Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

mandag 23. mars 2009

Kjedeleg...

Når katten er vekk dansa musa på bordet, sei dei... Men du verden for en kjedeleg dans då!!! Eg og jentene skal vere heime ei lita veke, medan far er på kurs. Må sei det er kjedeleg!! Både eg og jentene går berre og snara i dørene, og har ikkje lyst å starte på noken ting. Ikkje en gong å lage middag er kjekt! Kjedeleg å vere aleine om alt som skjer heime, kjedeleg å sitte å sjå film aleine, kjedeleg å legge seg aleine...hjelpe ikkje det spor at eg er husredd og mørkeredd...

Men det gjer godt å sakne litt og å ha det kjedeleg. Då lære ein seg å setje pris på kvarandre ellers i kvardagen.

Peter Cetera sei det ganske bra i songen "hard to say I`m sorry":


Everybody needs a little time away,

I heard her say, from each other

Even lovers need a holiday,

far away from each other

Hold me now, it`s hard for me to say I`m sorry

I just want you to stay




Av og til gjer det godt å sakne kvarandre, det blir så mykje betre når ein kan halde rundt kvarndre igjen og kjenne kor godt det er å vere to.

Kan ikkje anna enn å sei at eg gler meg til torsdag!