Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

tirsdag 23. november 2010

Han vart ferdig før neste vinter-OL!!


Eg starta på ein OL-genser i vinter. Sist eg fekk meg heimestrikka genser var i 1993...den brukar eg enda...

Strikkinga starta eg med godt mot, og på fleire nattevakter sat eg med stive auger å strikka.

Det gjekk i grått...men så kunne eg endeleg byrje på mønstra. Den vart fole stramme og eg heiv frå meg heile prosjektet.

Så har det seg slik at eg har verdas beste svigermor, og med litt hjelp så SVOSJ og SVISJ og VIPS så fekk eg meg ny genser til vinteren! Herlig herlig!

Her er då resultatet, med eigenkomponert fargesamansetning. DEILIG!!!

4 kommentarer:

  1. Den var kjempefin. Eg fekk strikka same sort til kjæresten til bursdagen hans no i september. Altfor stort arbeid for meg så eg fekk ein superstrikkedame til å gjere det for meg:-))

    jannetove

    SvarSlett
  2. For ein flott gensar, Asbjørg!! :) Den vert nok mykje brukt, håper den held like godt som den gode gamle. Takk for kommentar, den var også varm og god ;) God bedring! Er litt pjusk sjølv enno, men me er nok klar til helga både du og eg, skal du sjå ;) klem

    SvarSlett
  3. Den va jo kjempefin den Asbjørg :)
    Missunne alle som strikka:)

    Tenkte eg skulle berre seie det at du har ein drivandes kokk og bakar i familien din:) midtimellom jenta di er berre superflink når det gjelder baking , sto på som berre det idag når vi laga julemanna:) Hjalp dei som trengte hjelp og sto på:)

    Nelly-Kristin

    SvarSlett
  4. Kor fin den va! Tanta mi helde på å strikke til Abel Elias, venta fortsatt på den (den vart også begynt på i fjor vinter..). Håpe å få den snart ;)

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)