Men bileta har eg enda, og eg fekk mange blinkskot. Det var utruleg flott å sjå kor elva hadde frose til, og kor monge rare figurar som dukkar opp ut av rimet.
Ein blåfrosen laksefiskar ved Skarehølen. Ser unekteleg noko "stiv" ut dinna karen!
Eg har ikkje gått langs elva anna enn der me eig sjølve. Dermed dukka det opp perler som for meg var ukjende.
Sagfossi på Brautaset. Eit fantastisk lys som gjorde elva trolsk og mystisk.
Dette biletet er eg ekstra nøgd med, og det kan jammen hende det kjem på lerret i stova!
Berre eg viser litt interesse for å redigere bileta... :)