I år som i fjor skulle me på campingtur til Sverige. Me hadde lova jentene ein tur til Leksand sommarland ved Siljan med campingvogna til bestefar.
Det vart ikkje campingvogn, men vel ei veke låg me i telt. Me fekk nemleg eit heilt utruleg flott telt i bryllaupsgåve i fjor. Kjempestort og lett å slå opp. Jentene synest det var spanande å ligge i telt, kanskje litt for spanande når det HØLJEregna og torevêret sette i gong...
Første natta leigde me hytte på Bjorli. Me kom oss avgarde litt seint på dag, så fyrste etappe vart kort. Dagen etter fekk me oppleve vår aller fyrste bilsjuke unge...sei ikkje meir om det, anna enn at me frå no alltid har våtserviettar i bilen...
tirsdag 12. juli 2011
Æsj...
Får ikkje til bloggen slik eg vil...
Tek ferie til lysta og den evig fråverande kreativiteten min brått dukkar opp.
Ha ein henrivande sommar, med regn, tore og lyn og det som måtte fylgje med! :)
Tek ferie til lysta og den evig fråverande kreativiteten min brått dukkar opp.
Ha ein henrivande sommar, med regn, tore og lyn og det som måtte fylgje med! :)
tirsdag 26. april 2011
Påskeferien over for i år
Astrid Oline var veldig spent, og grugledde seg. Ho skulle ligge nede aleine for fyrste gong, sidan Mary Ann var på påsketur.
Då ho kom seg i seng vart ho veldig trist og sa, "ej vil egentli ikkje ha nytt rom". Stakkars jenta mi! Det reiv i mammahjertet då. Ho har alltid måtta dele rom med systrene, og alltid hatt nokon i lag med seg om natta, klart det vart skummelt å plutselig skulle sove aleine. Forstod ho godt eg...
Mary Ann var på skitur på Strynefjellet i helga. Pappa hadde leigt Kvitberghytta som ligg på andre sida av fjellet for Danskehytta. Der isfiska dei, laga skihopp, krangla med lemen og kosa seg i strålande sol. Ekte påsketur med andre ord.
No ser eg fram til meir vår, sol og sommar. Om tre veker er det konfirmasjon her på garden, då skal Anders stå for presten:) Må vel til å sjekke ut om alt av bunadar og skjorter passar;)
Det var litt frå påska vår. Korleis har du hatt det? :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)