde.
Ser ut som om det er full sommar i Ørsta:-)) Nydlege bilder - jannetoveklem
SvarSlettKor artig å få kome så nært inn på sommarfuglen!! :D Skulle gjerne hatt meir av dei varme dagane.. men kan vel ikkje klage. Så lenge snøven held seg unda er eg glad, eg. :) klem
SvarSlett