Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

tirsdag 5. april 2011

Gratulerer med dagen Sigrid Marie!

I dag har likkjetausa vår endeleg bursdag! Ein dag som ho har sett fram mot i fleire veker. Laurdag fekk ho feire bursdag med barneselskap for fyrste gong. Det var stor stas, og ho kosa seg veldig! Ein fin gjeng 4-åringar som leika og kosa seg kjempefint i lag. I dag fekk ho med seg is og kanelsnurrar i barnehagen, og feira med flagg, krune og bursdagssamling. Det var ei strålande blid jente som kom heim frå barnehagen i dag. I natt skal ho få overnatte med Besta. Det såg ho veldig fram til. Eg skal på jobb og treng nokre timar på auget i morgon før det brakar laust med familieselskap. Då skal me feire begge jentene. Astrid Oline vert nemleg 6 år i morgon! Gratulerer med 4 årsdagen Sigrid Marie! Me er så veldig veldig glade i deg og så utruleg stolte av deg! Klem frå mams, paps og systene dine.

2 kommentarer:

  1. GRatulerer så mykje med jentene dokka som e so fantastisk flotte! Skjøna godt at dokke e stolte! Håpe feiringane verte fine og at bursdagsbarna kosa sej. Stor klem frå oss;-)

    SvarSlett
  2. Gratulerer med dagen til både den eine og den andre!! :) April er sjølvaste bursdagsmånaden både her og der, selskapsmaraton i barnehagen her vertfall. Og i helga er det vår tur å fylle huset. tenk at det er 4 år sidan Sigrid Marie og Sofia kom til verda.. det gjenge fort gitt. Håper det gjekk bra med kombo jobb og selskaplegheiter! Klem

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)