Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

mandag 21. mars 2011

Sydentur...?

(bilde lånt frå ving.no)
Sitte på nett for leite etter DET tilbodet som gjer at eg endeleg kan bestille sydentur til sommaren.

Må sei eg er ikkje imponert over verken utval eller prisar frå Ålesund... Få destinasjonar og høge prisar gjer det litt vanskeleg for meg å velje Ålesund. Har eigentleg bestemt meg, sånn halvvegs, for å reise frå Oslo. Me må køyre i 6 timar, og me må betale for å parkere bil(det må me på Vigra også), men me får betre utval i reiser og betre prisar.

Akkurat no ser det ut for at det vert å reise til Bulgaria med Ving. Hellas er eit alternativ dersom eg finn rette staden. Har vore på Kreta og Lefkas tidlegare. Hellas har god mat og flotte strender, men Bulgaria ser veldig bra ut.

Astrid Oline er i allefall heilt klar til sydentur. Ho gret sine modige tårer på laurdag då besta og besti reiste til Gran Canaria. Ho VILLE vere med. :)

Når eg ser ut på ver og føre.....ingenting fristar meir enn å røme til varmare strok!

4 kommentarer:

  1. Veit fleire reiser frå Molde også. Kanskje du har sjekka det ut allereie. Berre eit tips så ein slepp å kjøre heilt til tigerstaden:)

    SvarSlett
  2. Ja sydentur hadde vore godt no - om sommaren vil eg kanskje helst vere heime og så heller ta sydenturen som eit avbrekk på vinteren. Men vi skal ha tur på hurtigruta i 11 dager i påska så.....spørst om det blir noke sydentur på oss i år.
    Elles so e det berre å hoppe på for oss som bor 40 minutt med bil frå gardemoen:-)))

    jannetove

    SvarSlett
  3. Sydentur høres supert ut, både no og til sommaren! Håpe vi kan fare neste sommar kanskje.. :)

    Lykke til i leitinga, håpe du kjeme over tilbude som passa dej! :)

    SvarSlett
  4. Far til Hellas > Kefalonia > Lassi attme mej å ne mamma :D

    Forresten, ej å ei anna ei he laga oss fanblog, åsso lure vi på en ting, korleis vi fe teksta større på bloggen??

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)