Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

torsdag 23. april 2009

Vårens vakraste eventyr!

Vil berre minne alle som er innom bloggen min på vårshowet til ballettskulen til helga.
I år er alle kostymene nye, og det er sjølvsagt ny koreografi. Jentene og gutane som er med og dansar er kjempeflinke, og i år som alle hine år er det eit flott show!!!

Billettar får du på www.orstakino.no

Fredag kl 19
Laurdag kl 17
Søndag kl 15

Alle er hjarteleg velkomne!!!

tirsdag 21. april 2009

Endeleg vår!




I helga hadde endeleg mamma og pappa tida til å ta ut trampolina frå vinterdvalen. Jentene var flinke å hjelpe til, og på eit lite blunk var trampolina klar til bruk igjen.

Mary Ann og Astrid Oline øva seg på salto, eller stupe kråke om du vil :-)

Dessverre hadde sikkerheitsnettet fått litt hard medfart i fjor, så mor måtte kjøpe McGyver-teip på mandag for å fikse det. Jentene fann fort ut at det var tryggast å vente til nettet var på plass, men når mamma og pappa passa på, hoppa dei litt likevel.

Søndag var det nydeleg vêr tidleg på dag. Me pakka i bilen og køyrde fram på Bondalseidet. Ikkje for å gå på ski nei...he he. Der ligg eit lite vatn, Videtjørn. Der skulle me prøve fiskelukka for første gong i år. Dessverre var det kun botnalaks å få. På mest alle kasta gjekk sluken i botn, og på siste kastet til Mary Ann, kom sluken aldri på land igjen. Då var det godt at bestefar nett hadde kjøpt nye slukar!!

Her må pappa hjelpe til å feste sluken.

Sjølv om det var sol, var det ein fole kald vind, men me kosa oss i lyngen med nistemat og kakao. Og når ein la seg heilt med i lyngen var det eigentleg varmt og fint. Etter eit par timar reiste me heim, tomme for fisk, men rike på nye vårgjele!!

Neste gong får me håpe det er både fisk å få, og lite vind!

fredag 17. april 2009

Triveleg med besøk

Eg var nysgjerrig på om det faktisk var folk som var inne å kika på bloggen min, difor laga eg til ein besøkstellar. ( Ein kjedeleg ein sådan, men den fungerar:-))
Til mi store overrasking auka talet på besøkande for kvar dag. Det synest eg er kjempekjekt, og veldig spanande!! For kven er alle dokke som er inne på bloggen? Dokke må gjerne legge igjen ei helsing og gi tilbakemeldingar på bloggen. Det er berre kjekt å sjå at det er andre enn meg sjølv som er inn på og kikar!

Frå å vere ei som aldri skulle lage blogg, har eg no vorte av dei som er inne kvar dag ein liten tur for å sjekke om det er nyhende. Kanskje har eg fått helsing frå gamle kjende som har funne link til bloggen min hos ein medbloggar. Kanskje har eg fått kommentar på bloggen min, eller rett og slett berre ser at talet på besøk har auka litt meir sidan i går. Veldig spennande!!

Eg håpar at eg etterkvart får litt meir dreis på å legge inn bilde og innlegg, og at bloggen blir representativ for meg og familien min. Det får vere eit av måla framover :-)

Fole kjekt om du vil legge igjen ei helsing på bloggen, men sjølvsagt ingen tvang! :-)

onsdag 15. april 2009

Vårteikn




No er endeleg våren her, og det ligg ei forventing om sol og godt vêr i lufta. Det sikraste vårteiknet nest etter snøklokker og kvitveis, er dekkskifte!!
bilda er lånt frå Sharif.no
Her ser du dekk og felg som eg bestilte.


No må eg berre bryte i hop og tilstå, at en fin, rein bil med stilige lettmetallfelgar er tøft. Uansett om det er familiebil eller sportsbil.

