Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

tirsdag 7. desember 2010

Tid for julekort...


Mary Ann gjekk seg frampå dette hjartet i snøen då me vassa i skogen for å finne juletre. Flott motiv for julekort :)

Eg har nysst lagt bak meg siste arbeidshelga dette året!! HÆRRLI!! Tre nattevakter på rad innbyd ikkje til meir enn soving, eting og jobb. Blir veldig asos av å gå so mange netter, men no er det snart juleferie! Har tre netter igjen før Nevrohjemmet stenger likkjejulafta, so då har eg fri heile jula, og det er himmelsk :)

Skulle lagt ved bilete av adventsstemninga i heimen...men akkurat no egnar ikkje huset seg på trykk ;) Til helga kanskje??
Me var å kika etter juletre i skogen ova i huset. Det vart julekortbilete også. Bileta er tekne med mobilen som faktisk tek betre bilete enn kameraet vårt!


1.desember hadde alle tre jentene fri. Då pakka me i bilen og køyrde til Hovdevatnet for å prøve skeissene. Det var kjempeflotte forhold, men det var frykteleg kaldt. Heldigvis hadde me med oss kakao og ullteppe og det hjalp veldig :)
Kjekt at me får sånne høve til å prøve andre vintersportar enn ski!

3 kommentarer:

  1. Flotte jenter du har - de må kose dokke no i førjulstida:-)

    Janne tove

    SvarSlett
  2. Nydelege jenter, og kjekke aktivitetar. Heldige du som er ferdig med jobbinga før jul. Vel fortent fri, kos deg masse! Og takk for tilbakemeldingane hjå oss, du er god du ;) Klem

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)