Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

mandag 13. september 2010

Jentetur til Bergen!

Tirsdag sette eg og systra oss i bilen og reiste til Bergen. Målet var show med Lisa Williams i Grieghallen tirsdagskvelden.

Billettane var bestilt og kjøpte for lenge sidan, og me hadde gleda oss lenge.

Lisa Williams er eit kjend medium og healer, og kan angiveleg kommunisere med døde som ikkje har "gått over til andre sida".

Ein kan velje å tru på at det faktisk finst noko etter døden, og ein kan la vere å tru. Det er i allefall utruleg facinerande å vere tilstades på eit sånt show. Fleire av dei i salen fekk ei so kalla "reading". Etter reaksjonane å dømme var det ikkje avtalt spel på nokon måte.

Sjølve fekk me ikkje "kontakt". Og kanskje var det like greitt? Sjølv om det var ei oppleving av dei sjeldne, vart det for mykje show av heile seansen. Fleire hundre personar i salen som sit forventingsfulle og spente. Det er klart at ikkje alle får same opplevinga (sjølv om me sat på tredje rad hjalp det lite på kontakta;) ).

Onsdagen brukte me til å spasere i Bergen by. Ein tur innom Hansabryggen, der dei gamle husa står som dei alltid har gjort. Skakke, skeive, mottetne og vanvittig spesielle! Heilt fantastisk å kunne vandre rundt inni smug og gamle bygningar. Ei stor oppleving for meg som elskar gamle hus og middelalderhistorie!

Onsdagskvelden var me barnevakt for eit par som var på LW-show. Då er mating av fuglane i Lille Lungårdsvann obligatorisk. Me var fantastisk heldige med veret, og hadde strålande sol frå me kom til me reiste heim.

Deilig sommartemperatur lokka oss til ei utepils på Bryggen. Det er ikkje ofte ein har anledning til!

Ein tur på Fløien fekk me også, ein flott septemberkveld.

Så var det på tide å reise heim. Etter ein tur på Ikea fyrst, soklart!!
Med ein liten Golf som framkomstmiddel, måtte det ein del logistikk til for å få plass til alt på veg heim...med lirk og lempe so går det meste!!
Gler meg til neste jentetur!!

2 kommentarer:

  1. Herlig med jentetur! :D Virka som de ha det knakandes artig, trass kontaktmangel ;) og heldige som fekk ein smakebit av vakre Bergen. Savna Bergen av og til.. Klem

    SvarSlett
  2. Folle bil sa du? Synst ikkje den va so folle ej... Vi he hatt last opp til taket, so DET ;)

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)