Bildet mitt
Dette er oss: Asbjørg, Asgeir og dei tre jentene våra, Mary Ann, Astrid Oline og Sigrid Marie. Bloggen tek deg med på ei lita reise i vår kvardag der natur, musikk, handarbeid og gode opplevingar er viktige for oss. Håpar at du som les vert inspirert, glad, rørt, og ikkje minst vil trivast her inne på bloggen. Det er veldig kjekt om nettopp du legg igjen ei lita helsing til oss :-) KOS DEG!

søndag 26. desember 2010

Jul på Hondetuå

Me feira jul heime i år og. Svigermor og svigerfar kom til middag og var her medan ungane opna gåvene sine, og me hadde ei koseleg feiring. :)
Årets julebord :)

Tradisjonen tru skulle me ete graut i ett-tida. Me kokte han heime, pakka i sekken og gjekk til skogs. Asgeir hadde vore i gapahuken å fyrt opp bål slik at der var trakka spor og gjort koseleg.


Der var ingen nisse å sjå, men tre ungar fulle av forventningar om kva kvelden kunne bringe.

Grauten smakte veldig godt, og julestemninga var på topp! Betre julevêr kan ein ikkje finne!



Årets julegåve! Har ønska meg eit massasjetrekk til å ha i stolen. Med Shiatsumassasje og rullande massasje i ulike program. DEILI!

Ønsker alle lesarane ei fortsatt god jul! :)

1 kommentar:

  1. Hærlig at dokke gjekk opp i gapahuken for å ete graut. Tenk kor kjekt for ongane å ha et sånt minne for seinare.- Utruleg dyktige dokke e alså!
    Ha ei fortsatt god jul på Hondetuå, so snakkast me nok snart;-)

    SvarSlett

Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)