Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!
Viser innlegg med etiketten Kameraleik. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kameraleik. Vis alle innlegg

onsdag 2. november 2011

Admiralen

Har ikkje vore nye innlegg her på LENGE...har rett og slett ikkje gidda. Men eit lite kjapt eit skal eg vel få til :)

Ein av fineversdagane forrige veke vart enda litt finare. Ein admiralsommarfugl låg på plenen og sola seg. Gjorde seg til for kamera. Dessverre var storekamera uten batteri, men trur kompaktkamera greidde å fange noko av det vakre med denne sommarfuglen.

I bedet står ei rosebusk i full blomst. På plenen blomstrar dei små kvite blomane som veks heile sommaren og i grøftekantane veks fargerike lupinar. I lag med Admiralen og dei flotte temperaturane som har vore, så vert tankane om haust og vinter fortrengde.

mandag 2. mai 2011

Kom mai du skjønne milde...

Utsikt frå hagen vår.
Ein heilt nydeleg 1.mai i går baud til både kortebukse og t-skjorte. Litt kald nordavind var det, men i lune kråer var det skjere sommaren :)

Diverre brukte eg mykje av dagen på varetelling i lag med hornmusikken, men fekk litt sol på ettermiddag.


1.mai for meg er berre ein kjærkomen fridag. Eg er fagorganisert, men ikkje noko meir enn det. Eg er under middels interessert i både politikk og organisasjonsarbeid. Somme ristar kanskje på hovudet no, men eg har so mykje anna eg interesserar meg meir for som eg heller prioriterar.

Men heisar det norske flagget gjer eg!

Me feira svigerfar i går som fylte 68 år den 30.april. Svigermor diska opp med kaker og is. Herlig herlig :) ...sjølvsagt låg kamera igjen heime...


Som i mange andre hagar så er trampolina koma opp. Jentene storkosar seg. Spesielt Sigrid Marie har god nytte og trening med å hoppe. Me har ikkje sikkerheitsnett på trampolina av den enkle grunn at det er øydelagt. Kjem heller ikkje til å kjøpe nytt. Me har klare reglar for bruken, dei har ikkje lov å ha ting og tang oppå medan dei hoppar, og dei skal halde seg på midten slik at dei ikkje trakkar seg ned i fjørene. Eg synest dei kan lære seg til å bruke vett på trampolina, og ikkje stole blindt på at nettet hindrar skade. Ein har ingen garanti for at du ikkje dett på bakken sjølv om du har nett. Det har nemleg eg erfart!




Mary Ann og Astrid Oline flyg høgt over bakken i frydefulle svev :O)

Litt frå vår fyrste mai-dag. Kan vel ikkje verte stort betre enn dette :)

Korleis har dagen dykkar vore?

fredag 18. mars 2011

Giddaløyse å bloggtørke

Eg har vore lite aktiv i det siste ja. Har ikkje hatt ånda til å blogge. Tiltak å opne maskina for å skrive nokre velvalde ord...Ikkje har det skjedd stort heller.

Eller det vil sei...vinterferien som kom og gjekk med mykje besøk frå Bergen.
Me har endeleg byrja på rommet til Astrid Oline. Endeleg skal ho få sleppe det 6 år lange nomadetilværet.
Ei god veninne av meg fekk barn nr 4, gut nr 3 den 20. februar.
Eg har kjøpt nytt objektiv til kamera, 18-55mm.
Har vore mykje på ski, fleire flotte turar i nydeleg ver.
Jobb. Søkt ny jobb fått ja, måtte takke nei pga at eg ikkje fekk permisjon, søkt ny jobb igjen.
Krasja bil...ikkje min feil!!! Vart pårygga av ein stakkar som nett hadde teke lappen.
Tryna på ski, banka kroppen litt. Kjøpte skihjelm etter det...
Feira 30-årsdagen til ei god veninne.

Hmmm...hadde visst skjedd litt av kvart likevel ser eg :)

Hive med nokre bilete frå kameraet etter eg kjøpte nytt objektiv. :)

Her er Milla, dansk-svensk gårdshund, hunden til Inger-Hilde. (systa til Asgeir). SÅNN BOFS VIL EJ ME HA!!

Mini og Maxi kosa seg i snøen. Kjekt når eldste og yngste leika seg så fint i lag. Iste-selskap;)

Eg og pappa på skitur på Barstadheida. Utsikt mot Veirahaldet.

Papsen slikka sol. Kul kis :0)

Strålande vårsol og puddersnø! Kan det verte betre?? Det er herleg å leve sånne dagar!

mandag 17. januar 2011

Nytt kamera

Eg har endeleg kjøpt meg nytt kamera. Eller det vil sei brukt kamera. Ei god veninne av meg skulle selje sitt Canon EOS 30D speilreflekskamera, og eg slo til :)

No har eg hatt det sidan romjula og har leika meg og prøvd å finne ut av funksjonar, dingsar og duppedittar. Det er VELDIG mykje å finne ut av, og eg som ikkje likar bruksanvisningar har måtta bite i det sure eplet og lest...mykje...

Eg er ikkje på langt nær utlærd, og kjem nok aldri til å verte det heller. Men det er kjekt å kunne leike seg med å komponere bilete å vite at resultata nesten alltid vert bra!

Akkurat no låner eg eit objektiv med veninna mi. Det eignar seg best utandørs ettersom det er litt stort, 55-250mm. Er på leit etter eit litt mindre objektiv som gjer at eg kan ta betre bilete innandørs. Men dei er frykteleg dyre! Her hadde lottomillionane kome veldig godt med! :)

Her er eit lite utvalg frå kamera :)










Mykje å lære! Men veldig kjekt :)