Fann fram til denne koselege bloggen då eg var på vandring i bloggverda.
Tenkte eg ville dele han med mine lesarar :-)
To damer i Ålesund som heklar, syr og strikkar på bestilling. Kjekt for dei om ikkje orkar å gjere det arbeidet sjølv ;-)
- Gjengen framma dala
- Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!
onsdag 24. februar 2010
mandag 22. februar 2010
Skitur til Mosetra.
I går hadde me oss ein flotte tur til Mosetra. Hadde aldri trudd at me kom til å kome oss heilt opp, men der tok eg grundig feil!! Astrid trur eg var utstyrt med rakett i baken, ho gjekk som eit olja lyn, og dei sure minene låg igjen heime!!
Sigrid kosa seg i pulken. Der var det varmt og godt. Eit stykke før me kom opp måtte også ho få kome ut å strekke på beina.
Mary Ann måtte snu eit godt stykke før me kom opp til setra, då vart naturens kall for påtrengande. Men me hine fekk ein flott tur.
Tone og Gunnar med familie var også med. Då me kom opp på setra fekk me kom inn i hytta til Gunnar sine foreldre. Der fekk me varma oss og tørka sko og klede. Det var kjempegreier!
Føret var heilt topp, og det er trakka vei heilt opp på setra. Turen heim vart skym, men veldig fin! Dette gjer me gjerne oppatt snart :-)
onsdag 10. februar 2010
Ringen er slutta, ei epoke er over.
4.februar var ein ufatteleg dag heime hjå oss.
Me fekk den triste beskjeda om at bestemor var død, nær 93 år gamal.
Det gamle hjartet hennar var for svakt til å halde fram med å slå etter eit hjarteinfarkt.
Bestemor fekk 5 born, 16 borneborn, 33 oldeborn og 6 tippoldeborn. Når ein tenkjer på at ho var einebarn, så er det fantastisk at ho fekk så mange etter seg. Det sa ho ofte sjølv også.
Ho likte godt å få sitte på trappa si om sommaren å kike utover tunet og bakkane der ho og bestefar hadde sitt arbeide. Stundom vart heile familien samla utanfor huset, og me steikte vafler og sveler til alle som kom. Bestemor sat som ei dronning på trappa og skua utover etterkomarane sine.
Bestemor var veldig glad i handarbeid, og mest heile slekta har fått tova tøfler, hakka gryteklutar, panneband og huer. Ho var flittig og var kjempeglad når nokon kom for å "bestille" noko.
Eg hugsar eg låg i fanget til bestemor, kalla henne dundyna mi, og fekk høyre historia om jasen og røven på Mosetra. Jasen kom seg alltid i sikkerheit fordi han fekk kome inn i selet.
Bestemor laga verdas beste julemanna! Ofte laga ho dei i november, kanskje også i oktober. Dei gjekk unna med kald melk attåt, uansett kva tid ho laga dei.
No blir det ikkje fleire julemanna. Tråden og strikkepinnane får kvile. Historiene får me hugse som best me kan, og gøyme minna i hjartet vårt.
Vafledagane får me halde i hevd, men det vil ikkje verte det same uten bestemor.
Me sakna deg besta vår.

tirsdag 2. februar 2010
Sol og skyfri himmel!
Dagen i dag er definisjonen på ein perfekt vinter. Sola skin frp skyfri himmel, skia skal smørast med blå Swix (det er jammen ikkje ofte, stort sett går det i klister...eller rulleski...).
Og i går kom mannje min, som snart skal bli EKTEmannje min, heim med ein splitter ny spark! Det har eg ønska meg i fleire år, og endeleg kom det i hus!
Når mannje kjem heim for å avløyse "sjukehuset", så skal ho mor på sparktur!!

Abonner på:
Innlegg (Atom)