Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

tirsdag 26. april 2011

Påskeferien over for i år

Og me prisar sommaren. For det var vel han som kom? Herleg med sol og varme. Eg vil tru dei aller fleste har kjent eit snev av klaustrofobi i løpet av dei siste 6 mnd. For all del, eg er veldig glad i snø, men til og med for meg vart det nok no :)


Me har hatt fri alle mann i påska, og me har kosa oss veldig. Vafler på altanen, grill, sykkel, trampoline og litt bursdag.


Asgeir fylte 35 år palmesøndag, og me hadde huset fylt med kakegjestar.




Det aller sværaste var vel påskeafta. Då pakka eg ungane i bilen, og tok med mormor på handletur. Då me kom heim, var Asgeir nett ferdig med nedvask på rommet til Astrid Oline. Ho skulle få nytt rom i bursdagsgåve med oss. Han hadde fora vindu, lista tak, golv, dør og vindu så alt var klart til innflytting.


Astrid Oline var veldig spent, og grugledde seg. Ho skulle ligge nede aleine for fyrste gong, sidan Mary Ann var på påsketur.


Då ho kom seg i seng vart ho veldig trist og sa, "ej vil egentli ikkje ha nytt rom". Stakkars jenta mi! Det reiv i mammahjertet då. Ho har alltid måtta dele rom med systrene, og alltid hatt nokon i lag med seg om natta, klart det vart skummelt å plutselig skulle sove aleine. Forstod ho godt eg...


Natta etter gjekk det litt betre, då låg Mary Ann vegg i vegg og alt vart litt tryggare. Eg trur nok det går betre etterkvart. Når tante Marianne får handle på Ikea til oss, så skal me gjere det enda betre på rommet med tepper og anna stæsj :)


Mary Ann var på skitur på Strynefjellet i helga. Pappa hadde leigt Kvitberghytta som ligg på andre sida av fjellet for Danskehytta. Der isfiska dei, laga skihopp, krangla med lemen og kosa seg i strålande sol. Ekte påsketur med andre ord.


No ser eg fram til meir vår, sol og sommar. Om tre veker er det konfirmasjon her på garden, då skal Anders stå for presten:) Må vel til å sjekke ut om alt av bunadar og skjorter passar;)


Det var litt frå påska vår. Korleis har du hatt det? :)

tirsdag 5. april 2011

Gratulerer med dagen Sigrid Marie!

I dag har likkjetausa vår endeleg bursdag! Ein dag som ho har sett fram mot i fleire veker. Laurdag fekk ho feire bursdag med barneselskap for fyrste gong. Det var stor stas, og ho kosa seg veldig! Ein fin gjeng 4-åringar som leika og kosa seg kjempefint i lag. I dag fekk ho med seg is og kanelsnurrar i barnehagen, og feira med flagg, krune og bursdagssamling. Det var ei strålande blid jente som kom heim frå barnehagen i dag. I natt skal ho få overnatte med Besta. Det såg ho veldig fram til. Eg skal på jobb og treng nokre timar på auget i morgon før det brakar laust med familieselskap. Då skal me feire begge jentene. Astrid Oline vert nemleg 6 år i morgon! Gratulerer med 4 årsdagen Sigrid Marie! Me er så veldig veldig glade i deg og så utruleg stolte av deg! Klem frå mams, paps og systene dine.