Så i går vaska me bilen, min kjære og eg, og i dag tidleg var eg inn på Sharif.no og bestilte nye sommardekk og nye lettmetallfelgar!!! Det reiv i lommeboka og bankkortet krympa to størrelsa, men steik kor kjekt det blir å stæsje bilen litt!!
Det beste ta alt er at eg hadde like mykje lyst på nye felgar som Asgeir, og at det faktisk var eg som slo til og kjøpte dei!!
Dersom du skal kjøpe nye dekk i år, vil det lønne seg for deg å gå inn på www.sharif.no. Alle prisane er inkl moms og frakt. Varene blir leverte hos Waagan Transport på Blindheim i Ålesund, og kjøper du dekk og felg, får du dei ferdig på balanserte på felg.
Hugs å sjekke vognkortet før du kjøper dekk. Der står det kva dimensjon dekka skal ha, og kva hastigheit dei er rekna for. Les om dekka og samle inn tilbod. Sats på kjende merke som Continental, Michelin, Firestone, Pirelli og Nokian framfor andre ukjende merke. Det lønner seg å bruke nokre 100-lappar ekstra. Du vil få mykje igjen for det når du startar køyringa. Du kan spare drivstoff, du får betre køyrekomfort og køyreeigenskapar, du vil få mindre dekkstøy og bilen vil ligge betre på både våt og tørr vegbane. Dessutan kan du ha dekka fleire sesongar, forutsett at køyrestilen din ikkje slit dei ut! :-)
Gler mej til nyedekka kjøme!!!!!!
Godt dekkskifte folkens!!




søndag 5. april 2009

Bursdagsfeiring!!

Og så var dagane her igjen...småtausene har bursdag!! 5. og 6. april er store dagar her i huset. Sigrid Marie vart 2 år og Astrid Oline vart 4 år!!

Tida går så altfor fort og eg skulle ønske at dei kunne vere små lenger. Samtidig ser eg fram til at dei vert meir sjølvstendige og ikkje er så totalt avhengige av oss.

I dag har vi hatt fullt hus med heile familien. I morgon skal Astrid Oline få ha barneselskap for aller første gong, og ho gler seg veldig!! Eg gler meg til selskapet er over... :-) ..nei det skal verte kjekt for Astrid å få besøk av venane sine, og ho ser fram til dagen med forventing.

Kaker må til, og i morgon skal me lage sjokoladekake med 4-tal på :-) Elles har me laga gulekremkake og Asgeir leita fram konditoren i seg og tromma i hop ekte heimelaga bløtkake!! Steik for en flinke mann eg har!!!

Bilder kjem...håpar eg :-)

onsdag 1. april 2009

Steikje fine gardine!

No er eg så kry av meg sjølv!! Eg har sydd nye gardine på kjøkkenet! Ikkje det at dei var så veldig avanserte, men du verden... EG HAR SYDD DEI!! Eg som ikkje finst flink med hendene i det heile tatt.
Tre panelhøgder måtte til. Fire saumar på kvar gardin. Ikkje den heilt store jobben altså. Mamma kom med symaskina si, slik eg fekk bruke ho. Og det gjekk faktisk steike fint!



Spørs no då, om eg må ønske meg symaskin til bursdag eller jul. Fekk litt blod på tann no når eg såg kor greitt det gjekk å sy, men utstyret må sjølvsagt vere i orden.

Stova fekk også nye gardine til påske. Dei har eg ikkje sydd sjølv, men kjøpt ferdig på Stil og stemning. Tusen takk Kari for at du viste meg dei!

Og tusen takk til det kloke hovudet som kom på å lage panelgardiner! Enkel og grei genistrek!


Endeleg fått inn bilete av gardinene. Ikkje akkurat hokus pokus verken å sy dei eller legge dei på bloggen. Ser det faktisk no at dei kanskje er litt kjedelege og lite kreative likevel??? Jaja, dei får henge til jul tenke eg så blir det vel nye neste år igjen!!!