Etter fem år i huset vårt har eg fått ei byge av oppussingstrong. Eg har ein tendens til å lage meg meir arbeid enn strengt tatt naudsynt, men eg tenkte at å male oppatt barnerommet skulle vere grei skuring.
Då me flytta inn ville Mary Ann ha rosa rom...å mora tenkte at det skal ho jammen få.
Fargen kom på veggen, og var så skrikande at eg var nøydd å dempe han med kvite skyer og svamping med kvitfarge... Etter kvart falma fargen, og såg noko gresen ut. Eg hadde bestemt meg for at eg skulle gjere noko med rommet i sommar. Men så var det den tiltakslysta då...
Men no er det gjort! Vekk er rosafargen og dei mørkeblå gardinene. Eg kan vel skryte av å ha gjort stort sett alt sjølv. Fekk litt hjelp til å maskere listene. Sabla møkkajobb!!
Her har dykk litt før og etter bilete. Ikkje so lett å sjå, men sikkert bra nok :)
Har ikkje fått opp så mykje bilete enda. Kjem etter kvart. Skal til Bergen og Ikea neste veke, so då skal det kjøpast litt forskjelligt tenkji ;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Kor kjekt at du legge igjen ei helsing! :-)